Håkon den Gode i juleblótet på Mære, malt av Peter-Nicolai Arbo
Dei heilage dyra til Frøy blir ofra
Jólablót betyr offer. Det vil seie at ein ofra til gudane Odin, Tor og Frøy. Også guden Njord vart ofte heidra. Eit av rituala var å ofre dyr til gudane. Ein smurde inn gudestatuar med blodet til dyret og åt kjøtet. Før ein kunne setje tennene i kjøtet, måtte maten velsignast. Eit av dyra som vart slakta, var gris. Grisen var det heilage dyret til Frøy.
Det var straffbart å ikkje bryggje øl til jul
Eit anna ritual var å heidre og blidgjere gudane ved å drikke øl. Øl vart sett på som ein heilag drikk. Så viktig var dette at det i lova stod at det var påbode å bryggje øl til jul. Viss du braut lova fleire gongar, kunne garden din bli gitt til kongen. Og bonden sjølv kunne bli landsforvist.
Ved å ofre og drikke til gudane håpa ein på gode avlingar og fred.
Oppbevaring av drikke i tretønner stablet opp på hverandre
Illustrasjon av solverv 1881
Solguden til Romarriket
Kristendommen hadde lenge vore kjend i Romarriket då den romerske keisaren Aurelian innførte kulten Sol den uovervinnelege som statsreligion i år 274. Keisar Aurelian, som ikkje var kristen, innførte solkulten for å forsterke makta etter ei rekkje kriser. Keisaren var då bodbringar, eller ein guddommeleg representant for guden. Alle forsøk på å ta frå han makta ville vere ei forakt for guden.
Dei fleste kulturar har ein solgud. Den romerske har opphavet sitt frå antikke Hellas og Persia.
⬅ Nokre stader fekk denne guden namnet Mitra.
Romerrikets solgud, Mitra
Illustrasjon av Vintersolverv
Kristendommen blir statsreligion
I dei første hundreåra eksisterte ei mindre gruppe kristne parallelt med Sol-kulten i Roma. Keisarar vart frå første halvdel av 300-talet interesserte i kristendommen, og frå år 380 vart kristendommen statsreligion i Romarriket. Andre religionar vart då forbodne.
Illustrasjon av Julekrybben
Dei tre vise menn
For dei kristne var Jesu oppstode i påska den største høgtida. Jesu fødsel vart ikkje feira, men dei tre vise menn som kom med gåver til det nyfødde Jesusbarnet, vart feira 6. januar.
Illustrasjon av De tre vise menn
Illustrasjon av Den hellige familien i stall
25. desember blir kristen høgtidsdag
Rundt år 350 bestemte pave Julius I at 25. desember skulle feirast som Jesu fødselsdag. Altså same datoen som den tidlegare populære feiringa av Solguden. Slik fekk ei gammal heidensk høgtid eit kristent innhald.
Det skulle gå fleire hundre år frå Romerriket starta julefeiringa, til høgtida nådde Noreg og Norden. Det kan du lese meir om i artikkelen Jula kjem til Noreg.
Bilde av figurer som skal forestille Julekrybben
Opphavet til jula – ein teikneserie (engelsk)
Kjelder:
- Historien om Jesus og hans samtid (2020)
Orage Forlag AS
- uit.no (13.11.2020): Når begynte nordmenn å feire jul?
https://uit.no/nyheter/artikkel?p_document_id=398207
- Forskning.no (13.11.2020): Gleðileg jól
https://forskning.no/jul-sprak/gleileg-jl/945493
- human.no (13.11.2020): Juletradisjoner og julens historie
https://human.no/artikler/jul-og-julefeiring/julens-historie/
- historienet.no (13.11.2020): Vikingenes jul var preget av alkohol
https://historienet.no/sivilisasjoner/vikinger/vikingenes-jul-var-preget-av-alkohol
- imperiumromanum.edu.pl (13.11.2020):
https://www.imperiumromanum.edu.pl/en/roman-religion/gods-of-ancient-rome/list-of-roman-gods/sol-invictus/
Bilet- og videorettar:
-
-
Peter-Nicolai Arbo
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images / Dynamosquito (CC BY-SA 2.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
truTV – YouTube
-