Landbruk og fiske er primærnæringar

Kva er eigentleg ei primærnæring? Korleis fungerer landbruket og fiskeindustrien i Noreg, og i andre stader i verda?

Accessibility icon Landbruk og fiske er primærnæringar

Landbruk

Landbruk blir rekna som ei primærnæring. Primærnæringar er yrke som framstiller råvarer innan jordbruk, skogbruk, fiske og fangst.

Ei råvare er det ein treng for å produsere ei ferdig vare. Det kan vere korn, fisk, metall eller olje. Nesten alle land kjøper eller sel råvarer.

Jegerar, sankarar og jordbruk

Dei første menneska dyrka ikkje jorda. Dei flytta rundt og sanka mat. Når det vart tomt for mat ein stad, flytta dei til ei ny stad. Dette var ein tid kor mennesket var jegerar og sankarar. Dei jakta på dyr, fuglar og fisk, og dei sanka bær, sopp og fugleegg.

Jordbruksrevolusjon

For omtrent 10 000 år begynte menneske å bu på faste stader. Det skjedde i områda i Midtausten og langs elva Nilen i Afrika. Dei starta å dyrke jorda. Då slapp dei å flytte rundt for å finne mat. Dei gjorde det naturlege landskapet om til kulturlandskap. Det er eit landskap der menneske utnyttar naturen for å skaffe mat og råvarer.

Hele denne prosessen kaller vi  jordbruksrevolusjonen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Hvete
Hvete

Frå sjølvforsyning til handelsjordbruk

Heilt fram til 1700-talet dyrka folk sin eigen mat. Vi kallar dette å vere sjølvforsynte.

På 1800-talet fekk vi maskiner og betre reiskapar. Då produserte ein meir enn ein sjølv trong,  og ein kunne selje eller byte mat med andre. Dette blir kalla handelsjordbruk.

Med betre maskiner og reiskapar trong ein færre folk i arbeid.

Grønnsaker
Grønnsaker

Jordbruket i Noreg

Berre 3 prosent av Noreg eignar seg til dyrking av mat. Likevel produserer vi omtrent halvparten av maten vi treng. Resten kjøper vi frå andre land.

I Noreg har vi blandingsjordbruk. Det betyr at vi produserer både korn, grønsaker og har dyr. Mykje av kornet blir brukt som dyrefôr. I enkelte delar av landet er det mykje hagebruk. Det betyr at ein dyrkar frukt, bær og grønsaker for sal.

Utfordringar i landbruket

Noko av matjorda blir brukt for å dyrke mat. Andre område blir brukte som beiteområde for husdyr. Dei viktigaste kornsortane ein dyrkar i verda, er ris, kveite og mais.

Vatn er viktig når ein driv med jordbruk. Nesten 70 prosent av alt ferskvatnet på jorda blir brukt for å vatne jordbruksområde.

I enkelte område må ein pumpe opp grunnvatn. Dette er vatn som ligg langt nede i jorda. Viss alt grunnvatnet blir pumpa opp, står ein utan vatn. Då er det ikkje lenger mogleg å bu og dyrke jorda i området. Dette er ei utfordring med moderne landbruk.

Auka avlingar

Ei anna utfordring med landbruket er at ein ønskjer å utnytte det jordstykket ein eig mest mogleg. Til slutt kan jorda “gå tom” for næring.

Sprøytemiddel og gjødsel blir brukt for å få større avlingar. Gjødsel gir næring til jorda, og sprøytemiddel gjer at insekt og skadedyr held seg unna.

Økologisk landbruk

Mange er redde for at sprøytemiddel kan føre til helseskadar hos menneske.

Nokre bønder satsar derfor på økologisk landbruk. Dei bruker ikkje sprøytemiddel og kunstgjødsel, og dei forureinar ikkje naturen. Det er mange som ønskjer å kjøpe økologisk mat, fordi slik mat ikkje inneheld giftstoff. Ulempa er at maten ofte er dyrare enn annan mat.

Nok kjøtt til alle?

Befolkninga i verda aukar. Klarer vi å produsere nok mat?

For å produsere 1 kilo storfekjøtt blir det kravd 7 kilo korn. Mange meiner derfor at vi bør ete mindre kjøtt og meir korn og grønsaker, slik at det blir nok til alle.

Laboratoriekjøtt

Forskarar har klart å dyrke fram kjøtt i laboratorium. Dei trur at dette kan løyse mange av utfordringane. Mange er likevel skeptiske til kjøtt som ikkje kjem frå levande dyr. Eit anna alternativ er at vi må ete meir insekt framfor kjøtt.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

Fiske

Langs kysten av Noreg finst det mykje fisk. Her er det mellom anna torsk, hyse, makrell, sild og laks. Vi finn òg krabbar, reker og hummar. Før i tida levde ein ofte av jordbruk og fiske. Det meste vart ete i eigen familie.

Vi skil mellom matfisk og industrifisk. Matfisk er fisk vi et. Industrifisk blir male opp og brukt som dyrefôr. Noreg sel mykje fisk til andre land – spesielt laks og torsk.

Fiskeskøyte
Fiskeskøyte

Moderne fiskeindustri

Etter kvart har fiskebåtane vorte større, og dei fangar meir fisk. I dag er det store fabrikktrålarar som fangar fisk i havet. Dei bruker mellom anna ekkolodd for å finne ut kvar fisken er.

På dei største fabrikktrålarane omarbeider ein fisken og frys han med ein gong. Slik held han seg ferskast mogleg fram til vi får han på middagsbordet.

Kvotar på fisk

Men det er ikkje berre positivt at vi kan fange meir fisk enn før. Det gjer at det blir mindre fisk i havet, og nokre artar kan bli utryddingstrua. Det er derfor innført kvotar for kor mykje fisk det er lov å fange.

Fordi fangsten går føre seg på store fabrikktrålarar, er det ikkje så mange som omarbeider fisk på land lenger. Mange stader i Noreg har derfor mista arbeidsplassar.

Oppdrettsfisk

Fordi det har vorte mindre fisk i havet, er det mange som satsar på oppdrett av fisk. Då blir fisken nesten som eit husdyr. Fisken vert samla i eit stort nett (ein merd) langs kysten og lever der frå han blir fødd til han blir slakta. I Noreg er det vanlegast med lakseoppdrett.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mange merder i et oppdrettsanlegg for fisk.
Mange merder i et oppdrettsanlegg for fisk.

Kven eig havet?

Det er ingen som eig havet, men ein har laga nokre grensar for kor dei enkelte landa kan fiske. Vi kallar dette for økonomiske soner. Desse ligg utanfor kysten av dei enkelte landa, og her kan ikkje andre land fiske. I internasjonalt farvatn kan alle fiske.

I dei økonomiske sonene er det ikkje berre fisk som er ein naturressurs. I Noregs økonomiske sone finst òg mykje olje og gass under havbotnen.

Fiskebåt som trekker et stort garn etter seg i ganske urolig sjø med massevis av måker flyvende rundt.
Fiskebåt som trekker et stort garn etter seg i ganske urolig sjø med massevis av måker flyvende rundt.

Kjelder:

  • Christensen, Sigmund; Bratberg, Even: jordbruk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/jordbruk
  • Syverud, Gunnar; Bratberg, Even; Almås, Reidar: jordbruk i Norge i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/jordbruk_i_Norge
  • Helgesen, Jan E.; Hallenstvedt, Abraham: havrett i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/havrett

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images