Dei viktige B-vitamina
Det finst åtte ulike B-vitamin. Nokre er vassløyselege. Andre er feittløyselege. Vassløyselege vitamin kan ikkje lagrast så godt i kroppen. Dei forsvinn ofte ut med urinen. Dei feittløyselege vitamina kan lagrast i kroppen i lang tid.
B-vitamina er viktige for helsa vår. De fleste av desse får vi i oss når vi et.
B1 – tiamin
B1 finst i mjølk, korn, svinekjøt, erter og peanøtter.
Kroppen treng B1 for at vi skal få i oss næring frå maten vi et.
B2 – riboflavin
B2 finst i mjølk, ost, grønsaker, sjampinjongar og mandlar.
Vitaminet angrip giftstoff i kroppen. Det gjer også at blodet fungerer normalt.
B3 – niacin
Det finst mykje B3 i kjøt, grønsaker, nøtter og korn.
B3 er med på å beskytte arvestoffet vårt – DNA. Alle som blir fødde, har fått med seg arvestoff frå mor og far. Det gjer at barn og foreldre liknar litt på kvarandre.
B5 – pantotensyre
Dette vitaminet finst i nesten alle matvarer.
B5 hjelper kroppen med å forbrenne feitt, karbohydrat og protein. Slik får kroppen næring når vi et. Protein er med på å byggje cellene i kroppen. Karbohydrat gjev oss masse energi. Feitt beskyttar det vi har på innsida av huda.
B7 – biotin
Kroppen kan lage B7 sjølv, men vi treng ofte noko meir.
Vi finn B7 i brød, egg, ost, kjøt, fisk og grønsaker.
Får vi for lite B7, kan vi miste håret, eller vi kan få smerter i musklane.
B9 – folat
Gravide treng B9. Det gjer at fosteret utviklar seg slik det skal.
Vi finn vitaminet i brokkoli, asparges, spinat, appelsinjuice, ris og brød.
B12 – kobalamin
Mangel på dette vitaminet kan føre til lammingar i kroppen. B12 hjelper også til med å produsere raude blodceller. Desse fraktar oksygen rundt i kroppen.
Dei som berre et frukt og grønsaker, veganarar, kan få i seg for lite B12. Vitaminet finst nemleg i kjøt, egg, mjølk, skaldyr og ost.
Kjelder:
- Svihus, Birger: vitaminer i Store norge leksikon på snl.no.
Henta 29. septmember 2021 frå
https://sml.snl.no/vitaminer#-Vannl%C3%B8selige_vitaminer
- Vitusapotek (30.09.2021): Vitamin B
https://www.vitusapotek.no/livsstil-og-kosthold/vitaminer-og-mineraler/vitaminer/vitamin-b/a/A6815
Bilde- og videorettar:
-
Getty images
-
Getty images
-
Getty images
-
Getty images
-
Getty images
-
Getty images
-
Getty images
-
Getty images