Kva gjer oss menneskelege?

Desse 10 ideane endra menneskets utvikling radikalt. Utan dei hadde vi ikkje vore dei same.

Accessibility icon Kva gjer oss menneskelege?

Historieforteljing  

Det er fint å kunne fortelje historier. Då kan vi snakke om det vi har opplevd. Vi kan fortelje om kjensler og idear. Historier gjer at vi gjerne vil vere saman. Vi lærer noko nytt når vi høyrer på dei. Historier gjer at vi kan forstå fortida, og tenkje på korleis framtida kan bli.

Forteljingar finst overalt. Dei kan vere måla på veggar i holer. Dei kan vere hogne inn i gamle steintavler. Dei kan forteljast på mange måtar, til dømes som song og dans. Det kan ikkje andre dyr gjere. Menneska kan dele opp tankane i ord. Orda kan flyttast rundt og setjast saman til noko nytt. Apar kan lære teiknspråk, men dei kan ikkje fortelje historier.

Ein sjimpanse som heitte Nim, klarte berre å seie: «Gje appelsin meg gje ete appelsin meg ete appelsin gje meg ete du». Menneska kan fortelje historier. Det kan ikkje dyra.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Musikk  

Vi menneske har hatt musikkinstrument så lenge vi har levd. Kroppen vår er også eit instrument! Stemmebanda våre er nesten som strengane på ein gitar. Vi kan bruke halsen, hovudet og brystet til å lage lyd. Det er nesten som ei gitarkasse.

Mennesket har laga fine instrument i mange år. Musikk gjer også noko fint med oss.  Vi vil vere saman med andre, og vi vil fortelje historier til kvarandre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tenåringsjente med øretelefoner
Tenåringsjente med øretelefoner

Matlaging  

Menneska begynte å lage mat med flammar for fleire hundre tusen år sidan. Då endra historia seg. I Sør-Afrika har vi funne ein million år gammal oske. I Israel er det ei veldig gammal grop med oske. Gropa inneheld også små beinbitar.

Då vi begynte å varme maten vår, vart det lettare å ete. Varmen gjer at maten gjev kroppen meir energi. Varmen drep også bakteriar, så vi ikkje blir sjuke. Mat som eigentleg er giftig, kan etast når han blir oppvarma. Maten held seg også lenger når han er varma opp.

Mat som er bra for kroppen, gav mennesket større hjerne og betre tid til å finne ut av ting. Etter kvart vart mat også noko ein kunne kose seg med. Menneske sat rundt bålet, og maten gjorde at vi hadde det fint saman.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Dame som holder en hamburger
Dame som holder en hamburger

Handel med pengar

Menneske  gjer noko ingen andre gjer i naturen. Vi bruker pengar. Pengar gjer at vi kan kjøpe og selje ting på ein trygg måte.

Før i tida bytte menneske dyr og korn, i staden for pengar. Men dyr og korn rotna, og då var dei ikkje verdt noko. Derfor begynte menneske å lage pengar av metall og papir i staden. Det er det mange som bruker enno.

Dame som betaler med kontanter
Dame som betaler med kontanter

Utforskar verda  

Mennesket lurer på mykje. For mange år sidan reiste forfedrane våre ut av Afrika. Dei hadde blant anna med seg farlege våpen. Dei reiste rundt Indiahavet heile vegen til Asia og Australia. Nokre drog til Europa, og nokre kom til Amerika. Dei laga både hjulet og kompasset, og dei tamde esel og hestar. Etter kvart kunne vi også køyre langt med båt og med tog. Vi fann også opp bilar, fly og romskip. Romskipa kunne ta oss heilt ut i verdsrommet.

Thor Heyerdahl var ein mann som likte eventyr. Han sigla veldig langt i ein flåte han hadde laga sjølv. Han ville vise at folk i gamle dagar kunne komme seg frå ein stad i verda til ein annan.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
I 1947 seilte den norske eventyreren Thor Heyerdahl 8000 kilometer over Stillehavet i en håndbygget flåte kalt Kon-Tiki
I 1947 seilte den norske eventyreren Thor Heyerdahl 8000 kilometer over Stillehavet i en håndbygget flåte kalt Kon-Tiki

Visste du at …?  

… vi har sendt hundrevis av menneske ut i verdsrommet, men berre fire ned til dei største havdjupa.

En dykker som utforsker et skipsvrak i rødehavet
En dykker som utforsker et skipsvrak i rødehavet

Demokrati  

Demokrati betyr at det er folket som bestemmer. Alle som bur i landet får vere med på å  bestemme. Når dei fleste er samde, får dei bestemme kven som skal styre landet. Dei får også vere med på å bestemme korleis landet skal styrast.

Kvart fjerde år vel vi nye menneske som skal bestemme i Noreg. 

Det finst to måtar å ha demokrati på. Kvart menneske kan få kome med forslag til kva som skal bestemmast. Det er den eine måten, men han tek veldig lang tid. Derfor vel vi heller nokre få menneske som kan bestemme for oss. Det er den andre måten.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av Stortinget i Oslo, Norge
Bilde av Stortinget i Oslo, Norge

Arbeidsfordeling  

Ingen er flinke til alt. Det treng vi ikkje vere heller. Vi kan dele på arbeidsoppgåver, slik at folk kan bli flinke til forskjellige ting.

Det finst mange ulike jobbar. Nokre styrer landet, andre dyrkar mat. Nokre tek vare på dei sjuke, mens andre finn opp nye ting. Det er også nokre som feiar gatene. I mange jobbar kan ein bli skikkeleg flink. I ein fabrikk som lagar klede, til dømes, er det nokon som skjer til stoffet, og nokon som syr plagga.

No gjer maskinane mykje av jobben til menneska. Då går ting raskare og kostar mindre. Det gir oss meir tid til å finne opp nye ting.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
7 hender som holder ulike elementer for å beskrive forskjellige yrker
7 hender som holder ulike elementer for å beskrive forskjellige yrker

Tida rår 

Alt stoppar opp utan klokker. Klokkene passar på at vi vaknar når vi skal. Vi har på ein måte ei klokke inni oss også. Men det tok tusenvis av år før mennesket begynte å følgje klokka.

For lenge sidan målte vi tida med solur, stearinlys, røykelse og vatn, blant anna. Det tok lang tid før vi fekk eit system på å passe tida, og endå lengre før vi fekk klokker.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dame som sitter oppgitt i sengen med en vekkeklokke over hodet
Dame som sitter oppgitt i sengen med en vekkeklokke over hodet

Vitskapeleg metode

Vitskap er å finne ut av ting i verda. Vi ser godt etter på noko først. Så gjettar vi på kva det eigentleg er vi ser på. Til slutt finn vi ut om det vi gjetta var rett eller feil.

En gruppe skoleungdom som undersøker med mikroskop
En gruppe skoleungdom som undersøker med mikroskop

Bakterieteorien

For lenge sidan forstod legane at det gjekk an å reinse sår for bakteriar. Legane visste også at det var lurt å halde seg unna andre viss ein var sjuk. Men dei visste ikkje kvifor det var lurt. Legane trudde nemleg at ein kunne gjere andre sjuke om ein lukta vondt, eller var saman med andre. Legane hadde sett på bittesmå bakteriar i mikroskop, men dei forstod ikkje korleis bakteriar og sjukdom hang saman.

Kjelder:

  • Historien om mennesket Junior (2020)
    Orage Forlag
    AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Nasjonalbiblioteket
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images