Å vere ei potet

Kanskje du har høyrt at nokon har vorte omtalt som «ei potet»? Det er ikkje fordi dei er kjedelege eller runde, men fordi dei er veldig allsidige. Akkurat som poteta. Dei kan setjast til å gjere mange ulike oppgåver.

Viss noko derimot er «ei varm potet», så bør ein halde seg unna. Då har nokon eit problem som er vanskeleg å løyse. Det er gjerne òg knytt ein del kjensler til problemet.

Potet
Potet

Frå Sør-Amerika

Poteta stammar frå Sør-Amerika og har vore dyrka i fleire tusen år. Spanske erobrarar tok poteta med til Europa på 1500-talet. Ho vart ikkje så populær før to hundre år seinare. Poteta kom til Noreg cirka 1740.

Poteta vart populær fordi ho var enkel å dyrke, og fordi ho kunne lagrast i lang tid. Poteta er òg ei av dei viktigaste næringskjeldene våre med mange karbohydrat, jern og vitamin.

Rotfrukt

Poteta er ei rotfrukt.Vi et rett og slett ei rot som veks i jorda. Poteta kan også kallast ein knoll. Dei fleste brukar poteta som ei grønsak saman med annan mat.

Poteta kan vere giftig

Vi kan ikkje ete det som er over jorda på potetplanten. Det kan vere helseskadeleg.

Når poteta blir utsett for sollys, produserer ho gifta solanin. Når poteta er grøn, anten på eller under skalet, kan dette tyde på at ho er giftig. Slike poteter bør ikkje etast av menneske.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Hender og poteter med jord
Hender og poteter med jord

Poteta kjem i mange former

Poteter har forskjellig form, farge og storleik. Dei er nøytrale i smaken og passar saman med det meste.

Vi kan koke, steikje eller bake poteter. Eller vi kan bruke dei i supper, gryterettar, salatar og omelettar. Du kjenner òg poteta som potetgull. Då er ho delt i tynne skiver og fritert i olje. Vi kan lage mjøl av poteta (potetmjøl), eller vi kan lage potetmos.

Jordeple

I nokre norske dialektar blir poteta omtalt som jordeple. Vi finn akkurat det same i fransk. Dei kallar poteta for pommes dei terre, som betyr jordeple.

Vi har teke med oss det franske pommes (eple) i ord som pommes frites.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Forskjellige typer poteter
Forskjellige typer poteter

Ei viktig næringskjelde

Poteta har hatt mykje å seie for kosthaldet i Noreg, ikkje minst i krisesituasjonar. Framleis er forbruket av poteter relativt høgt, men vi et mindre poteter no enn før. Kvifor det, trur du?

Poteter gir oss mykje næring. Dei inneheld mykje av det kroppen vår treng. Derfor er dei så viktige på middagsbordet. Så smakar dei veldig godt i tillegg.

Skjørbuk

Skjørbuk er ein sjukdom som kjem av mangel på C-vitamin. Sjøfolk i tidlegare tider fekk ofte for lite C-vitamin. Om bord på skipa var det ofte mangel på frukt, grønsaker og ferskt kjøt.

I dag er det ikkje mange som lir av skjørbuk, men fattigdom og flukt frå krig kan gi avgrensa tilgang på næringsrik mat, og C-vitaminmangel.

Skjørbuk fører til utmatting og mykje smerte. Tennene kan falle ut, og ein får lett blåmerke på huda.

Potetferie

Visste du at haustferien eigentleg var potetferie? Då fekk barn fri frå skulen for å hjelpe til med å hauste inn potetene. Det er nok ikkje like vanleg lenger.

På slutten av 1950-talet åt kvar nordmann nesten 80 kg poteter i året. I 2022 åt kvar person berre 18 kg i året. Noko av årsaka til dette er nok at mange har bytt ut poteter med pasta og ris.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Heimelaga potetmos

Det er enkelt å lage potetmos sjølv. I denne videoen ser du korleis det blir gjort:

Kjelder:

  • Holtet, Einar kr: Potet i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M09 20 frå
    https://snl.no/potet
  • Holtet, Einar Kr.: Potet Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M09 20 frå
    https://snl.no/potet

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Frukt.no YouTube