Læreplantilkobling

Fag

Samfunnsfag

Samfunnskunnskap

Core Kjerneelementer

  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Berekraftige samfunn
  • Identitetsutvikling og fellesskap
  • Undring og utforsking
  • Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking
  • Medborgarskap og berekraftig utvikling

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

4. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over kven som har makt, og kva eit demokrati er, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å påverke avgjerder
7. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
7. trinn
Samfunnsfag
  • gi døme på kva lover, reglar og normer er og kva slags funksjon dei har i samfunn, og reflektere over konsekvensar av å bryte dei
10. trinn
Samfunnsfag
  • samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag
10. trinn
Samfunnsfag
  • gjere greie for årsaker til og konsekvensar av sentrale historiske og notidige konfliktar og reflektere over om endringar av nokre føresetnader kunne ha hindra konfliktane
10. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
10. trinn
Samfunnsfag
  • utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd
10. trinn
Samfunnsfag
  • beskrive sentrale lover, reglar og normer og drøfte kva konsekvensar brot på desse kan ha for den enkelte og for samfunnet på kort og lang sikt
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • utforske ei utfordring eller ein konflikt på lokalt, nasjonalt eller globalt nivå og drøfte korleis utfordringa eller konflikten påverkar forskjellige grupper
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • reflektere over kva det inneber å vere medborgar, og samanlikne korleis politiske system er organiserte i forskjellige land og område

Kva er eit statskupp?

Eit statskupp er når den sitjande makta blir fjerna på ein udemokratisk måte eller gjennom revolusjon. Altså når ei gruppe menneske tek over makta utan å følgje reglane.

📷 Måleri av demonstrantar som stormar slottet Palais de Tuileries under den franske revolusjonen i 1848.

Eit statskupp kan skje på mange ulike måtar. I historia har vi hovudsakleg sett ulike former for militærkupp. Eit militærkupp er når nokre leiarar grip den politiske makta med hjelp av hæren i form av vald og truslar.

Statskupp skjer ofte når det er store endringar i eit land. Til dømes etter val eller etter store økonomiske reformer. Resultatet av statskupp blir ofte eit diktatur.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Opptøyer under franske revolusjonen

Diktatur

Diktatur er ei styreform som blir kjenneteikna ved at makta ligg hos nokre få. Diktatur er det motsette av demokrati. I eit diktatur har innbyggjarane liten fridom, og alt blir styrt av leiaren som er diktator. I land som Iran, som har eit islamsk prestestyre, kan du bli drepen eller sett i fengsel viss du rettar kritikk mot regimet.

📷 USAs president Donald Trump er den første amerikanske presidenten til å krysse grensa til Nord-Korea for å møte Kim Jong-un, øvstkommanderande i den totalitære eittpartistaten.

USAs president Donald Trump er første amerikanske presidenten til å krysse grensen til Nord-Korea for å møte øverstkommanderende av den totalitære ettpartistaten, Kim Jong-un.

Statskupp i Chile 1973

Den 11. september 1973 vart den demokratiske regjeringa i Chile utsett for eit militært statskupp. Den demokratisk valde presidenten Salvador Allende døydde under det blodige statskuppet. Kuppet vart leidd av Chiles hærsjef Augusto Pinochet og militærjuntaen hans, med støtte frå amerikansk hald. Ei av årsakene til statskuppet var at dei var usamde i Allendes politikk.

Pinochet sat ved makta heilt fram til 1990. Pinochet er eit typisk døme på ein diktator. Under regimet hans vart drap, overgrep og tortur ein del av den chilenske kvardagen.

📷 Pinochet i ein bilparade i Santiago i høve 9-årsjubileet for statskuppet sitt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Pinochet i en bilparade i Santiago for å feire 9-årsjubileet for hans statskupp.

Vi må ikkje gløyme

I historia har vi sett mange statskupp. Til dømes då Adolf Hitler tok makta i Tyskland i 1933. Dette gjorde han ved å vinne demokratiske val. Men i regjering gjekk han forbi alle andre politiske parti og tok kontroll over hæren og alle statlege institusjonar. Eit land kan med andre ord svært raskt gå frå demokrati til diktatur.

📷 30. januar 1933: Hitler blir hylla som nyutnemnd rikskanslar for Tyskland.

Hitler hylles som Rikskansler

Nesten-kupp i USA

Den 6. januar 2021 samla fleire hundre av Trump-tilhengjarane seg i hovudstaden Washington D.C., rundt kongressbygningen. Dei ville protestere mot den offisielle godkjenninga av Joe Biden som USAs neste president. President Trump, og nokre av tilhengjarane hans, meinte at presidentvalet i november 2020 vart utsett for fusk. Trump hadde i sosiale medium uttrykt at valet var ugyldig og oppmoda folk til å protestere.

Protestane vart svært valdelege, og til slutt braut fleire personar seg inn i kongressbygningen. Kongressen i USA svarer til Stortinget i Noreg. Dette gjorde dei for å tvinge fram ei utsetjing av godkjenninga. Trump bad folk om å dra heim, men han gjentok likevel skuldingane om valfusk i sosiale medium, utan å underbyggje desse med kjelder. Dette var eit skremmande teikn på mistillit til demokratiet.

President Trump fekk mykje merksemd for ikkje å erkjenne valnederlaget, noko som blir sett på som eit viktig ledd i den demokratiske maktoverføringa. Han erkjende omsider valtapet 7. januar 2021, dagen etter storminga av kongressbygningen, og eit statskupp vart tilsynelatande hindra. I forkant av dette hadde fleire av hans eigne stabsmedlemmer og partikollegaer snudd seg mot han. Fleire hadde òg oppmoda visepresident Mike Pence til å få Trump avsett berre to veker før presidentperioden hans var over.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Supernytt 8.1. 2021: Valdrama i USA

Spol fram til 0:43 i filmen for ei oppsummering av storminga av kongressen 6.1.2021.

Korleis kan ein førebyggje statskupp?

For å unngå statskupp må ein styrkje demokratiet. Det er viktig med god informasjon om folket sine rettar og korleis demokratiet fungerer. Dette oppnår ein mellom anna med pressefridom og ved at barn lærer om demokrati på skulen.

Internasjonalt samarbeid og å styrkje menneskerettane vil òg ha stor betydning for eit stødig demokrati. Ved å la FN observere når det er val, sikrar ein at valet blir gjennomført på ein reieleg måte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Tryggingsrådet i FN

I denne filmen kan du sjå kva Tryggingsrådet i FN kan gjere.

 

 

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Ukjent
    3. Ukjent (CC – SA 3.0)
    4. Getty Images
    5. Deutsches Bundesarchiv (CC – SA 3.0 DE)
    6. Getty Images
    7. NRK
    8. Getty Images
    9. FN Sambandet Norge – YouTube