Menneske på flukt

Tenk deg at du og familien din må flykte. Du må forlate heimen din, vennene dine og landet ditt. Ingenting blir som før. Slik har 82 millionar menneske det i dag. Dei er på flukt frå krig, vald og forfølging.

mennesker på flukt
mennesker på flukt

Kva er ein flyktning?

FN har bestemt at ein flyktning er: «Einkvar person som er utanfor det landet han er borgar av på grunn av godt grunngjeven frykt for å bli forfølgd på grunn av rase, religion, nasjonalitet, politisk oppfatning eller tilhøyrsle til ei spesiell gruppe».

Alle som blir rekna som flyktningar, kan få asyl i eit nytt land. Då kan dei ha rett til arbeid og utdanning.

Etter 2. verdenskrigen vedtok FN at alle kan søke beskyttelse i eit anna land.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kvifor må folk flykte?

Det er mange grunnar til at menneske må flykte. Det kan vere krig, konflikt, forfølging og brot på menneskerettane. Nokre må flykte på grunn av klimaendringar. Dei flyktar frå flaum, tørke eller andre naturkatastrofar. Dei blir kalla for klimaflyktningar.

Høy vannstand og flom i en elv
Høy vannstand og flom i en elv

Kva for land flyktar menneske frå?

Syria er landet flest folk flykta frå i 2020. Dette året flykta over 6,5 millionar menneske. Det er fleire enn i heile Noreg!

I Syria har det vore borgarkrig lenge. Det er òg veldig mange som flyktar frå Palestina, Venezuela og Afghanistan.

På kva måtar flyktar menneske?

Det er mange måtar å flykte på. Folk flyktar til fots, i konteinarar, i lastebilar og over hav.  Dei som smuglar flyktninger, tener masse pengar.

Sjøvegen over Middelhavet er den farlegaste fluktruta i verda. Flyktningane blir ofte stua saman i skrøpelege båtar og sende ut på sjøen. Veldig mange av flyktningane døyr på vegen. Sidan 2013 har 17 000 menneske mista livet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva for land flyktar menneske til?

80 prosent av dei som er på flukt i verda, flyktar til nabolandet sitt. Kenya og Libanon er to av landa som tek imot mange flyktningar frå nabolanda sine.

Verdas største flyktningleir

I Bangladesh ligg verdas største flyktningleir. Der bur det nesten éin million menneske. Mange som bur der, har flykta frå Myanmar. Dei tilhøyrer den muslimske minoriteten rohingya.

Flyktningar i Europa 

Tyrkia er det landet i Europa som har flest flyktningar i dag. Landet Polen er nabolandet til Ukraina. Mange ukrainarar har flykta til Polen etter at krigen braut ut.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Internt fordrivne

Menneske som er flyktningar i sitt eige land, blir kalla internt fordrivne. Dei fleste flyktningane i verda er det. Desse blir ikkje rekna som flyktningar på den måten FN har bestemt.

Det betyr at dei ikkje har rett til same beskyttelse som dei ville hatt om dei flykta ut av landet sitt. Men menneskerettane gjeld for alle alltid. Syria er det landet i verda med flest internt fordrivne.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Menneske på flukt i historia

Menneske har alltid flykta. Årsakene har alltid vore dei same:  konflikt, krig, svolt  og naud.

Under 2. verdskrigen var Noreg okkupert av Tyskland. Hemmelege og livsfarlege fluktruter vart organiserte. Med livet som innsats flykta mange nordmenn til Sverige.

Krigen i Ukraina har ført til at fleire millionar menneske brått har vorte drivne på flukt. Det er no rekordmange menneske på flukt i verda: 82 millionar – det er 1 prosent av befolkninga i verda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

FNs høgkommissær for flyktningar

FNs definisjon av kva ein flyktning er, vart laga etter to verdskrigar. Verda såg at flyktningar hadde eit stort behov for hjelp og at dei har krav på grunnleggjande rettar.

FN oppretta ein høgkommissær for flyktningar, kalla UNHCR. Dei samarbeider om å løyse flyktningkrisa.

I tillegg passar dei på at styresmaktene følgjer reglane. UNHCR driv mange flyktningleirar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Barn på flukt

Halvparten av alle flyktningane i verda er barn. Og halvparten av dei får ikkje gå på skule. Nokre barn flyktar åleine. Andre mistar familien sin under flukta.
Barn på flukt er sårbare for overgrep. Dei kan bli selde og må arbeide. Mange barn blir tvinga til å delta i krig.

Flyktningar i Noreg

I 2020 fekk over 2000 flyktningar opphald i Noreg. Dei fleste kom frå Syria. Dei blir kalla kvoteflyktningar. Politikarar i kvart land bestemmer kor mange  flyktningar dei vil ta imot.

Flyktningane får hjelp til eit stad å bu, mat og tryggleik. Nokre flyktningar ønsker å dra heim så fort dei kan, andre kan ikkje reise tilbake til heimlandet sitt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ein ny start

Å flykte frå heimen, familien og heimlandet sitt er ofte siste utveg for flyktningane. Men mange flyktningar kan oppleve nye moglegheiter.

Når ein flyktning endeleg har komme fram til eit nytt land og fått opphald her, begynner eit nytt liv. Det er mykje som skal lærast – språket og kanskje nokre nye måtar å gjere ting på.

Når vi blir kjende med kvarandre, blir nye og fargerike trådar vovne inn i fellesskapet, og vi får eit sterkt samfunn.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Gjengedal, Kjerstin; Eggen, Øyvind; Allkunne: klimaflyktning i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 9. mai 2022 frå https://snl.no/klimaflyktning

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images