Krafta til fantasien

Kultur, vitskap og teknologi er berre mogleg fordi vi kan fantasere.

Accessibility icon Krafta til fantasien

Kva er fantasi?

Kan du sjå for deg ein lilla drake som køyrer trehjulssykkel? Ingen andre dyr på jorda kan sjå for seg noko slikt. Inni hovudet ditt kan du dele opp bilete av ting du har sett før, og setje saman bitane til noko heilt nytt. Set saman ei øgle og ein fugl, og vips så har du ein drake. Tenk på fargen til ein lilla blomst, så kan du farge draken. Dette er berre mogleg fordi vi kan fantasere. Men vi har ikkje alltid hatt denne evna.

Forskjellige dyr samlet i en kollasj

Menneskehjernen har vakse

Då menneske vandra ut av Afrika for rundt 100 000 år sidan, brukte dei framleis dei same enkle verktøya som forfedrane sine. Det skulle ta endå 60 000 år før fantasien til mennesket begynte å utvikle seg i raskt tempo. Det som skjedde i mellomtida, var at hjernen til mennesket hadde vakse seg større. Områda i hjernen som styrer språk og tolking av det ein ser, begynte å jobbe saman. Forskarar trur at det var dette som førte til at vi utvikla fantasien vår.

Ung kvinne flyr
Ung kvinne flyr

Kva skjer eigentleg når vi brukar fantasien?

Kvar gong vi ser ein sykkel, blir bestemte celler i hjernen aktivert, og hjernen lærer å kjenne igjen dette som ein sykkel. For å hente fram bildet av ein sykkel, aktiverer hjernen dei same cellene.

I tillegg til å hugse ting vi har sett, kan vi bruke gamle celler saman for å skape noko heilt nytt. For å gjere dette, låner vi frå måten vi bruker språket vårt på.

Andre dyr har òg språk, men det er litt annleis enn vårt. Dei fleste dyr «snakkar» om ei heil hending samtidig – litt som å hente fram bildet av ein sykkel. Vi set derimot saman språket vårt av setningar og ord – bitar som vi kan stokke om på og setje saman på ulike måtar.

Dette blir kalla syntaktisk språk. Det er bruken av syntaktisk språk saman med bilda vi lagrar i hjernen, som gjer det mogleg å ha fantasi.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Liten jente leker pilot i en pappeske
Liten jente leker pilot i en pappeske

Kople ulike ideer saman

Fantasien vår om ein lilla drake som køyrer trehjulssykkel, treng at vi knyter saman ulike lagra idear. Signala frå dei ulike delane av hjernen må òg nå fram samtidig, og det krev litt samkøyring. Dette skjer med hjelp av noko ein kallar nervefibrar som koplar saman bakhovudlappen og pannelappen.

Høyre og venstre hjernehalvdel
Høyre og venstre hjernehalvdel

Viktig at barn bruker fantasien sin

Nervefibrane har eit lag med feitt utanpå, som blir kalla myelin. Det skil nerven frå omgivnadene, omtrent som plasten utanpå ei straumleidning. Jo tjukkare dette laget er, dess fortare går nervesignalet. Hjernen tilpassar laget på dei ulike nervane slik at signala skal gå i rett fart. Dette skjer i barndommen, når hjernen vår er mest i utvikling. Medan vi er unge, blir det òg forma koplingar mellom dei ulike delane av hjernen. Derfor er det viktig at barn får brukt fantasien sin.

Ung gutt stående på senga med romrakett og leke pistol
Ung gutt stående på senga med romrakett og leke pistol

Kjelder:

  • Menneskets historie Junior (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. TED-Ed Youtube