Algoritmar avgjer kva du les

Korleis trur du det er mogleg at tenester som YouTube og Facebook klarer å servere deg akkurat det du er interessert i igjen og igjen? Og korleis kan det ha seg at Google gir deg andre søkeresultat enn dei vennene dine får når de søkjer på akkurat dei same orda?

Svaret er algoritmar. Bak slike tenester finst det nemleg avanserte matematiske formlar som med hjelp av organisering av store mengder data, klarer å leite seg fram til dei videoane og innlegga som kan passe for akkurat deg.

Mann sitter å googler
Mann sitter å googler

Algoritmar er som reknestykke

Ein algoritme er i utgangspunktet berre ei nøyaktig oppskrift på korleis ei oppgåve skal løysast. Alt frå reglane for korleis ein deler eit tal på eit anna til korleis ein reknar ut skatt, er altså døme på algoritmar.

På same måten er eit dataprogram eigentleg berre ein algoritme, skriven på eit språk datamaskinar kan forstå.

Regnestykker på et ark
Regnestykker på et ark
DØme

Korleis  opnar ein ei dør?

For oss menneske er det ganske enkelt å opne ei dør. Men viss ein robot skulle gjort det, treng han ei oppskrift – ein algoritme – for korleis døra skal opnast:

    1. Gå bort til døra.
    2. Ta tak i dørhandtaket.
    3. Skyv handtaket ned.
    4. Trekk døra mot deg.

Men ikkje alle dører kan opnast i vår retning, og det er mykje anna som kan kome i vegen også – derfor krev algoritmane som regel mange fleire kodelinjer som tek høgd for ulike moglegheiter.

Åpen dør slipper inn lys
Åpen dør slipper inn lys

Korleis dei blir brukte på nettet

Ulike tenester på nettet gjer bruk av avanserte algoritmar som er utvikla spesielt for å sikre at du får sjå akkurat det innhaldet du er interessert i.

Det gjeld altså anten vi snakkar om søkjemotorar som Google, sosiale medium som Facebook, Instagram, TikTok og Snapchat, eller strøymetenester som Netflix, YouTube og Twitch.

Eit tydelig døme på korleis dette fungerer, ser vi på YouTube. Du har sikkert lagt merke til at framsida di alltid er annleis enn framsidene til vennene dine. Det er fordi YouTube bruker algoritmar til å gje deg anbefalingar baserte på det du har sett på tidlegare. Har du til dømes sett på Dennis Vareide som speler Minecraft, så blir du sikkert anbefalt å sjå videoane til andre som spelar Minecraft også.

Facebook vel også ut innhald basert på informasjon dei samlar inn om deg, og dei hentar informasjon på mange ulike måtar. Dei ser til dømes på:

  • Kva du har klikka på tidlegare
  • Kva du har «likt» og delt
  • Kva for eit innhald du bruker mest tid på
  • Andre nettstader du besøkjer, og kva du gjer der
  • Kva slags innhald vennene dine er opptekne av
  • Kva andre som er opptekne av det same som deg, har klikka på, «likt» og delt

På same måten sorterer også Google søkjeresultat baserte på kva du har vore interessert i før, i tillegg til kvar du bur, kor gammal du er og så vidare.

Dataa blir altså samla inn både direkte via tenestene, og indirekte via informasjonskapslar og andre liknande teknikkar som er i bruk andre stader på nettet. Algoritmane bruker desse dataa til å sortere innhald etter kor relevant det verkar for deg.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Held deg engasjert

At ulike tenester på nettet blir meir engasjerande og relevante med hjelp av algoritmar, kan kanskje verke positivt for oss brukarane, men mest positivt kan det kanskje likevel seiast å vere for tenestene sjølve. Når du held fram med å sjå på innhaldet, held nemleg desse sidene på merksemda di. Så lenge dei held på merksemda di og får deg til å sjå meir, tener dei også meir pengar.

Vi må hugse på at mange av desse tenestene tener pengar på reklame,  og di meir reklame dei får deg til å sjå, di meir pengar tener dei.

Dette gjeld ikkje på same måten for tenester som Netflix og Spotify, der ein betaler for eit abonnement i staden for å sjå reklame, men algoritmane kan også der bidra til å styre vala dine og få deg til å sjå og lytte meir.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gjeng står sammen med mobilene sine i hendene
En gjeng står sammen med mobilene sine i hendene

Algoritmestyrt reklame

I tillegg er også sjølve reklamen algoritmestyrt. Det vil seie at Facebook, Google og andre selskap som spesialiserer seg på denne typen datainnsamling og -behandling, byggjer opp ein anonym profil om deg, både basert på aktiviteten din på sosiale medium og på det du gjer andre stader på nettet.

Denne profilen bruker dei til å servere deg akkurat den reklamen det er mest sannsynleg at du er interessert i. På den måten aukar sjansen for at du skal bli overtydd om å kjøpe noko, og det gjer igjen at verdien på merksemda di aukar for annonsørane.

Dame drikker kaffe og ser på mobilen
Dame drikker kaffe og ser på mobilen

Problem med algoritmane

I og med at algoritmane gir deg meir av det du allereie liker og er oppteken av, så kan det også bidra til at nyheitsbiletet du får sjå, blir begrensa til bestemte tema, vinklingar og perspektiv.

Mann i fjøset med en i pad som viser bilder av kuer
Mann i fjøset med en i pad som viser bilder av kuer

Filterbobler og ekkokammer

Dermed risikerer du å bli sitjande fast i ei såkalt «filterboble», der du berre får sjå nyheiter som bekreftar det du allereie meiner. Slike bobler kan i tillegg pregast av falske nyheiter, fordi dette er innhald som skaper mykje engasjement og som algoritmane dermed går ut frå at folk ønsker å sjå meir av.

Dette kan også bidra til at det oppstår såkalte ekkokammer, der folk med dei same meiningane berre ser kvarandre sine idear og oppfatningar. Dette kan føre til ei forsterking av desse meiningane innanfor gruppa, mens avstanden til andre grupper aukar.  Dette kallar vi polarisering.

Gutt med avis der det står Fake news
Gutt med avis der det står Fake news

Utnytting av algoritmane

Dei som lagar falske nyheiter og dei som elles ønskjer å påverke folk sine meiningar på ulike måtar, kan utnytte korleis algoritmane fungerer til å treffe flest mogleg med bodskapen sin.

Dette har til dømes skjedd i samband med politiske val, og i samband med desinformasjon om koronapandemien.

Mobil med Fake News
Mobil med Fake News

Mister mangfaldet

Algoritmane gjer altså at du risikerer å gå glipp av eit mangfald av idear og inntrykk som blir valde bort til fordel for det du allereie er interessert i.

Og det gjeld ikkje berre på sosiale medium, men også på strøymetenester som Netflix og Spotify, der framsida først og framst er fylt av innhald som liknar det du allereie har sett og høyrt på.

Mange forskjellige ansikter satt sammen
Mange forskjellige ansikter satt sammen

Kva må ein tenkje på?

Det finst altså fleire grunnar til at det er viktig å vere klar over korleis algoritmane fungerer, og det er nokre ting det kan vere lurt å tenkje på når ein bruker sosiale medium og internett generelt.

På sosiale medium bør ein vere kritisk til alt ein les og ser, og ein bør forsikre seg om at informasjonen i innlegg faktisk stemmer, før ein deler dei vidare.

Det er også lurt å tenkje over korleis algoritmar kan velje bort det allsidige innhaldet til fordel for det du allereie er interessert i og einig med. Viss du er bevisst på dette, blir det lettare å finne andre inntrykk og idear som du elles ville gått glipp av.

Alle dei personlege dataa som blir samla inn om deg, kan også vere eit problem i seg sjølv. Sjølv om informasjonen i utgangspunktet er anonymisert, kan han likevel misbrukast av folk med vonde hensikter, og det kan vere grunn nok til å prøve å begrense mengda med data som kan samlast inn.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En mobil med ikoner for sosiale medier
En mobil med ikoner for sosiale medier

Kjelder:

  • Hovde, Kjell-Olav; Grønmo, Sigmund: algoritme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 31. mai 2021 frå https://snl.no/algoritme

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images