Landbruk og fiske er primærnæringar

Kva er eigentleg ei primærnæring? Korleis fungerer landbruket og fiskeindustrien i Noreg, og i andre stader i verda?

Accessibility icon Landbruk og fiske er primærnæringar

Landbruk

Landbruk er ei primærnæring. I landbruket blir det dyrka råvarer som blir brukte til å laga mat. Råvarer er det ein treng for å lage mat du kjøper i butikken. Ei råvare vi produserer mykje av, er korn. For å lage andre ting enn mat treng vi andre råvarer. Det kan vere metall eller olje. Nesten alle land kjøper eller sel råvarer.

Jegerar, sankarar og jordbruk

Dei første menneska dyrka ikkje jorda. Når det vart tomt for mat ein stad, flytta dei til ein ny stad. Menneska var jegerar og sankarar. Dei jakta på dyr og fisk, og dei sanka bær, sopp og fugleegg.

Jordbruksrevolusjon

For omtrent 10 000 år sidan begynte menneske å busetje seg på ein stad. Det skjedde mellom anna ved den store elva Nilen i Afrika. Dei lærte å dyrke jorda slik at dei slapp å flytte rundt for å finne mat. Dette forandra heile måten mennesket levde på, og vi kallar det ein jordbruksrevolusjon.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Hvete
Hvete

Frå sjølvforsyning til handelsjordbruk

Dei fleste var sjølvforsynte med mat fram til 1700-talet. Det meste dei dyrka eller jakta, vart ete av eigen familie.

Utover på 1800-talet fekk vi maskiner og betre reiskapar. Då produserte ein meir enn familien sjølv trong. Dermed kunne ein selje eller byte mat med andre. Dette blir kalla handelsjordbruk.

Grønnsaker
Grønnsaker

Jordbruket i Noreg

Berre 3 prosent av Noreg eignar seg for å dyrke mat. Likevel produserer vi omtrent halvparten av maten vi treng. Resten kjøper vi frå andre land.

I Noreg er det derfor mange som driv med blandingsjordbruk. Då produserer ein korn, frukt og grønsaker, men har òg dyr til kjøtt og egg.

Utfordringar i landbruket

Noko av matjorda i verda blir brukt for å dyrke mat. Andre område blir brukte som beiteområde for husdyr. Det hender at matjord blir brukt som beiteområde. Bonden tener ofte meir på kjøtt enn på korn.

Vatn er viktig når ein driv med jordbruk. Nesten 70 prosent av alt ferskvatnet på jorda blir brukt for å vatne jordbruksområde.

I land med mykje tørke må ein pumpe opp grunnvatn for å få nok vatn. Det kjem for lite regn. Grunnvatnet ligg langt nede i jorda. Til slutt kan det gå tomt for grunnvatn, og då kan ein ikkje dyrke jorda lenger.

Auka avlingar

Ei anna utfordring med landbruket er at jorda “går tom” for næring. Bonden dyrkar den same jorda for mange gonger.

Giftige sprøytemiddel og gjødsel blir brukt for å få større avlingar. Gjødsel gir næring til jorda, og sprøytemiddel gjer at insekt og skadedyr held seg unna.

Økologisk landbruk

Mange er redde for at sprøytemiddel kan gjere oss alvorleg sjuke. Nokre bønder satsar derfor på økologisk landbruk. Då bruker dei ikkje sprøytemiddel og forureinar mindre. Det er mange som ønskjer å kjøpe økologisk mat, men maten er ofte dyrare enn annan mat. Kvifor det, trur du?

Nok kjøtt til alle?

Vi blir fleire og fleire menneske på jorda. Då kan det bli vanskeleg å produsere nok mat til alle. Ikkje minst fordi veldig mange et kjøtt.

For å produsere 1 kilo storfekjøtt, blir det kravd 7 kilo korn. Mange meiner derfor at vi bør ete mindre kjøtt og meir korn og grønsaker.

Laboratoriekjøtt

Forskarar har klart å dyrke fram kjøtt i laboratorium. Då slepp ein å bruke så mykje av matjorda til beiteområde. Mange er likevel skeptiske til kjøtt som ikkje kjem frå levande dyr. Kanskje vi kan ete meir insekt?

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

Fiske

Langs kysten av Noreg lever det mykje fisk. Mellom anna torsk, makrell, sild og laks. Vi finn òg krabbar, reker og hummar.

Vi skil mellom matfisk og industrifisk. Matfisk blir eten av menneske. Industrifisk blir male opp og brukt som dyrefôr. Noreg sel mykje fisk til andre land – spesielt laks og torsk.

Fiskeskøyte
Fiskeskøyte

Moderne fiskeindustri

Etter kvart har fiskebåtane vorte større, og dei fangar meir fisk. I dag er det store fabrikktrålarar som fangar fisk i havet. Dei bruker ekkolodd for å finne ut kvar fisken er.

På dei største av fabrikktrålarane omarbeider ein fisken og frys han med ein gong. Slik held han seg ferskast mogleg fram til vi et han til middag.

Kvotar på fisk

Når vi fangar meir fisk, blir det mindre fisk i havet. Nokre artar kan til og med bli utrydda og forsvinne for alltid. Det er derfor innført kvotar for kor mykje fisk det er lov å fange.

Færre og færre i Norge jobber med fisk. Kvifor er det slik, trur du?

Oppdrettsfisk

Fordi det har vorte mindre fisk i havet, er det mange som satsar på oppdrett av fisk. Då blir fisken nesten som eit husdyr. Fisken vert samla i eit stort nett (ein merd) langs kysten, og lever der frå han blir fødd til han blir slakta. I Noreg er det mest vanleg med oppdrettslaks.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mange merder i et oppdrettsanlegg for fisk.
Mange merder i et oppdrettsanlegg for fisk.

Kven eig havet?

Det er ingen som eig havet, men kvart land har sitt område dei kan fiske i. Vi kallar dette for økonomiske soner. Nokre havområde blir kalla internasjonalt farvatn, og her kan alle fiske.

Fiskebåt som trekker et stort garn etter seg i ganske urolig sjø med massevis av måker flyvende rundt.
Fiskebåt som trekker et stort garn etter seg i ganske urolig sjø med massevis av måker flyvende rundt.

Kjelder:

  • Christensen, Sigmund; Bratberg, Even: jordbruk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/jordbruk
  • Syverud, Gunnar; Bratberg, Even; Almås, Reidar: jordbruk i Norge i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/jordbruk_i_Norge
  • Helgesen, Jan E.; Hallenstvedt, Abraham: havrett i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/havrett

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images