Ja, vi elskar
kongen vår

Dei fleste i Noreg er glade i monarkiet og kongen vår. Vi kan vel ikkje tenkje oss ein 17. mai utan at kongen står og vinkar frå slottsbalkongen, eller helsar på gullmedaljevinnarane på idretts­arrangement.

Men korleis vart Noreg eit monarki?

Offisielt portrett av Hans Majestet Kong Harald i uniform

Noreg vart samla til eitt rike 

Noreg har vore monarki i over 1000 år. Den første kongen vi meiner samla Noreg til eitt kongerike, var Harald Hårfagre. Ifølge Snorres kongesoger vann han eit avgjerande slag i Hafrsfjord utanfor Stavanger i 872. Då kunne han utrope seg sjølv som konge av Noreg.

Harald Hårfagre i slaget ved Hafrsfjord. Maleri av Ole Peter Hansen Balling fra 1870
Harald Hårfagre i slaget ved Hafrsfjord. Maleri av Ole Peter Hansen Balling fra 1870

Ny måte å styre landet på

Før var Noreg delt i område som vart styrte av fleire høvdingar. Ideen om å samle desse områda til eitt kongerike kom truleg frå Europa. Norske høvdingar som drog på vikingtokt, lærte mykje om korleis land i Vest-Europa vart styrte. Dei tok med seg ideen om at eit land kunne ha éin felles konge heim.

Fleire av høvdingane ønskte å samle meir makt, og ein av dei var Harald Hårfagre. Då han vann slaget ved Hafrsfjord, blir det rekna som den første samlinga av Noreg til eitt rike.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
«Sverd i fjell» er et monument innerst i Hafrsfjord i Stavanger kommune. Monumentet er laget av skulptøren Fritz Røed fra Bryne. Det er tre store sverd som er satt ned i svaberget til minne om slaget i Hafrsfjord i 872.
«Sverd i fjell» er et monument innerst i Hafrsfjord i Stavanger kommune. Monumentet er laget av skulptøren Fritz Røed fra Bryne. Det er tre store sverd som er satt ned i svaberget til minne om slaget i Hafrsfjord i 872.

Noreg blei eit arverike

Arveleg valkongedøme

I vikingtida og tidleg mellomalder var Noreg eit arveleg valkongedøme. Kongens søner kunne krevje trona, men det var tinget, som likna på dagens Storting, som bestemte kven som skulle bli konge. Dette skapte ofte usemje og kunne føre til krig mellom kongssønene.

Tronfølgjelova

For å unngå kranglar om kven som skulle bli konge, vart Tronfølgjelova laga i 1163. Ho bestemte at eldste son skulle arve trona.

Magnus Erlingsson vart Noregs første krona konge i 1163, i samarbeid med Kyrkja. Lova vart stadfesta på nytt av kong Håkon Håkonsson i 1260.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kroning av Magnus Erlingsson. Litografi av Erik Werenskiold hentet fra Heimskringla.
Kroning av Magnus Erlingsson. Litografi av Erik Werenskiold hentet fra Heimskringla.

Kva skjer om kongen ikkje får born?

I Grunnlova frå 1814 var det eldste son som arva trona, men i 1990 vart dette endra. No arvar det eldste barnet trona, uansett kjønn. Difor vil Prinsesse Ingrid Alexandra arve trona etter Kronprins Haakon.

Om kongen ikkje har born, bestemmer Stortinget kven som skal bli den neste kongen, men kongen kan kome med eit forslag.

 

Prinsesse Ingrid Alexandra                                                                                                                  på 16-årsdagen 21.01.2020.
Prinsesse Ingrid Alexandra i kjole i anledning hennes 16-års dag

Kvifor er Noreg framleis eit monarki?

Då Noreg gjekk ut av unionen med Sverige i 1905, måtte vi velje om vi skulle vere eit monarki eller ein republikk. På den tida var det berre to republikkar i Europa: Frankrike og Sveits.

Folkeavstemming 1905

Regjeringa ville ha monarki, men nokre ønskte republikk og kravde ei folkeavstemming.

Den danske prinsen Carl skulle bli konge i Noreg, men han ville ikkje ta trona utan støtte frå folket. Difor vart det halde ei folkeavstemming, og monarkiet vann med 79 % av røystene.

Prins Carl tok namnet Haakon då han vart konge. Kona hans, Maud, behalde namnet sitt, og sonen deira, Alexander, tok namnet Olav.

Kjende republikanarar

Bjørnstjerne Bjørnson og Fridtjof Nansen var eigentleg republikanarar, men dei støtta monarkiet for å unngå uro i landet. Det var viktig å stå samla om den nye frie nasjonen og kongen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Offisielt kroningsbilde av kong Haakon VII og dronning Maud
Offisielt kroningsbilde av kong Haakon VII og dronning Maud

Kva er ein republikk?

Ein republikk er det motsette av eit monarki. Det betyr at statsoverhovudet ikkje er ein konge eller dronning, men ofte ein vald president.

I land som USA, Frankrike, Island og Finland vel folket ein president som styrer for ein bestemt periode. Dei som støttar republikk, blir kalla republikanarar.

Strenge krav

I ein republikk kan fleire kandidatar stille til val. For å kunne vere kandidat i til dømes USA, må du vere fødd i landet og minst 35 år gammal.

Presidentens oppgåver

I USA lagar Kongressen lovene, medan presidenten har den utøvande makta. Presidenten leiar regjeringa og er sjef for militæret. Om Kongressen foreslår ei lov, kan presidenten seie nei ved å bruke veto. Presidenten har òg ei viktig rolle i utanrikspolitikken.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mount Rushmore National Memorial, i dagligtale Mount Rushmore, er et nasjonalt minnesmerke som ligger i Keystone, Sør-Dakota, USA.
Mount Rushmore National Memorial, i dagligtale Mount Rushmore, er et nasjonalt minnesmerke som ligger i Keystone, Sør-Dakota, USA.

Skilnaden på monarki og republikk

Val eller arv

I ein republikk blir leiaren vald av folket. Slik er det i Frankrike og Finland. I eit monarki går leiarrolla i arv i ein bestemt familie. Slik er det i Noreg og Sverige.  

Konge til ein døyr

I ein republikk har ikkje statsleiaren jobben sin på livstid. Ein president blir vald til ein viss periode, til dømes fire eller seks år.

Ein konge kan velje å abdisere. Det betyr å avslutte kongsgjerninga si før døden. Det skjer svært sjeldan. Kongen blir som oftast i stillinga si til han døyr.

IkkJe alle burde ha vore konge

I eit monarki må folket ta den kongen eller dronninga dei får. Opp gjennom historia har det vore monarkar som absolutt ikkje burde hatt jobben. Eit døme på det er kong Karl VI av Frankrike som var konge frå 1380–1422. Han vart kalt «den galne».

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Stemmesedler som blir lagt i stemmeurne
Stemmesedler som blir lagt i stemmeurne

Kva gjer kongen?

Landets øvste leiar

Hans Majestet Kongen er landets øvste leiar, men bestemmer eigentleg ikkje så mykje. I Grunnlova står det at den utøvande makta ligg hos Kongen, men i dag betyr det eigentleg regjeringa.

Leier Statsråd kvar fredag

Kongen opnar Stortinget kvar haust og leier statsråd på slottet kvar fredag. Her møtest regjeringa for å få Kongens godkjenning av vedtaka deira. Dette er mest ein formalitet og ei høgtideleg hending.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hans Majestet Kong Harald i uniform på vei ut av Stortinget.
Hans Majestet Kong Harald i uniform på vei ut av Stortinget.

Motstand mot monarkiet

Mykje motstand

Monarkiet har møtt mykje motstand gjennom historia. Ikkje minst under den franske revolusjonen (1789–1799) og den amerikanske revolusjonen (1775–1783). Den gongen ville folk avskaffe ein konge som hadde all makt. Folket ønskte heller republikk for å kunne velje sitt eige statsoverhovud.

Få monarki i dag

I verda i dag er det berre 46 monarki. Sju av dei ligg i Europa. Monarkiet som statsform står derfor ikkje like sterkt som før. 

Kongen framleis populær

I 2019 stemte 38 representantar på Stortinget for å avskaffe monarkiet. 130 representantar stemte for å behalde det. Kongen er framleis svært populær.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Offisielt bilde av Deres Majesteter Kongen og Dronningen, Deres Kongelige Høyheter Kronprinsen og Kronprinsessen. Kongen og Kronprinsen i uniform, og Dronningen og Kronprinsessen i gallakjoler.
Offisielt bilde av Deres Majesteter Kongen og Dronningen, Deres Kongelige Høyheter Kronprinsen og Kronprinsessen. Kongen og Kronprinsen i uniform, og Dronningen og Kronprinsessen i gallakjoler.

Kjelder:

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilet- og videorettar:

    1. Jørgen Gomnæs, Det kongelige hoff
    2. Ole Peter Hansen Balling / Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
    3. NRK Skole
    4. Getty Images
    5. Erik Werenskiold
    6. Ann Cathrin Buchardt, Det kongelige hoff
    7. Peder O. Aune (CC BY 2.0
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Sverre Chr. Jarild / Stortinget (CC BY-ND 2.0)
    11. Jørgen Gomnæs, Det kongelige hoff