
Håkon den Gode i juleblótet på Mære, malt av Peter-Nicolai Arbo
Offer til gudane
Jólablót betyr juleofring. Då ofra vikingane til gudane Odin, Tor, Frøy og Njord. Også guden Njord vart ofte heidra.
Eit av rituala var å smørja inn gudestatuer med blodet til dyret før ein åt kjøtte.
Det var vanleg å ofra ein gris, Frøys heilage dyr.

Det var straffbart å ikkje bryggje øl til jul
Eit anna ritual var å heidre og blidgjere gudane ved å drikke øl. Øl vart sett på som ein heilag drikk.
Dette var så viktig at det stod i lova at ein måtte bryggja øl til jul.
Viss ein braut lova fleire gonger, kunne ein mista garden, ja ein kunne til og med bli landsforvist.
Ved å drikke og ofre til gudane håpa ein på gode avlingar og fred.

Oppbevaring av drikke i tretønner stablet opp på hverandre

Illustrasjon av solverv 1881
Solguden til Romarriket
Den romerske keisaren Aurelian innførte kulten Sol den uovervinnelege som statsreligion i år 274.
Keisar Aurelian, som ikkje var kristen, innførte solkulten for å sikra seg makta etter fleire kriser.
Han var solgudens bodbringar og eit forsøk på å ta frå han makta, ville vera ei forakt for guden.
⬅ Nokre stader fekk denne guden namnet Mitra.

Romerrikets solgud, Mitra

Illustrasjon av Vintersolverv
Kristendommen blir statsreligion
I dei første åra levde ei lita gruppe kristne samtidig med Sol-kulten i Roma, og på 300-talet vart keisaren interessert i kristendommen.
Frå år 380 vart kristendommen statsreligion i Romarriket. Andre religionar vart då forbodne.

Illustrasjon av Julekrybben
Dei tre vise menn
For dei kristne var Jesu oppstode i påska den største høgtida. Jesu fødsel vart ikkje feira.
Det ein feira var den dagen dei tre vise menn kom med gåver til det nyfødde Jesusbarnet. Dette var den 6. januar.

Illustrasjon av De tre vise menn

Illustrasjon av Den hellige familien i stall
25. desember blir kristen høgtidsdag
Rundt år 350 bestemte pave Julius I at 25. desember skulle feirast som Jesu fødselsdag. Altså same datoen som den tidlegare populære feiringa av Solguden. Slik fekk ei gammal heidensk høgtid eit kristent innhald.
Det skulle gå fleire hundre år frå Romerriket starta julefeiringa, til høgtida nådde Noreg og Norden.
Det kan du lese meir om i artikkelen Jula kjem til Noreg.

Bilde av figurer som skal forestille Julekrybben
Opphavet til jula – ein teikneserie (engelsk)
Kjelder:
- Historien om Jesus og hans samtid (2020)
Orage Forlag AS
- uit.no (13.11.2020): Når begynte nordmenn å feire jul?
https://uit.no/nyheter/artikkel?p_document_id=398207
- Forskning.no (13.11.2020): Gleðileg jól
https://forskning.no/jul-sprak/gleileg-jl/945493
- human.no (13.11.2020): Juletradisjoner og julens historie
https://human.no/artikler/jul-og-julefeiring/julens-historie/
- historienet.no (13.11.2020): Vikingenes jul var preget av alkohol
https://historienet.no/sivilisasjoner/vikinger/vikingenes-jul-var-preget-av-alkohol
- imperiumromanum.edu.pl (13.11.2020):
https://www.imperiumromanum.edu.pl/en/roman-religion/gods-of-ancient-rome/list-of-roman-gods/sol-invictus/
Bilet- og videorettar:
-
-
Peter-Nicolai Arbo
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images / Dynamosquito (CC BY-SA 2.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
truTV – YouTube
-