Menneske på flukt

Tenk deg at du og familien din må flykte. Du må forlate heimen din, stadet du bur, vennane dine, landet ditt. Ingenting vil bli som før. Slik har 82 millionar menneske i verda det i dag. Dei er på flukt frå krig, vald og forfølging.

mennesker på flukt
mennesker på flukt

Kva er ein flyktning?

FNs definisjon av ein flyktning er: «Einkvar person som er  utanfor det landet han er borgar av på grunn av godt grunngjeven frykt for å bli forfølgd på grunn av rase, religion, nasjonalitet, politisk oppfatning eller tilhøyrsle til ei spesiell gruppe».

Når ein flyktning oppfyller FNs kriterium, får hen automatisk visse rettar. Når hen har fått innvilga asyl i eit land, kan hen til dømes ha rett til arbeid og utdanning.

Etter 2. verdenskrigen vedtok FN at alle menneske har rett til å søke beskyttelse i eit anna land.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kvifor må folk flykte?

Dei viktigaste grunnane til at folk flyktar, er krig, konflikt, forfølging og brot på menneskerettane. Nokre er også klimaflyktningar. Dei flyktar på grunn av klimaendringane. Det kan til dømes vere ved flom, tørke eller andre naturkatastrofar.

Høy vannstand og flom i en elv
Høy vannstand og flom i en elv

Kva for nokre land flyktar menneske frå?

Det landet flest folk flykta frå i 2020, er Syria. Det året flykta over 6,5 millionar menneske ut av landet. Det har vore borgarkrig i Syria heilt sidan 2011. Mange flyktar òg frå land som Palestina, Venezuela og Afghanistan.

På kva måtar flyktar menneske?

Folk flyktar på mange måtar. Til fots, i konteinarar, i lastebilar og over hav. Det er mange triste tilfelle av menneskesmugling. Folk blir funne i konteinarar. Mange døyr eller overlever så vidt. Dei som smuglar flyktningar, tener masse pengar.

Verdas farlegaste fluktrute er middelhavsruta mellom Nord-Afrika og Sør-Europa. Flyktningane blir sende ut på sjøen i overfylte, skrøpelege båtar. Sidan 2013 har 17 000 menn, kvinner og barn drukna på denne ruta.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva for land flyktar menneske til?

Av dei 82 millionane som er på flukt, flyktar 80 prosent til nabolandet sitt. Land som Kenya og Libanon tar då imot mange flyktningar.

I Bangladesh ligg verdas største flyktningleir. Der bur det nesten éin million menneske. Mange av dei har flykta frå Myanmar og tilhøyrer den muslimske minoriteten rohingya.

I Europa har Tyrkia flest flyktningar. Polen grenser til Ukraina. Etter at krigen braut ut i Ukraina, flyktar mange ukrainarar til Polen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Internt fordrivne

Menneske som er på flukt i eige land, blir kalla internt fordrivne. Det gjeld dei fleste flyktningane i verda. FN definerer ikkje desse som flyktningar, og derfor har dei ikkje rett til same beskyttelse som om dei flykta ut av landet sitt. Og her toppar Syria den sørgjelege statistikken.

Internt fordrivne fell ofte mellom to stolar. Verken eigne eller internasjonale styresmakter vil verne dei. Dei har likevel same menneskerettar som alle andre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Menneske på flukt i historia

Menneske har alltid vore på flukt. Og årsakene har alltid vore dei same: konflikt og krig, svolt og naud.

Under 2. verdskrigen var Noreg okkupert av Tyskland. Mange nordmenn flykta til Sverige. Å krysse svenskegrensa kunne vere livsfarleg. Hemmelege fluktruter vart organiserte med livet som innsats.

Krigen i Ukraina har ført til at fleire millionar menneske brått har vorte drivne på flukt. Det er no rekordmange menneske på flukt i verda: 82 millionar – det er 1 prosent av befolkninga i verda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

FNs høgkommissær for flyktningar

Dei to verdskrigane er bakgrunnen for FNs flyktningkonvensjons definisjon av flyktningar. Verdssamfunnet anerkjenner behovet til flyktningar for hjelp. Det gir dei visse grunnleggjande rettar.

FN oppretta òg ein høgkommissær for flyktningar, kalla UNHCR. Dei sørgjer for at land samarbeider om å løyse flyktningkrisa, og dei passar på at styresmaktene følgjer reglane.

I tillegg jobbar UNHCR «på bakken». Dei driv mange flyktningleirar og jobbar for at flyktningar har tilgang til til dømes mat og helsetilbod.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Barn på flukt

Halvparten av alle flyktningane er barn. 50 prosent av desse får ikkje gå på skule. Nokre barn flyktar åleine. Andre har komme vekk frå familien sin under flukta. Barn på flukt er sårbare for overgrep og menneskehandel, og dei kan bli tvinga til barnearbeid eller til å delta i krig.

Flyktningar i Noreg

I 2020 fekk over 2000  flyktningar opphald i Noreg. Dei fleste var frå Syria. Dei blir kalla kvoteflyktningar. Politikarar i kvart land bestemmer kor mange flyktningar dei vil ta imot.

Det første flyktningane får hjelp og støtte til, er ein stad å bu, mat og tryggleik. Eit nytt liv i nytt land kan starte. Nokre ønskjer å dra heim så fort som mogleg. Mange kan ikkje reise tilbake til heimlandet sitt og etablerer seg derfor i Noreg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ein ny start

Å flykte frå hjem, familie og heimlandet sitt er ofte siste utveg for flyktningar. Men heldigvis kan ein fortvila situasjon endrast til nye moglegheiter.

Når ein flyktning har fått opphald, begynner eit nytt liv. Mykje skal lærast – språket og kanskje nye, rare måtar å gjere ting på.

Flyktningar er ikkje like. Når vi lærer kvarandre å kjenne, kan alle sine ressursar og tradisjonar flettast saman. Slik blir stadig nye, fargerike trådar vovne inn i fellesskapet, trådar som styrkjer det og gjer det komplett.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Gjengedal, Kjerstin; Eggen, Øyvind; Allkunne: klimaflyktning i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 9. mai 2022 frå https://snl.no/klimaflyktning

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images