Kva skjer når samfunnet stenger?

Kva er konsekvensen for natur, miljø og dyreliv når vi har hatt «lockdown» i fleire månader?

Accessibility icon Kva skjer når samfunnet stenger?

Korona-lockdown

I mars 2020 begynte land over heile verda å stengje grensene. Alle hadde heimeskule, og folk fekk beskjed om halde seg heime. Etter det har vi levd i ei usikker tid der samfunnet er blitt opna på nytt og så stengt igjen. Mange opplever mykje uvisse og uroar seg for framtida. Men kan denne sjølvisoleringa ha hatt ein positiv effekt på miljøet?

Mindre utslepp av karbondioksid

Vi slepper ut over 36 milliardar tonn av ein av dei farlegaste miljøgassane i verda kvart år. For 100 år sidan var dette talet 2 milliardar tonn. Resultatet av denne enorme auken er at temperaturen på jorda har stige. Vi ser at isbreane smeltar, og at verda opplever store klimaendringar.

Menneskeleg aktivitet har vore blant hovudårsakene til klimaendringane. Forbrenning av fossilt brennstoff og auka forureining frå reiseverksemd har vore nokre av hovudårsakene til klimaendringane.

Den industrielle og private produksjonen av drivhusgassar er ein av dei største syndebukkane når det gjeld klimakrisa. Karbondioksid er eit døme på ein drivhusgass. Utsleppa av drivhusgassar har auka med omtrent ein prosent kvart år. Karbondioksidet er med på å auka det som blir kalla drivhuseffekten. Gassen blir fanga i atmosfæren og «låser inne» meir av varmen frå sola.

I april 2020 fall det daglege utsleppet av karbondioksid med 17 prosent samanlikna med det same tidsrommet i 2019. Så låge tal har verda ikkje sett sidan 2006.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Betre luft

Men dét var lenge før koronaviruset covid-19. Folk har fått beskjed om å halda seg heime for å hindra dette viruset i å spreia seg. I forsøket på å stoppa det stigande talet på nye smittetilfelle, har vi vore nøydde til å endra heile livsstilen vår. Slik har òg mengda av farlege utslepp vorte mindre.

⬅  India Gate i New Delhi. Ein ser tydeleg den grå forureininga frå eit bilete tatt i november 2019. Det klare biletet vart tatt rett etter at India hadde stengt ned 30. mars 2020. 

Hòl i ozonlaget er tetta

Det største ozonhòlet som nokosinne er oppdaga, har endeleg lukka seg. Dette skjedde i ein periode der industrien var stengd ned. Dei globale utsleppa er òg lågare enn dei har vore dei siste ti åra. Hòlet låg over Arktis i nesten ein månad. Det var tre gonger så stort som Grønland. Hòlet lukka seg seint i april 2020. Denne typen hòl blir observert kvart år. Vi ser slike hòl oftare over den sørlege delen av kloden enn over Nordpolen.

Menneskeskapt forureining frå industrien er ei av årsakene til at det blir danna slike hòl i atmosfæren. Dei skadelege, ultrafiolette strålane frå verdsrommet får då fri bane ned til jordoverflata. Det er ingen kjend samanheng mellom nedstenginga av samfunnet og det at hòlet lukka seg. Forskarane seier at hòlet først og fremst lukka seg på grunn av ein sterk polar jetstraum. Dei meiner at det ikkje har noko med covid-19-pandemien å gjera.

⬅  Eit satellittbilete som viser det nye ozonhòlet som opna seg over Nordpolen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Mindre utslepp av nitrogendioksid

Ein annan skadeleg gass som finn vegen opp i atmosfæren, er nitrogendioksid. Denne raudbrune gassen har vist seg å ha ein meir direkte effekt på helsa vår. Auka nivå av nitrogendioksid kan skada luftvegane. Over tid kan det gi menneske kronisk lungesjukdom.

Rundt 80 prosent av utsleppa av nitrogendioksid kjem frå bileksos. Under karantenetida gjekk trafikken drastisk ned over store delar av verda. Satellittbilete viste at skyene av nitrogendioksid som har hange over dei store byane, byrja å løysa seg opp.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

USA

USA har eit høgt gjennomsnittleg utslepp av nitrogendioksid. Desse utsleppa vart reduserte med heile 30 prosent då statane stengte ned i mars 2020.

Italia

Nitrogenutsleppa rundt dei største byane i Italia, Frankrike og Spania er reduserte. Desse satellittbileta viser korleis utsleppa har gått ned i Nord-Italia, Roma og Napoli.

India

India har ei befolkning på 1,3 milliardar menneske. Det er eit av dei landa som forureinar mest i verda. Talet på små forureinande partiklar i lufta gjekk ned då det vart innført restriksjonar nord i India. Det var det lågaste nivået som er målt på denne årstida på 20 år.

Kina

Kina var det første landet som stengte ned. Nasjonen har sett eit dramatisk fall i nitrogendioksidnivå. Utsleppa vart reduserte med rundt 40 prosent under karanteneperioden. Årsaka er at ein forbrenn mindre fossilt drivstoff.

Reduserte lydutslepp

Gassutsleppa våre er ikkje det einaste som har gått ned. Lydutsleppa våre er òg reduserte. Støyen frå industriell aktivitet påverkar økosystema og det biologiske mangfaldet i naturen. Denne industrielle støyen forureinar meir enn musikken frå diskotek og bytrafikk.

Meir avfall

Likevel er ikkje karantenetiltaka berre gode nyheiter for omgivnadene. Mengda av hushaldsavfall har skote i vêret fordi vi alle har vore innestengde i heimane våre. Vi har òg handla mykje meir på nett enn nokon gong før. Vi har handla mat, klede og andre varer. Dette har ført til ei auka mengde ikkje-nedbrytbar plast som vi kastar i søppelkassa, og som hamnar på søppelfyllinga. Vi ser òg ei auka mengde medisinsk avfall som blir produsert ved sjukehusa.

Forsking viser at under smittetoppen i Wuhan i Kina produserte sjukehusa i gjennomsnitt 240 tonn medisinsk avfall kvar dag. Til samanlikning produserer dei vanlegvis under 50 tonn. Forskarane fann òg ut at vi produserte større mengder avfall, og at vi resirkulerte mindre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Effekt på lang sikt

Det er framleis uklart kva effekt den globale karantenen vil ha på klimaendringane. Vil vi halda fram med å forureina mindre? Vil denne uvanlege epoken i mennesket si historie fungera som eit eksperiment? Vil han visa oss korleis vi kan verna miljøet gjennom reduserte utslepp og mindre reising? Eller vart dette berre eit lite pusterom for moder jord? Vil ho igjen bli kvelt i drivhusgassar når vi får tilbake den sosiale fridommen vår? Det vil tida visa.

⬅  Kanalane i Venezia har vorte krystallklare etter at den konstante båttrafikken tok slutt.

Økoturismen blir utrydda

Folk har halde seg heime og ikkje gått ut i naturen. Dette har nok vore ein stor fordel for miljøet. Men økoturismen har vorte ramma hardt. Det har vore ein mangel på folk som kan komma og støtta arbeidet til miljøforkjemparane rundt omkring i verda.

Økoturisme betyr arbeidet med å verna utryddingstrua artar gjennom donasjonar og guida ekskursjonar. Økoturisme har vore heilt essensiell for å verna naturen vår i fleire tiår allereie. No står framtida til denne næringa i fare på grunn av reiserestriksjonane.

Miljøorganisasjonen Fauna & Flora International har rekna ut at 50 millionar arbeidsplassar innan turistnæringa forsvann i løpet av 2020. Det gjer denne industrien like avhengig av støtte som dei artane han jobbar så hardt for å verna.

⬅  I Tanjung Puting nasjonalpark på Borneo bur det orangutangar som er vane med å helsa på menneske.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ein film fra BBC News

Kva med miljøet heime?

Covid-19-epidemien er ikkje spesielt farleg for barn og unge. Men barn kan bere smitte utan å vere sjuke. Derfor kan smitten spreiast i skular og barnehagar. Heimeskule er likevel ikkje tilrådd fordi konsekvensane kan vere alvorlege.

For barna kan heimeskule øydeleggje for læring, trivsel og psykisk helse. I tillegg skal mange vaksne prøve å jobbe heimanfrå. Dersom barn må vere heime, påverkar det arbeidet til dei vaksne.

Far med hjemmekontor og datter med hjemmeundervisning
Far med hjemmekontor og datter med hjemmeundervisning

Kjelder

How it works (10.09.2020): Future publishing

Fauna & Flora International (25.08.2020): Impact of Covid-19
www.fauna-flora.org

Bilete- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. ESA
    5. Getty Images
    6. NASA
    7. ESA
    8. NASA
    9. NASA
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. ESA
    13. Getty Images
    14. BBC World Service YouTube
    15. Getty Images