Kva er likestilling?

Både menn og kvinner skal kunne velje det yrket dei vil. Det gjeld både dei som er nyutdanna, og dei som har jobba i mange år.

Kvifor snakkar vi om yrke for damer og yrke for menn?

Framleis seier folk at nokre jobbar er for menn, og at andre jobbar er for kvinner. Likestilling betyr at alle kan jobbe med det dei vil.

Kvifor er likestilling viktig?

Likestilling betyr at du kan bli kva du vil, anten det er tømmerhoggar eller sjukepleiar. 

Når det er variasjon i alder og kjønn på ein arbeidsplass, blir arbeidslivet meir rettferdig, og teamet har større sjanse til å lykkast!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
balansevekt
balansevekt

Kjønnsdeling i arbeidslivet

Undersøkingar viser at arbeidsmarknaden i Noreg framleis er inndelt etter kjønn. 85 %  har ein jobb der det anten er flest menn, eller flest kvinner.

Mange kvinner jobbar innan helse og utdanning i offentleg sektor. Mange menn jobbar innan teknologi og bygging i privat sektor.

Kanskje du kan bidra til eit meir likestilt arbeidsliv der alle kan gjere det dei har lyst til? 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En byggmester står og ser utover et område
En byggmester står og ser utover et område

Kvifor vel vi jobb etter kjønn?

Kvifor vel gutar typiske mannsyrke og jenter typiske kvinneyrke? Det kan verke rart at mange vel jobb ut frå kva slags kjønn dei har, og det er mange grunnar til dette.

Påverknad frå arbeidsgivarar
Arbeidsgivarane gir ofte menn dei viktigaste jobbane. Ein mann har dermed større sjanse til å lykkast på jobben.

Tradisjonelle utdanningsval

Flest unge gutar vel yrkesfag som tømrar eller elektro, medan unge jenter ofte vel helse- og oppvekstfag.

Forventningar i samfunnet

Mange trur at gutar liker teknologi og fysisk arbeid, medan jenter passar betre som lærarar eller sjukepleiarar.

Viss vi blir kvitt desse mønstera, er det lettare å lykkast i arbeidslivet, uansett kva kjønn du har.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To menn står på et kontor og tar hverandre i hendene, en kvinne står bak og ser på
To menn står på et kontor og tar hverandre i hendene, en kvinne står bak og ser på

Deltidsarbeid blant kvinner

Mange kvinner i Noreg jobbar deltid sjølv om dei har høg utdanning.

Kvifor jobbar så mange kvinner deltid, og kva er negativt med det?

Negative sider ved deltidsarbeid

  • Lønn: Deltid betyr færre timar på jobb og derfor mindre lønn.
  • Karriere: Færre timar jobb gjer det vanskeleg å få høgare stilling og meir ansvar.
  • Økonomisk tryggleik: Mindre jobbing gir mindre pengar og strammare økonomi.

Kvifor vel kvinner ofte deltid?

I mange typiske kvinneyrke er det ofte tilbod om deltidsjobbar. Kvinner vel dessuten deltid fordi dei har meir ansvar heime.

Kva kan vi gjere?

For å hjelpe kvinner til å jobbe meir, kan vi:

  • Tilby fleksibel arbeidstid: Fleksibel arbeidstid kan gjere det enklare å jobbe fulltid.
  • Endre haldningar: Kvinner ikkje jobbe i omsorgsyrke, og menn ikkje jobbe med teknologi.
  • Gode barnehagar: Så foreldre veit at barna har det bra medan dei er på jobb.
  • Meir hjelp heime: For familiar med ein krevjande omsorgssituasjon.
  • Betre forhold for bedrifter: Styresmaktene bør gi fordelar til bedrifter som tilbyr fulltidsjobbar.

Desse endringane kan gjere arbeidslivet meir rettferdig for alle.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Et sirkeldiagram med ca. 40% blå og 60% rød del
Et sirkeldiagram med ca. 40% blå og 60% rød del

Endringar på gang

Arbeidsmarknaden er framleis delt etter kjønn, men dette begynner å endre seg. 

Yngre generasjonar
Unge menneske i Noreg vel oftare jobbar som ikkje er typiske for kjønnet deira. 

Bidrag fra innvandrarar
Innvandrarar, spesielt menn som kjem frå land utanfor EU, jobbar i yrke med mange kvinner. 

Desse endringane bidreg til ein meir balansert arbeidsmarknad. 

En jente jobber som byggearbeider på en byggeplass
En jente jobber som byggearbeider på en byggeplass

Vegen vidare

Mange yrke er framleis dominerte av eitt kjønn.

Viss vi vil forandre det, må vi ha fleire kvinner i typiske «mannsyrke» og fleire menn i «kvinneyrke».

Har du tenkt på kva du vil bli? Hugs at alle jobbar kan passe for alle, uansett kjønn og erfaring.