Mellomkrigstida

Tida mellom første og andre verdskrigen blir kalla for mellomkrigstida. Perioden var prega av dårleg økonomi og høg arbeidsløyse. Mellomkrigstida varte frå 1918 til 1939 og var prega av at fredssamtalane ein hadde etter første verdskrigen, ikkje hadde ført til at ein fekk ein stabil fred i Europa.

Mange vestlege land var redde for korleis kommunismen kunne spreie seg, som følgje av den russiske revolusjonen og ei veksande arbeidarrørsle. I land som Tyskland og Italia gav denne frykta grobotn for fascisme og nazisme.

I mellomkrigstida vart ei rekkje imperium oppløyste og erstatta av fleire nye nasjonalstatar, men både Storbritannia og Frankrike beheldt koloniane sine. I Nord-Amerika fekk ein børskrakket i 1929, som gjorde det vanskeleg å byggje opp landet etter første verdskrigen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kart over Europa i papir stil
Kart over Europa i papir stil

Russland

I Russland hadde veldig mange vorte drepne under første verdskrigen. Den russiske hæren hadde mangla god leiing, og til slutt var det mange soldatar som ikkje lystra ordre. I staden for å gjere det dei fekk beskjed om, reiste dei heim.

Landet var prega av hungersnaud, og i byane streika og demonstrerte folk for å få eit betre liv. Vinteren vart veldig kald, og mange menneske svalt og fraus i hel.

Streikande arbeidarar i russiske byar samla seg i grupper som vart kalla sovjet. Her diskuterte ein korleis ein ønskte at framtida skulle vere. Dei var misnøgde med tsaren og den russiske nasjonalforsamlinga, dumaen.

Arbeidarane gjorde opprør, og tsaren måtte gå av. Dette skjedde i mars 1917, men blir kalla “februarrevolusjonen” fordi det ifølgje den julianske kalenderen, som vart brukt i Sovjetunionen, framleis var februar månad. Tsaren og heile familien hans vart avretta eitt år seinare.

I 1917 kom òg Vladimir Lenin tilbake til Russland etter å ha vore i utlandet i mange år. Han leidde ei gruppe som kalla seg bolsjevikar. Bolsjevikane kalla seg seinare kommunistar. Dei ønskte eit meir rettferdig samfunn.

Bolsjevikane meinte at arbeidarane skulle ha makta, at jorda skulle eigast av alle, at alle skulle få brød, og at alle skulle ha rett til å bestemme over seg sjølve.

Bolsjevikane danna ein hær, og ei natt arresterte dei alle medlemmane av regjeringa.

Lenin danna ny regjering, og regjeringa bestemte at dei skulle ha kontroll over industri og handel.

Då Lenin døydde, vart Josef Stalin den som tok over makta. Stalin, som betyr stålmannen, innførte eit terrorregime, og mange menneske vart drepne.

Lenin hadde arbeidd for at alle skulle kunne eiga jorda saman og kunne bestemme over sitt eige liv. Stalin bestemte kva som skulle bli dyrka på gardane, og han bygde mange nye fabrikkar. Stalin var redd for at folk skulle gjere opprør slik at han mista makta, derfor begynte han å avrette alle som var imot han!

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Februarrevolusjonen 1917 i Russland
Februarrevolusjonen 1917 i Russland

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!