Håkon den Gode i juleblótet på Mære, malt av Peter-Nicolai Arbo
Dei heilage dyra til Frøy blir ofra
Jólablót betyr offer. Det vil seie at ein ofra til gudane Odin, Tor og Frøy. Også guden Njord vart ofte heidra. Eit av rituala var å ofre dyr til gudane. Ein smurde inn gudestatuar med blodet til dyret og åt kjøtet. Før ein kunne setje tennene i kjøtet, måtte maten velsignast. Eit av dyra som vart slakta, var svin. Grisen var det heilage dyret til Frøy.
Det var straffbart å ikkje bryggje øl til jul
Eit anna ritual var å heidra og blidgjere gudane ved å drikke øl. Øl vart sett på som ein heilag drikk. I Haraldskvadet frå cirka år 900, står det «Ute (på havet) ville han (kongen) drikke jul …» Å drikke jul betyr å feire jul. Dette var ein så viktig ting at ein hadde ei eiga lov. I Gulatingslova stod det skrive at det var påbode å bryggje øl til jul. Viss ein braut lova fleire gongar, kunne ein miste garden sin. Då vart garden gitt til kongen. Og bonden sjølv kunne bli landsforvist.
Ved å ofre og drikke til gudane håpa ein på gode avlingar og fred.
Oppbevaring av drikke i tretønner stablet opp på hverandre
Illustrasjon av solverv 1881
Solguden til Romarriket
Kristendommen hadde vore kjend lenge i Romarriket då den romerske keisaren Aurelian innførte ei ny tru, ein ny kult. Kulten Sol den uovervinnelege vart statsreligion i år 274. Keisar Aurelian var ikkje kristen. Han innførte solkulten for å forsterke makta etter ei rekkje kriser. Keisaren var bodbringar for guden. Han var ein slags guddommeleg representant for solguden. Forsøk på å ta makta frå keisaren ville vere ei forakt for guden Sol.
Dei fleste kulturar har ein solgud. Den romerske solguden har opphavet sitt frå gamle Hellas og Persia, frå antikken.
⬅ Nokre stader fekk denne guden namnet Mitra.
Romerrikets solgud, Mitra
Illustrasjon av Vintersolverv
Kristendommen blir statsreligion
I dei første hundreåra eksisterte ei mindre gruppe kristne på same tid som Sol-kulten i Roma. Keisarar begynte å bli interesserte i kristendommen tidleg på 300-talet. Frå år 380 vart kristendommen statsreligion i Romarriket. Andre religionar vart då forbodne.
Illustrasjon av Julekrybben
Dei tre vise menn
For dei kristne var Jesu oppstode i påska den største høgtida. Jesu fødsel vart ikkje feira. Men ein feira dei tre vise menn som kom med gåver til det nyfødde Jesusbarnet. Denne feiringa gjekk føre seg 6. januar.
Illustrasjon av De tre vise menn
Illustrasjon av Den hellige familien i stall
25. desember blir kristen høgtidsdag
Rundt år 350 bestemte pave Julius I at 25. desember skulle feirast som Jesu fødselsdag. Altså same dato som den tidlegare populære feiringa av Solguden. Slik fekk ei gammal heidensk høgtid eit kristent innhald.
Det gjekk fleire hundre år frå Romarriket starta julefeiringa til høgtida nådde Noreg og Norden. Det kan du lesa meir om i artikkelen Jula kjem til Noreg.
Bilde av figurer som skal forestille Julekrybben
Opphavet til jula – ein teikneserie (engelsk)
Kjelder:
- Historien om Jesus og hans samtid (2020)
Orage Forlag AS
- uit.no (13.11.2020): Når begynte nordmenn å feire jul?
https://uit.no/nyheter/artikkel?p_document_id=398207
- Forskning.no (13.11.2020): Gleðileg jól
https://forskning.no/jul-sprak/gleileg-jl/945493
- human.no (13.11.2020): Juletradisjoner og julens historie
https://human.no/artikler/jul-og-julefeiring/julens-historie/
- historienet.no (13.11.2020): Vikingenes jul var preget av alkohol
https://historienet.no/sivilisasjoner/vikinger/vikingenes-jul-var-preget-av-alkohol
- imperiumromanum.edu.pl (13.11.2020):
https://www.imperiumromanum.edu.pl/en/roman-religion/gods-of-ancient-rome/list-of-roman-gods/sol-invictus/
Bilet- og videorettar:
-
-
Peter-Nicolai Arbo
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images / Dynamosquito (CC BY-SA 2.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
truTV – YouTube
-