Kva er geografi?
Visste du at det er foreslått å kalle den tida vi lever i nå for Antropocen, som betyr «menneskets tid»? Det er fordi spor etter menneske påverkar jordkloden på linje med dei naturlege prosessane, og spora våre vil vere synlege i kanskje fleire millionar år framover. I geografi prøver vi nettopp å forstå kvifor det ser ut slik akkurat her, og korleis naturen og mennesket gjensidig har påverka kvarandre.
Omgrepet geografi
Ein introduksjon
Geografi er ein vitskap som har røter i oldtida.. Ordet «geografi» kan omsetjast med l «jordbeskriving» ved å analysere opphavet til ordet: «geo» betyr jord, og «grafein» betyr å teikne eller beskrive. Men geografi er mykje meir enn berre kart og beskrivingar.
Geografi handlar om å forstå både dei fysiske systema, som atmosfære, landformer og vatn, og korleis menneskeleg aktivitet påverkar dei. Til dømes, geografar studerer korleis menneske påverkar miljøet gjennom bygging av byar, jordbruk og industri.
Jordkloden med en mørk og en lys side.
Kart over Skandinavia
Jobbar innan geografi
Med ei utdanning i geografi kan du jobbe med forsking om til dømes ras, skredfare og korleis menneske påverkar naturen. Geografar arbeider òg med planlegging og styring på ulike nivå, som lokalt, regionalt, nasjonalt eller internasjonalt. Oppgåvene dine kan inkludere å ta vare på naturen, fremje økonomisk utvikling, lage by- og kommuneplanar, jobbe med bustadpolitikk, eller planleggje transport.
To personer i et kontorlandskap som planlegger et boligområde. Et kart over dette vises på en PC.
Geografi frå ulike synsvinklar
Tenk deg ei strand. Her vil ulike typar geografar sjå på stranda på ulike måtar.
En strand med klart vann og blå himmel på Maldivene.
Naturgeografi
Naturgeografen studerer korleis naturkrefter, både inni og utanfor jorda, har forma stranda.
Strand med sanddyner i solnedgang
Samfunnsgeograf
Samfunnsgeografen ser på korleis menneska på stranda organiserer seg i grupper, og korleis dei samhandlar.
Strand med mange solsenger og palmer i forgrunnen
Vegetasjonsgeograf
Vegetasjonsgeografen fokuserer på plantelivet på stranda og korleis menneske påverkar det.
Gress og strå på en strand på New Zealand
Regionalgeograf
Regionalgeografen ser på korleis menneske er spreidde over ei strand, og hen prøver å finne mønster og endringar over tid.
Nokre andre interessante ting å leggje merke er kvifor folk grupperer seg som dei gjer, og kva som påverkar det. Dette kan variere frå stad til stad i verda. Har du lagt merke til at på norske strender ligg folk ofte langt frå kvarandre, medan dei ligg tettare i Italia eller Brasil.
En strand med mennesker sett ovenifra
Kva er stader og område?
Stader kan vere svært ulike kvarandre, sjølv om dei har same gateadressa. Dette kjem av at stader har sine eigne unike karaktertrekk som natur, kultur og sosiale relasjonar. Område og regionar er større område som har noko til felles, anten det er fysiske eigenskapar som ørkenar eller menneskelege eigenskapar som handelssenter.
Deler av jordkloden som også har tegnet inn bredde- og lengdegrader
Kva er områder og regionar?
Område og regionar handler om forskjellige stader på jorda. Det kan vere ein bydel som Chinatown, fjell, sjøar og mykje meir. Eit område eller ein region er eit spesielt område som har noko til felles med andre stader. Nokre gongar er likskapen basert på korleis staden ser ut, som ørkenar eller regnskogar. Andre gongar handler det om kva folk gjer der, som handel, industri eller kvar dei bur. Nokre område har både ting frå naturen og menneske som gjer dei spesielle. Enkelte område er avgrensa av både fysiske og menneskelege kjenneteikn.
En elv som renner gjennom den Brasilianske regnskogen sett ovenifra
Fysiske system
Fysiske system i geografi handlar om naturen, som lufta rundt oss, fjella, vatnet og slike ting. Geografar prøver å forstå korleis desse tinga forandrar seg på ulike stader og over tid. Dei vil ikkje berre seie korleis ting ser ut, men også kvifor dei fungerer slik dei gjer. Til dømes, kvifor kan to stader ha same klimaet, men likevel sjå veldig ulike ut?
En rolig fjord mot en blå himmel i en dal i Sogndal
Menneskeleg påverknad
Geografi handlar om å forstå korleis naturen fungerer og korleis menneske påverkar han. Vi ser på ting som atmosfære, landformer, vatn, og korleis desse endrar seg frå stad til stad og over tid. Menneske endrar òg naturen ved å byggje byar og dyrke jorda.
Mennesker på vei til og fra jobb i et bybildet med høyhus
Miljø og samfunn
Geografar er òg opptekne av miljømessige og samfunnsmessige spørsmål. Vi menneske endrar naturen rundt oss ved å byggje, forureine og påverke klimaet. Dette fører til utfordringar som vi må takle, til dømes klimaendringar og forureining.
En traktor sprøyter insektsmiddel i åkeren
Trivsel og livskvalitet
Kvar vi bur, påverkar korleis vi har det. Trivsel handlar om naturen rundt oss, opplevingane våre og dei sosiale relasjonane våre. Nokre liker vakker natur, medan andre vil ha eit urbant miljø med mange aktivitetar og tenester. Samtidig speler dei sosiale nettverka våre ei viktig rolle for trivselen vår.
Et barn blåser bobler ut av et vindu på et rødt lekehus
Ulike ynskjer
Nokre liker å bu på stader med vakker natur eller flotte bygningar. Andre føretrekkjer stader som har alt dei treng, som gode skular, fine idrettsanlegg, masse kulturaktivitetar, tilgang til helsehjelp, eller mange butikkar og restaurantar. Nokre vil trivast best der folk kjenner kvarandre godt, medan andre vil like å vere meir anonyme. Nokre føler ei spesiell tilknyting til stader dei voks opp, så dei flyttar tilbake etter å ha budd andre stader.
Kva synest du gjer ein stad bra å bu på?
Middelalderstrøk og Mariakirken i Krakow opplyst på kvelden
Jente går ned en trapp i en by med et skateboard under armen
Kjelder:
- Store norske leksikon (2005 – 2007): geografi i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 25. oktober 2023 fra https://snl.no/geografi
- Rugstad, Audun; Brøgger, Anton: biologi i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 25. oktober 2023 fra https://snl.no/biologi
- Semb-Johansson, Arne; Hjermann, Dag Øystein; Ratikainen, Irja Ida: økologi i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 25. oktober 2023 fra https://snl.no/%C3%B8kologi
- Åbro, Arnold; Støp-Bowitz, Carl: zoologi i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 25. oktober 2023 fra https://snl.no/zoologi
- Nilssen, Unni; Sivle, Anders Doksæter; Nielsen, Ole: meteorologi i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 25. oktober 2023 fra https://snl.no/meteorologi
- Schackt, Jon: antropologi i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 25. oktober 2023 fra https://snl.no/antropologi
- Skirbekk, Sigurd; Kjølsrød, Lise; Tjora, Aksel: sosiologi i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 25. oktober 2023 fra https://snl.no/sosiologi
- Berg, Ole T.; Thorsen, Dag Einar: statsvitenskap i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 25. oktober 2023 fra https://snl.no/statsvitenskap
- Wikipedia (25.10.2023): Jordskjelvet og tsunamien i Indiahavet 2004
https://no.wikipedia.org/wiki/Jordskjelvet_og_tsunamien_i_Indiahavet_2004
- Open edition (25.10.2023): Models in geography? A sense to research
https://journals.openedition.org/cybergeo/4288?lang=en
- WorldCat (25.10.2023): A modern synthesis
https://www.worldcat.org/title/402230
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Google maps
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-