Hjernen reagerer 

Kva skjer i hovudet ditt når du yrer fin musikk? Hjernen reagerer rare måtar når du yrer musikk. Forskarar jobbar med å finne ut korleis musikk kan hjernen til å reagere som han gjer. 

Korleis hjernen vår forstår lyd 

Når du høyrer musikk, prøver hjernen først å skjønne kva han høyrer. Han finn ut om tonar er høge eller låge, kor lenge dei varer, og kor sterke dei er. får han med seg melodien. sjekkar han om du har høyrt songen før, for eksempel. Kanskje hugsar du at du kjende noko sist du høyrde songen. Viss du ikkje likar songen, skrur du han kanskje av. Viss du likar han, kan det hende du får lyst til å danse. 

Det er nyttig å undersøkje hjernen 

Dersom hjernen er skadd, er det nokre delar av han som ikkje verkar som dei skal. Det kan hjelpe oss å lære meir om hjernen. Viss ein spelar musikk for nokon som har fått skade hjernen, reagerer dei kanskje annleis. Vi kan ta spesielle bilete av hjernen. Der kan vi sjå kva for delar som jobbar hardt. Slik kan vi lære kva delar av hjernen som gjer kva. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ein spesiell del av hjernen 

Vi har funne ut at snakking og musikk skjer forskjellig stad i hjernen. Ein skade hjernen kan gjere det vanskeleg å snakke, slv om ein greier å syngje heilt fint. Det verkar litt rart, men det er slik hjernen verkar. 

Å vere tonedøv 

Mange folk har problem med å yre om musikk læt falskt. Då seier vi at dei er tonedøve. Viss vi tar bilete av hjernen deira, ser vi at den biten som forstår musikk, er mindre. Dei kan framleis elske musikk, og elske å danse. Men dei har vanskeleg for å lage melodiar. Dei har lett for å blande tonane. Denne biten av hjernen utviklar seg når ein veks. Ein kan ikkje vite om nokon er tonedøve før dei har blitt vaksne. 

Kvifor får du frysingar av musikk? 

Ein skikkeleg bra song kan håra til å reise seg armane dine. Det er ofte godt, men også litt rart. Det har med korleis hjernen er bygd opp å gjere. Den delen som oppfattar musikk, er tett kopla saman med delen som gir deg kjensler. Difor kan musikk gi deg kjensler. 

Frysingar

Vi får gåsehud når vi kjenner ein kald vind i nakken. Vi r også gåsehud når det skjer noko spanande. Forskarar er ikkje heilt sikre kvifor. Dei meiner det skjer når vi blir overraska. Når musikk plutseleg tar ei heilt ny vending og overraskar deg, får du kanskje gåsehud. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor trampar vi takten til musikk? 

Har du nokon gong kjent at du berre klappe takten til ein song? Det skjer somme gonger når ein yrer ein kraftig rytme. Før trudde ein at det var mest for gøy. No veit vi at det hjelper hjernen med å forstå musikken betre.

Kva gjer ein song fengande? 

Iblant kan ein song feste seg hjernen. Då klarer vi ikkje slutte å syngje eller tenkje han. Forskarar synest dette er veldig interessant. Nokre songar har lettare for å feste seg enn andre. Det er ofte songar der det same går igjen og igjen. Det hjelper også om du likar songen godt, eller om du har yrt noko som liknar. Ein song som er fengande for deg, er kanskje ikkje fengande for andre. 

Klang 

Viss du syng i eit stort rom, blir lyden annleis. høyrer du klang etter at du er ferdig. I eit veldig lite rom kjem klangen samtidig som du syng. Dette er fordi lyden sprett når han treffer veggen. Viss veggane er av tre, lagar dei mindre klang. høyrer du berre stemma di akkurat slik du song. 

Å syngje i dusjen 

Har du prøvd å syngje i dusjen? Det høyrest ofte ekstra bra ut. Det er fordi badet er eit lite rom. Det er også harde veggar, som fliser og glas. sprett lyden mykje og lagar mykje klang. Klangen gjer det vanskeleg å høyre om du song feil ein stad. kjennest det som om du er flinkare til å syngje! 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Når tok vi til å spele musikk? 

Menneske har laga musikk i lang tid. Vi har funne fløyter som er 42 000 år gamle. Dei var laga av bein, og blei funne i ei hòle i Tyskland. Musikk fanst nok lenge før dette òg. Ein kan jo lage melodiar med stemma! Vi trur at det var viktig for dei første menneska å lage musikk saman. Då ble ein betre venner, og blei flinkare til å hjelpe kvarandre. 

Hjernen vert påverka av musikk

Kjelder:

  • Ny vitenskap 04 (2017)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Thinkstock Photos
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Thinkstock Photos
    6. Getty Images
    7. Thinkstock Photos
    8. Thinkstock Photos
    9. Getty Images
    10. NRK