Byen som ein trygg stad 

Me veit ikkje sikkert kvifor byane i Mesopotamia oppstod. Folket bygde tempel, kalla zigguratar, for å tilbe gudane. Desse templa blei også sosiale møteplassar. Mesopotamia var avhengig av handel for å skaffa seg nødvendige råvarer. Difor oppstod marknadsplassar og torg.

Det braut stadig ut krig med nabostatane, og dei krangla gjerne om naturressursane. Dermed fekk byane etter kvart ein høg bymur, for å verna innbyggjarane. 

Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Verdsbyen

Hovudstaden i Mesopotamia var blant dei viktigaste byane i Midtausten i tusenåra før Kristus. Babylon tyder «porten til gud». Leiarane i Mesopotamia var flinke til å planlegga korleis byane skulle vera. 

Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Høghus 

Dei fleste byane i Mesopotamia hadde bygningar med fleire etasjar. Sjølv dei fattige hadde hus med tre etasjar.  

Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Ishtarporten

Hovudporten i byen, Ishtarporten, var 15 meter høg. Porten var pynta med glasert murstein. Dei brukte blå lasurstein for at dekorasjonane skulle glitra. Porten blei bygd for å imponera både folk og gudar.

Dei hengande hagane i Babylon

Ein trur at det var kong Nebukadnesar den 2. som bygde den praktfulle hagen til dronninga si. Forskarane er usikre på kor hagen låg og om han faktisk fanst.

Babylons hengende hager
Babylons hengende hager

Dei sju underverka

I oldtida fanst det nokre heilt fantastiske byggverk. Desse var så godt laga at dei blei sett på som underverk – noko som nesten ikkje var mogleg å konstruera. Dei hengande hagane i Babylon blir rekna som eit av desse sju underverka.

De syv underverker
Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Etemananki-tårnet

Midt i Babylon stod tempeltårnet Etemananki. Tårnet hadde sju etasjar og var 90 meter høgt. Det kan til og med ha hatt ei overflate i gull og sølv. Det var sannsynlegvis ein viktig stad for feiring og tilbeding av gudane.

Kjelder:

  • Groth, Bente; Barstad, Hans M.Mesopotamia i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 3. november 2020 frå https://snl.no/Mesopotami
  • Barstad, Hans M.; Groth, Bente: Babylon i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 3. november 2020 frå https://snl.no/Babylon
  • Historie Junior (2016)
    Orage Forlag AS
  • HistorieVår fortid – slik har den påvirket oss (2016)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. The Met – Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Ukjent – offentlig eiendom
    6. Alex lbh / Martin Heemskerck (CC BY-SA 3.0)
    7. Pieter Bruegel The Elder – CC – Public domain