Læreplantilkobling

Fag

Matematikk

Core Kjerneelementer

  • Utforsking og problemløysing
  • Resonnering og argumentasjon

Læreplan Kompetansemål

4. trinn
Matematikk
  • bruke ikkje-standardiserte måleiningar for areal og volum i praktiske situasjonar og grunngi valet av måleining
6. trinn
Matematikk
  • måle radius, diameter og omkrins i sirklar og utforske og argumentere for samanhengen

Riddarar av det runde bord

Kvifor valde kong Arthur å sitje ved eit rundt bord då han inviterte til møte? Gir den runde forma ein fordel framfor trekantar og firkantar?

Accessibility icon Riddarar av det runde bord

Kong Arthur

Du har kanskje høyrt om Kong Arthur og riddarane av det runde bord? Kong Arthur er den mest kjende av dei mytiske kongane av England. Det at han er mytisk betyr at ein eigentleg ikkje veit om han har levd, eller om han berre er ein slags eventyrfigur.

Kong Arthur forsvarte England mot mange fiendar. Han fekk hjelp av mange, men spesielt ei gruppe riddarar. Ein riddar hadde som jobb å verne landet sitt, og spesielt kongen. Mange av riddarane var tilsette som dei næraste rådgivarane til kongen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Portrett av en ridder med brynje på hodet, fargerik rustning og sverd.

Det runde bordet

I forteljinga om Kong Arthur samlar han riddarane sine rundt eit sirkelforma bord. Men kvifor var det viktig at riddarane sat ved eit rundt bord?

Ingen av riddarane ville sitje dårlegare plassert enn nokon andre. Med eit firkanta bord ville kongen ha ei sentral plassering øvst ved bordet. Så hadde ein lågare rang di lenger unna kongen ein sat. Med eit rundt bord følte riddarane at alle var likestilte i forhold til kongen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En sirkel inndelt i mange sektorer der kong Arthur er malt inn øverst.

Eit demokratisk bord

Ein kan derfor seie at eit rundt bord er eit symbol på demokrati. Det er derfor vi òg har såkalte rundebordskonferansar. Der sit deltakarane rundt eit rundt bord – for å vise at alle har like mykje å seie i diskusjonane.

Overblikk fra et møte med 4 personer

Gir runde rom betre læring?

Det trur dei i alle fall i Singapore. Der har dei bygd eit universitet som har runde klasserom. Nanyang teknologiske universitet (NTU) blir rekna som eit av dei beste universiteta i verda.

Kvifor kan eit rundt klasserom ha positiv betydning for undervisning og læring?

Nanyang teknologiske universitet i Singapore som er bygget sammen av flere runde tårn.

Kjelder:

  • Oftedal, Magne; Halvorsen, Arne; Lunga, Peter Sigurdson: Arthur – sagnkonge i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/Arthur_-_sagnkonge

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images