Å vere ei potet

Kanskje du har høyrt at nokon har vorte omtalte som «ei potet»? Det er ikkje fordi dei er kjedelege eller runde, men fordi dei, som poteta, er veldig allsidige. Dei kan setjast til å gjere mange ulike oppgåver.

Viss noko derimot er «ei varm potet», så bør ein halda seg unna. Det betyr at det er eit vanskeleg, ømtolig tema.

Potet
Potet

Frå Sør-Amerika

Poteta stammar frå Sør-Amerika der ho har vore dyrka i fleire tusen år. Spanske erobrarar førte poteta til Europa på 1500-talet, men ho vart ikkje så populær før på 1700-talet. Poteta kom til Noreg cirka 1740.

Poteta vart populær fordi det ofte var matmangel om vinteren. Ho var enkel å dyrke, og ho kunne lagrast i lang tid.

Potet er ei av dei viktigaste matvarene i verda. Det er ei av dei viktigaste næringskjeldene våre med høgt innhald av karbohydrat, jern og vitamin C.

Rotfrukt

Poteta er ei rotfrukt. Så det vi et, er eigentleg ei rot, det som er under bakken. Vi kallar dette for knollar. Dei blir gjerne rekna som ein type grønsak.

Alle rotfrukter inneheld mange vitamin, mineral og mykje fiber.

Poteta kan vere giftig

Poteta høyrer til søtvierfamilien, der vi finn mange giftige artar. Det vi kan ete av planten, er knollane. Vi kan ikkje ete det som er over jorda på potetplanten.

Når poteta blir utsett for sollys, produserer ho gifta solanin. Når poteta er grøn, anten på eller under skalet, er dette ein indikasjon på at ho har vore utsett for lys, og at ho kan innehalde solanin. Slike poteter bør ikkje etast av menneske.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Hender og poteter med jord
Hender og poteter med jord

Poteta kjem i mange former

Det finst mange ulike potetsortar. Poteter har ulik form, farge, storleik og brukseigenskapar. Poteter er nøytrale i smaken og passar derfor saman med nesten all middagsmat.

Vi bruker poteta kokt, steikt, bakt, stua, i supper og gryterettar, i salatar og omelettar. Du kjenner òg poteta som potetgull. Då er ho delt i tynne skiver og blir fritert. Vi kan lage mjøl av poteta (potetmjøl), eller vi kan lage potetmos. Ho blir òg brukt til dyrefôr, til å lage alkohol og i annan industriell produksjon.

Jordeple

I nokre dialektar blir poteta omtalt som jordeple. Vi finn akkurat det same i fransk. Dei kallar poteta for pommes des terre, og direkte omsett betyr dette jordeple.

Vi har teke med oss det franske pommes (eple) i ord som pommes frites, som er friterte bitar av potet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Forskjellige typer poteter
Forskjellige typer poteter

Ei viktig næringskjelde

Potetknollen er ei allsidig samansett råvare som inneheld mange viktige næringsstoff.

Poteta har hatt svært mykje å seie for kosthaldet i Noreg, ikkje minst i krisesituasjonar. Framleis er forbruket av poteter relativt høgt, men vi et mindre poteter no enn tidlegare. Kvifor det, trur du?

Poteter er magrare kost enn kornprodukt, men har stivelse som det viktigaste næringsstoffet. Poteter har òg ein del kostfiber og gir oss tilskot av jern, kalium, C-vitamin og mange B-vitamin.

Skjørbuk

Skjørbuk er ein sjukdom som kjem av C-vitaminmangel. Sjøfolk i tidlegare tider var utsette for dette. Om bord på skipa var det ofte mangel på C-vitaminhaldig mat som frukt og grønsaker.

I dag er det ikkje mange som lir av dette, men fattigdom og flukt frå krig kan føre til avgrensa tilgang til frukt og grønsaker, og folk kan få C-vitaminmangel.

Skjørbuk fører til at ein blir sliten og lett får smerter. Tennene kan falle ut, og ein får lett blåmerke på huda.

Potetferie

Visste du at haustferien eigentleg var potetferie? Då fekk barn fri frå skulen for å hjelpe til med å hauste inn potetene. Det er nok ikkje så mange som bruker haustferien på å vere i potetåkeren lenger.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at vi et mindre poteter enn tidlegare. På slutten av 1950-talet åt kvar nordmann nesten 80 kg poteter i året. I 2022 åt kvar person ca. 18 kg i året. Noko av årsaka til dette er nok inntoget av pasta og ris i norske kjøkken.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Heimelaga potetmos

Det er enkelt å lage potetmos sjølv. I denne videoen ser du korleis det blir gjort:

Kjelder:

  • Holtet, Einar kr: Potet i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M09 20 frå
    https://snl.no/potet
  • Holtet, Einar Kr.: Potet Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M09 20 frå
    https://snl.no/potet

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Frukt.no YouTube