Algoritmar avgjer kva du les

Korleis trur du YouTube får til å vise deg akkurat det du er interessert i? Og korleis kan det ha seg at Google gir deg andre søkjeresultat enn dei vennene dine får, når de søkjer på akkurat det same?

Svaret er algoritmar. Dette er avanserte reknestykke som klarer å leite seg fram til dei videoane og søkjeresultata som kan passe for akkurat deg.

Mann sitter å googler
Mann sitter å googler

Algoritmar er som reknestykke

Ein algoritme er eigentleg berre ei oppskrift på korleis ei oppgåve skal løysast. Regelen for korleis ein deler eit tal med eit anna, er altså eit døme på ein algoritme.

På same måten er eit dataprogram eigentleg berre ein algoritme, skriven på eit språk datamaskinar kan forstå.

Regnestykker på et ark
Regnestykker på et ark
døme

Korleis  opnar ein ei dør?

For oss menneske er det ganske enkelt å opne ei dør. Men viss ein robot skulle ha gjort det, treng han ei oppskrift – ein algoritme – for korleis døra skal opnast:

    1. Gå bort til døra.
    2. Ta tak i dørhandtaket.
    3. Skyv handtaket ned.
    4. Trekk døra mot deg.

Men ikkje alle dører kan opnast i vår retning, og det er mykje anna som kan kome i vegen også. Derfor treng algoritmane vanlegvis mange fleire kodelinjer som tek høgd for ulike moglegheiter.

Åpen dør slipper inn lys
Åpen dør slipper inn lys

Korleis dei blir brukte på nettet

Ulike tenester på nettet bruker algoritmar som er laga for at du skal få sjå akkurat det innhaldet du er interessert i.

Det gjeld altså anten vi snakkar om søkjemotorar som Google, sosiale medium som Facebook, Instagram, TikTok og Snapchat, eller strøymetenester som Netflix, YouTube og Twitch.

Eit godt døme på korleis dette fungerer, ser vi på YouTube. Du har sikkert lagt merke til at framsida di alltid er annleis enn framsidene til vennene dine. Det er fordi YouTube bruker algoritmar til å gi deg anbefalingar. Har du til dømes sett på Dennis Vareide som speler «Minecraft», så blir du sikkert anbefalt å sjå videoane til andre som spelar «Minecraft» også.

Facebook vel også ut innhald basert på informasjon dei samlar inn om deg. Dei ser på:

  • Kva du har klikka på tidlegare
  • Kva du har «likt» og delt
  • Kva for eit innhald du brukier mest tid på
  • Andre nettstader du besøkjer, og kva du gjer der
  • Kva slags innhald vennene dine er opptekne av
  • Kva andre som er opptekne av det same som deg, har klikka på, «likt» og delt

På same måten sorterer også Google søkjetreffa etter kva du har vore interessert i før. I tillegg bruker dei også annan informasjon om deg, som kvar du er, kor gammal du er og så vidare.

Dataa blir samla inn både både direkte via tenestene, og indirekte gjennom sporing av det du gjer andre stader på nettet.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Held deg engasjert

Det kan vere nyttig at du får sjå meir av det innhaldet du liker, men mest nyttig er det likevel for tenestene sjølve. Når du held fram med å sjå og lese meir, betyr det nemleg at dei tener meir pengar.

Vi må hugse på at det er reklame mange av desse tenestene tener pengar på. Di meir reklame du ser, di meir pengar tener dei.

Dette gjeld ikkje på same måten for tenester som Netflix og Spotify. Der betaler ein for eit abonnement i staden for å sjå reklame. Likevel kan algoritmane også der bidra til å styre vala dine og få deg til å sjå og lytte meir.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gjeng står sammen med mobilene sine i hendene
En gjeng står sammen med mobilene sine i hendene

Algoritmestyrt reklame

I tillegg er også sjølve reklamen styrt av algoritmar. Det vil seie at Facebook, Google og andre selskap som samlar inn informasjon om deg, bruker han til å vise deg akkurat den reklamen dei trur du er interessert i. På den måten aukar sjansen for at du vil kjøpe noko.

Dame drikker kaffe og ser på mobilen
Dame drikker kaffe og ser på mobilen

Problem med algoritmane

Sidan algoritmane gir deg meir av det du allereie likar og er opptatt av, så kan det også gjere at nyheitene du får sjå, blir begrensa til bestemte meningar og vinklingar.

Mann i fjøset med en i pad som viser bilder av kuer
Mann i fjøset med en i pad som viser bilder av kuer

Filterbobler og ekkokammer

Dermed kan du bli sitjande fast i ei såkalt filterboble, der du berre får sjå nyheiter som bekreftar det du allereie meiner. Slike bobler kan i tillegg vere prega av falske nyheiter. Det er fordi dette er innhald mange deler og trykkjer «liker» på, og dermed trur algoritmane at folk vil sjå meir av det.

Dette kan også gjere at det oppstår såkalte ekkokammer, der folk med dei same meiningane berre ser kvarandre sine idear og oppfatningar. Dette kan føre til ei forsterking av desse meiningane innanfor gruppa, mens avstanden til andre grupper aukar. Dette kallar vi polarisering.

Gutt med avis der det står Fake news
Gutt med avis der det står Fake news

Utnytting av algoritmane

Dei som lager falske nyheiter og dei som ønskjer å påverke meiningane til folk, kan utnytte korleis algoritmane fungerer til å treffe flest mogleg med bodskapen sin.

Dette har til dømes skjedd i samband med politiske val, og i samband med falsk informasjon om koronapandemien.

Mobil med Fake News
Mobil med Fake News

Alt blir likt

Algoritmane gjer altså at du kan gå glipp av ulike idear som blir valde bort til fordel for det du allereie er interessert i.

Og det gjeld ikkje berre på sosiale medium. På strøymetenester som Netflix og Spotify blir framsida fylt av innhald som liknar det du allereie har sett og høyrt på.

Mange forskjellige ansikter satt sammen
Mange forskjellige ansikter satt sammen

Kva må ein tenkje på?

Det er altså viktig å vere klar over korleis algoritmane verkar. Det er nokre ting det kan vere lurt å tenkje på når ein er på sosiale medium og resten av internett.

På sosiale medium bør ein vere kritisk til alt ein les og ser. Ein bør også vere sikker på at informasjonen i innlegg faktisk stemmer før ein delar innlegga vidare.

Det er også lurt å tenkje over korleis algoritmar kan velje bort innhald, og berre vise deg ting du allereie er interessert i og einig med. Viss du tenkjer på dette, blir det lettare å finne andre inntrykk og idear som du elles ville gått glipp av.

Det er også eit problem at den personlege informasjonen som blir samla inn om oss, kan bli stolen av folk med vonde hensikter. Det kan vere grunn nok til å prøve å begrense mengda med data som kan samlast inn.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En mobil med ikoner for sosiale medier
En mobil med ikoner for sosiale medier

Kjelder:

  • Hovde, Kjell-Olav; Grønmo, Sigmund: algoritme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 31. mai 2021 frå https://snl.no/algoritme

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images