Snakkar om sola,
så svir ho  …

Har du site i ein varm solvegg nokon gong? Hugsar du kjensla av dei varme solstrålane på huda? Dei fleste forbind dette med glede, ro og velvere. Kvar er solveggen din, og kva er det med sola som er så bra for oss?

Ansiktsprofilen til en ung dame på venstre side av bildet der hun ser opp mot solen som ikke synes i bildet.
Ansiktsprofilen til en ung dame på venstre side av bildet der hun ser opp mot solen som ikke synes i bildet.

Naturleg lykkerus

I kroppen blir det produsert hormon som blir kalla endorfinar. Dette gir kroppen ein naturleg lykkerus. Hormonet lindrar smerte og utløyser lykkekjensle. Kroppen vår produserer endorfinar når vi har det fint, og òg når vi er fysisk aktive.

Sola gir eit ekstra kick

Derfor kan vi kjenne den gode kjensla etter ei treningsøkt. Kroppen gir belønning for bra utført arbeid! Han gir oss det vesle ekstra ved avslapning i solveggen òg . Sola gir nemleg eit ekstra kick til produksjon av endorfinar. Men pass på at du ikkje er for lenge ute utan beskyttelse mot sola. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dame elsker å være ute i sola
Dame elsker å være ute i sola

Placeboeffekten

Er du litt sjuk eller lei deg, kan du få til dømes ein «sukkerpille» som kvikkar deg opp. Han narrar kroppen til å tru på betring. Det blir kalla placeboeffekten. Det er når positiv forventing gjer oss betre – sjølv utan medisin.

Sola kan òg gi ein placeboeffekt. Mange føler seg meir friske og opplagde av å vere ute i solskin. Det har med produksjonen av endorfinar i kroppen å gjere.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brunt medisinglass ligger på siden med hvite piller strødd utover en blå bakgrunn.
Brunt medisinglass ligger på siden med hvite piller strødd utover en blå bakgrunn.

Vêrsjuk om hausten

Mange i Noreg blir vêrsjuke og nedstemde om hausten og vinteren. Dei blir trøytte og mister mykje energi. Humøret kan svinge, og mange lengtar tilbake til sol og varmt vêr. Kvifor er det sånn, trur du?

I kroppen blir det produsert eit hormon som heiter serotonin. Det har stor innverknad på humøret vårt. Får vi for lite av det, kan vi bli nedstemde og kjenne på vonde tanker. Ifølgje forskarar påverkar sollyset produksjonen av serotonin.

Næringsrike matvarer bidreg til produksjon av serotonin. Egg, kjøtt, fisk, banan, solsikkefrø og poteter er nokre av desse. Både næringsrik mat og sollys kan altså vere med på å løfte humøret vårt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Liten jente ser tenkende ut av vinduet med regndråper på
Liten jente ser tenkende ut av vinduet med regndråper på

Sjokolade i solveggen

Det er ikkje berre sollys og næringsrik mat som gjer noko med humøret. Ein sjokolade i solveggen er òg ein sikker vinnar. Det å ha ein sjokolade å glede seg til, gjer at ein gir det vesle ekstra. Sjokoladen aukar produksjonen av endorfinar i kroppen og gir oss ei lykkekjensle.

Ung jente med solbriller, skolesekk, rollerblades og vannflaske sitter og spiser sjokolade i solveggen.
Ung jente med solbriller, skolesekk, rollerblades og vannflaske sitter og spiser sjokolade i solveggen.

Kan vi «fange» sola?

Etter lang tid klarte franskmannen Edmond Becquerel i 1883 å «fange» solstrålane ved å utvikle elektrisk spenning av dei. Same året fann amerikanaren Charles Fritts opp det første solcellepanelet. Panelet vart testa ut på eit hustak i New York. Effekten var for liten og kostnadane for store til at det vart ein kommersiell suksess. 

📷  Moderne solcellepanel på Manhatten i New York.

I dag blir slike solcellepanel meir og meir brukte. Det har blitt ein berekraftig og lønnsam måte å utnytte sola på. Solcellepanel blir brukte både på store næringsbygg, i private hus, hytter og utelampar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Solcellepanel på et tak på Manhatten i New York City, med Manhatten skyline i bakgrunnen.
Solcellepanel på et tak på Manhatten i New York City, med Manhatten skyline i bakgrunnen.

Sola på godt og vondt

Sola er viktig på mange måtar, men kan òg vere ein litt skummel følgjesvein. Du hugsar kanskje sist du vart skikkeleg solbrend? Kvifor er det viktig å beskytte oss mot sola, og korleis gjer vi det?

Skulderen og nakken til ei jente som er veldig solbrent.
Skulderen og nakken til ei jente som er veldig solbrent.

Må vi bruke solkrem?

Er du ein som hatar å ta på solkrem? Skikkeleg klinete greier. Og det er kleint å smøre inn andre. Du er ikkje åleine om å tenkje sånn. Altfor mange slurvar med solkremen. Men det er jo ein grunn til at vi bør bruke han.

Den viktige faktoren

Solkrem med høg faktor beskyttar oss mot skadelege solstrålar. Solfaktor angir styrken til solkremen i tal. Høgast tal gir meir beskyttelse mot UVB-strålane til sola. UVB-strålene har høg energi og gjer at du blir solbrend. Cirka 90 prosent av desse vert tatt opp i øvste lag av huda. Ulike vêrmeldingar på nett viser kor mykje UV-stråling det er.

Skugge og klede

UV-strålar bidreg til utvikling av hudkreft. Derfor bør vi vere ekstra nøye med solkrem. Det kan vere klissete, men du kan vere enda lenger ute i sola. Kort fortalt seier solfaktor kor mykje lenger du kan vere i sola utan å bli solbrend. På dagar med ekstra sterk sol bør du ta på litt ekstra klede og sitje i skuggen. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Blid jente får solkrem på nesa av moren sin.
Blid jente får solkrem på nesa av moren sin.

UV-strålar er òg godt for noko

D-vitamin blir danna i kroppen når du blir eksponert for sollys. Skjelettet er avhengig av D-vitamin for å utvikle seg normalt. Vi får det mellom anna av fisk, men direkte sollys er det aller beste. Her i Noreg varierer graden av sollys gjennom året. På vinteren bør vi derfor ete ekstra mykje fisk for å få nok D-vitamin.

Sol med ordet D-vitamin i midten.

Medan du nyt sola …

Det kan vere fantastisk hyggeleg å sitje i ein solvegg. Kroppen får påfyll av endorfinar. Du får ein fin brunfarge. Her er litt funfacts på vegen: … ↓

Snø og sol

Tørr nysnø reflekterer 90 prosent av UV-strålane. Då blir huda eksponert ekstra mykje for sollys. Våt snø reflekterer berre 20 prosent. For å unngå å bli solbrend i påska, bør skituren derfor gå føre seg på våt snø. Men det viktigaste tipset er stadig å bruke solkrem.

Sjø og sol

På sjøen er det lurast å sole seg når det er vindstille. Helst når sola står lågt. Når sola står høgt på himmelen og det er vind, vil skum og bølgjer reflektere meir sollys. Dermed er sjøsola farlegare når det er litt vind enn utan.

Vind kan i tillegg «kamuflere» solsteiken på huda. Då er det fort gjort å sitje litt for lenge i sola.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

 

  • Skoie, Inger Marie; Pukstad, Brita; Puventhiran, Nithuja: solfaktor i Store medisinske leksikon på snl.no.
    Henta
    3. juni 2022 frå https://sml.snl.no/solfaktor
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images