Læreplantilkobling

Fag

Mat og helse

Core Kjerneelementer

  • Helsefremjande kosthald
  • Berekraftige matvanar og berekraftig forbruk
  • Mat og måltid som identitets- og kulturuttrykk

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

4. trinn
Mat og helse
  • samtale om måltidsskikkar frå norsk og samisk kultur og frå andre kulturar, og om verdien av å ete saman med andre
4. trinn
Mat og helse
  • fortelje om kva som kjenneteiknar sunn og variert mat og kvifor det er viktig for helsa
4. trinn
Mat og helse
  • utnytte lokale matvarer i matlaging og presentere ledda i produksjonskjeda frå råvare til måltid
7. trinn
Mat og helse
  • vise samanhengar mellom matvaregrupper og næringsstoff som er viktige for god helse
7. trinn
Mat og helse
  • kjenne att og greie ut om grunnsmakar i matvarer og fortelje om og diskutere korleis smak kan påverke matpreferansar og matval
10. trinn
Mat og helse
  • drøfte korleis kosthald kan bidra til god helse, og bruke digitale ressursar til å vurdere eige kosthald og til å velje sunne og varierte matvarer i samband med matlaging
10. trinn
Mat og helse
  • lage mat frå norsk og samisk kultur og frå andre kulturar og samanlikne og utforske råvarer og matlagingsmetodar som blir brukte i ulike matkulturar

Å vere ei potet

Har du høyrt at nokon er som “ei potet”? Då er dei allsidige og kan brukast til det meste.

Potet

Frå Sør-Amerika

Poteta stammar frå Sør-Amerika og har vore dyrka i fleire tusen år. Spanske soldatar tok poteta til Europa på 1500-talet. Ho kom til Noreg cirka 1740.

Det tok litt tid før poteta vart populær, men ho vart mykje brukt. Ho var enkel å dyrke, og ho kunne lagrast over lang tid.

Rotfrukt

Poteta blir kalla ei rotfrukt. Det er fordi vi et rota til potetplanten. Ho blir også kalla ein knoll. Potet er ei av dei viktigaste grønsakene i verda.

Poteta kan vere giftig

Når poteta får mykje sollys på seg, produserer ho gifta solanin. Vi ser det viss poteta er grøn. Då bør vi ikkje ete henne. Slike poteter kan bli brukte som dyrefôr.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Hender og poteter i jord

Poteta kjem i mange former

Poteter har ulik form, farge og storleik. Dei er nøytrale i smaken og passar saman med det meste.

Vi kokar, steikjer og bakar poteter. Dei blir òg brukte i potetsalat og i omelettar. Favoritten blant mange er nok potetgull. Det er tynne potetskiver friterte i olje.

Jordeple

På fransk heiter potet pommes de terre. Det betyr jordeple. Vi kjenner igjen namnet i pommes frites som er små friterte bitar av potet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Forskjellige typer poteter

Ei viktig næringskjelde

Potet inneheld mange viktige næringsstoff. Vi et framleis mykje potet, men ikkje like mykje som før? Kvifor det, trur du?

Skjørbuk

Sjøfolk i tidlegare tider fekk ein sjukdom som heiter skjørbuk. Dei fekk ikkje nok C-vitamin. Det var ikkje nok frukt, grønsaker og ferskt kjøt ombord. Skjørbuk gjer at du blir veldig sliten, mistar tennene og får lett blåmerke.

Det er ikkje like vanleg i vår tid.

Potetferie

Visste du at haustferien eigentleg var potetferie? Då fekk barn fri frå skulen for å hjelpe til med å hauste inn potetene. Det er ikkje så vanleg no lenger.

Vi et færre poteter no enn for 70 år sidan. Noko av årsaka til dette er at vi et meir pasta og ris.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Heimelaga potetmos

Det er enkelt å lage potetmos sjølv. I denne videoen ser du korleis det blir gjort:

Kjelder:

  • Holtet, Einar kr: Potet i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M09 20 frå
    https://snl.no/potet
  • Holtet, Einar Kr.: Potet Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M09 20 frå
    https://snl.no/potet

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Frukt.no YouTube