Mellomkrigstida

Tida mellom 1. og 2. verdskrigen blir kalla mellomkrigstida. Perioden var frå 1918 til 1939. Mange var arbeidsledige og hadde dårleg råd.

I Russland kjempa arbeidarane for rettferd og betre arbeidsforhold. Vi kallar denne kampen for ein revolusjon. Folka ønskte ei rask endring av samfunnet, og mange vart drepne. Mange vestlege land var redde for at dei russiske ideane skulle spreie seg. I Tyskland og Italia førte det til fascisme og nazisme.

I mellomkrigstida vart fleire imperium oppløyste. Storbritannia var eit imperium som hadde teke kontrollen over mange andre land i verda. Fleire av desse vart no sjølvstendige land, men ikkje alle.

I USA vart det ei stor krise på børsen. Her kjøpte og selde folk aksjar. Med aksjar kunne ein eige ein del av eit firma og tene pengar på det. Men i 1929 tapte mange pengane sine på dette. Det vart kalla børskrakket på Wall Street, som er namnet på ei gate i New York der børsen ligg.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Kart over Europa i papir stil
Kart over Europa i papir stil

Russland

Første verdskrigen førte til store tap for Russland. Mange russarar vart drepne. Hæren hadde òg problem. Soldatar høyrde ikkje på ordre frå leiinga, men drog heim. Mange svalt og fraus i hel då det vart svoltkatastrofe og veldig kaldt. Folk i byane kravde å få eit betre liv.

Mange russiske arbeidarar streika. Dei samla seg i grupper som vart kalla sovjet. Dei var misnøgde med tsaren, som var øvste herskar, og med den russiske nasjonalforsamlinga – dumaen. I Noreg heiter nasjonalforsamlinga Stortinget. I mars 1917 vart det revolusjon, og mange vart drepne. Til og med tsaren og heile familien hans vart drepne av sinte russarar.

Ein mann som heitte Vladimir Lenin budde mange år i utlandet. I 1917 kom han tilbake til Russland. Målet hans var å skape eit rettferdig samfunn der alle skulle vere med å bestemme. Dei som hjelpte han, vart kalla bolsjevikar. Seinare fekk dei namnet kommunistar. Bolsjevikane laga ein hær og arresterte heile regjeringa.

Då den gamle regjeringa vart arrestert, sette Lenin saman ei ny regjering. Dei tok kontroll over industri og handel. Josef Stalin overtok makta då Lenin døydde. Stalin betyr stålmannen.

Stalin var redd for å miste makta, og derfor tok han livet av mange motstandarar. Han meinte Lenin hadde gitt arbeidarane altfor mykje makt. Stalin ville sjølv bestemme kva som skulle bli produsert og dyrka. For å tvinge befolkninga til å støtte han, dreiv han med terror.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Februarrevolusjonen 1917 i Russland
Februarrevolusjonen 1917 i Russland

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!