Kva er geografi?

Visste du at det er foreslått å kalle den tida vi lever i nå for Antropocen, som betyr «menneskets tid»? Det er fordi spor etter menneske påverkar jordkloden på linje med dei naturlege prosessane, og spora våre vil vere synlege i kanskje fleire millionar år framover. I geografi prøver vi nettopp å forstå kvifor det ser ut slik akkurat her, og korleis naturen og mennesket gjensidig har påverka kvarandre.

Accessibility icon Kva er geografi?

Omgrepet geografi

Ein introduksjon

Omgrepet geografi kjenner vi heilt frå oldtida, og sjølve ordet kan vi forstå som «jordbeskriving». Omgrepet er sett saman av geo – jord, og grafein – teikne eller beskrive.

Geografi handlar om å namngi byar, stader, land og andre geografiske stader – som å kunne byane i Belgia. Men geografi handlar også om å beskrive og analysere fenomen på jordoverflata, og særleg sjå på forskjellar frå område til område. Geografar studerer også korleis menneske påverkar miljøet gjennom aktiviteten sin.

Jordkloden med en mørk og en lys side.
Jordkloden med en mørk og en lys side.

Geografi er meir enn berre kart

Geografi er ein brubyggjar mellom natur- og samfunnsvitskap. For å arbeide med geografi blir det kravd at du har kunnskap om mange andre område også, som til dømes biologi, meteorologi, historie, økonomi, antropologi (studiet av menneske), arkitektur, sosiologi og statsvitskap.

Men det er nokre forskjellar. Til dømes vil geografien sjå på vegetasjon i eit område, ikkje på den enkelte plantearten. Det handlar om å sjå korleis gjennomsnittsveret pregar eit område, ikkje vermeldinga dei nærmaste dagane. Geografien har ikkje fokus på korleis beslutningsprosessar går føre seg og korleis makt blir utøvd, men ser på korleis styreformer og maktfordeling varierer mellom land.

I geografi vil derfor spørsmålet: «Kvifor er Oslo hovudstaden i Noreg?» vere mykje meir aktuelt enn spørsmålet: «Kva heiter den norske hovudstaden?».

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kart over Skandinavia
Kart over Skandinavia

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!