Hjernen reagerer 

Kva skjer i hovudet ditt når du yrer favorittmusikken din? Hjernen er eit komplekst organ som reagerer underlege måtar når han yrer musikk. Forskarar har komme langt med å finne ut korleis og kvifor musikk kan hjernen til å reagere som han gjer.

Korleis hjernen vår analyserer lyd 

Når du høyrer musikk, prøver hjernen først å omarbeide hovudtrekka ved lyden. Han finn ut om tonar er høge eller låge, kor lenge dei varer, og kor sterke dei er. byrjar han forstå melodien, og at ulike instrument spelar forskjellige ting. Etterpå samanliknar han musikken med det som ligg lagra i minnet – er dette noko du har høyrt før? Kva kjende du sist gong du høyrde det? Til slutt får du eit resultat. Viss du ikkje likar songen, skrur du han kanskje av. Viss du likar han, kan det hende du får lyst til å danse.

Det er nyttig å undersøkje hjernen 

Dersom hjernen er skadd, er det nokre delar av han som fungerer dårlegare. Det kan hjelpe oss å lære om korleis menneske reagerer når dei høyrer musikk. Viss ein spelar musikk for ein person som har ein skade ein spesiell stad i hjernen, ser ein kanskje at dei reagerer på ein annan måte. Vi kan sjå desse reaksjonane på eit fMRI-bilete, som ein tar ved å skanne hjernen. Hjernen med den skadde biten har problem med ting som ein frisk hjerne klarer fint. Då veit vi kva akkurat den biten av hjernen gjer hos friske menneske. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ein spesiell del av hjernen 

Ein ting vi har funne ut på denne måten, er at snakking og musikk ikkje går føre seg på same stad i hjernen. Viss ein får ein hjerneskade som gjer at det er vanskeleg å snakke, er det ikkje alltid slik at det også er vanskeleg å syngje ein song. Det verkar ganske merkeleg for oss, men det er slik hjernen verkar. For folk som stammar, kan det ofte vere lettare å syngje det dei har å seie.

Å vere tonedøv 

Du har sikkert høyrt nokon bli kalla «umusikalsk» eller «tonedøv» som ei fornærming. Men det er faktisk ganske vanleg å ha problem med å forstå melodiar. Ved å skanne hjernen til folk kan vi sjå at nokon har mindre kvit materie der som hjernen forstår musikk. Heldigvis betyr ikkje det at dei ikkje kan vere like glade i musikk som andre, dei har berre lett for å blande tonane. Denne biten av hjernen utviklar seg gjennom heile oppveksten. Ein kan altså ikkje vite om nokon er tonedøve før dei har blitt vaksne. 

Kvifor får du frysingar av musikk? 

Ein skikkeleg bra song kan håra til å reise seg armane dine. Det er ofte godt, men også litt rart. Det skjer fordi den delen av hjernen som oppfattar musikk, er tett kopla saman med den delen som gir deg gode kjensler. Nokre melodiar kan aktivere kjensledelen, og då gir musikken gi deg ei kjensle. Ein kan også få den same effekten av å ete skikkeleg god mat. 

Overrasking

Vanlegvis får vi gåsehud når vi kjenner ein kald vind i nakken eller opplever noko spanande. Forskarar er ikkje heilt sikre kvifor, men dei meiner det er knytt til overrasking. Når musikk plutseleg tar ei heilt ny vending og overraskar deg, får du kanskje gåsehud. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor trampar vi takten til musikk? 

Når ein høyrer ein kraftig rytme, hender det at ein får ein trong til å klappe eller trampe i takt. Før trudde ein at det kom av at ein berre etterlikna måten ein spelar musikk på. I seinare tid har vi oppdaga at det å trampe eller klappe hjelper hjernen med å forstå musikken betre.

Kva gjer ein song fengande? 

Iblant kan ein song feste seg hjernen, og vi klarer ikkje slutte å syngje eller tenkje han. Forskarar synest dette er veldig interessant. Nokre songar har lettare for å feste seg enn andre, men det finst ingen enkel formel som viser oss kva som er fengande. VI ser likevel nokre mønster. Fengande songar har ofte korte vers som går igjen og igjen. Det hjelper også om ein har knytt noko spesielt til songen. For eksempel kan det vere at han liknar på noko anna du har høyrt, eller at han har ein tekst du kjenner deg att i. Difor er det også slik at ein song som du synest er fengande, ikkje festar seg hos ein annan person. 

Akustikk 

Rommet ein står har, har ein påverknad på korleis lyd høyrest ut. Viss du syng i eit stort rom, beveger lydbølgjene seg langt før dei sprett tilbake til deg. Då får du ein lang etterklang. Viss veggene er av tre eller er dekte med tapet, syg dei opp mykje av lyden utan å sende han tilbake. høyrer du berre stemma di akkurat slik du song, heilt utan klang. 

Å syngje i dusjen 

Det høyrest ofte betre ut når ein syng i dusjen. På badet er du i eit mindre rom. Fliser, speglar og glas er harde material, som reflekterer lyden i alle retningar. Du får ein høg, kort etterklang. Denne klangen gjer det vanskeleg å høyre om du song feil ein stad. I tillegg blir dei djupe tonane i stemma di forsterka meir enn dei høge, noko som får stemma til å verke fyldig. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Når tok vi til å spele musikk? 

Menneske har skapt musikk i titusenvis av år. Dei eldste kjende instrumenta er 42 000 år gamle. Dette er fløyter av bein og elfenbein som blei funne i ei hòle i Tyskland. Ein trur at musikk eksisterte lenge før dette òg. Ein kan jo lage melodiar med stemma. Vi trur at det å lage musikk saman hjelpte dei første menneska til å danne sosiale band. Det kan ha gitt forfedrane våre eit overtak på andre artar, som neandertalarane. 

Hjernen blir påverka av musikk 

Kjelder:

  • Ny vitenskap 04 (2017)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Thinkstock Photos
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Thinkstock Photos
    6. Getty Images
    7. Thinkstock Photos
    8. Thinkstock Photos
    9. Getty Images
    10. NRK