Søppelberga veks!

Plast i naturen er eit stort problem. Ikkje minst i havet. Det er heilt ufatteleg mykje søppel som blir kasta over heile verda. Vi nordmenn er blant dei aller verste. Nokon påstår at det vil vere meir plast enn fisk i havet om nokre tiår. Kva kan vi gjere for å bremse denne negative utviklinga?

Accessibility icon Søppelberga veks!

Vi kastar stadig meir

Vi kastar meir enn før, og søppelberga veks! Nordmenn er blant verstingane i verda. Kvifor er vi det, trur du?

Kvar innbyggjar i Noreg kastar nesten 450 kilo med søppel i året.

Kva kan du og familien din gjere for å kaste mindre søppel?

Søppelberg

Kor mykje søppel blir kasta kvar dag i verda?

Det meste av søppelet kjem frå byane. 3 milliarder menneske produserer over 1 kilo med søppel, kvar dag!

Forskere trur at mengda søppel vil bli tredobla innen 2100.

Mange av verdas fattigaste lever av søppel på søppelfyllingane. I Noreg er det òg nokon som finn mat i søppelkassene.

Kan vi gjere noko med dette, tenkjer du?

Søppel i havet

I havet er det ufatteleg mykje søppel. Søppelet består av alt frå fotballar og kajakkar til legoklosser og bereposar. Meir enn ein million sjøfuglar døyr kvart år på grunn av det flytande søppelet.

Dyr, fisk og fuglar et mykje av denne plasten. Det betyr at noko av denne gifta kan hamne på middagstallerkenen din.

Søppel i havet
Søppel i havet

Miljøgifter

Det finst miljøgifter overalt i naturen. Dyr, fuglar og plantar får i seg mykje av dette. Kvart dyr som blir ete, inneheld derfor giftstoff. Jo fleire dyr som et kvarandre, dess meir gift samlar seg opp. Dermed får menneske i seg giftstoff når vi et dyr, fisk eller plantar.

Miljøgifter er skadeleg for alt levande.

Næringskjede

Mikroplast i havet

WWF Verdsnaturfondet jobbar for å verne dyr og plantar. Ifølgje dei hamnar det kvart år 8 millionar tonn plast i havet.

Plast er ein trussel for alt liv i havet. Spesielt mikroplast som er bittesmå plastbitar.

Det økonomiske forumet i verda prøver å påverke store bedrifter til å passe betre på miljøet. Dei meiner at det vil vere meir plast enn fisk i havet i 2050. Viss ikkje vi skjerpar oss!

Klesvask

Over 1,5 millionar tonn mikroplast blir sleppt ut i verdshava kvart år. Mykje av dette kjem frå klesindustri og klesvask.

Kvar gong vi vaskar klede, vil bittesmå plastbitar førast ut gjennom avløpet og ende i havet.

Kunstgrasbanar

Ein kunstgrasbane inneheld hundre tonn gummikuler. Dette er for at banen skal vere mjuk å gå på. Gummikulene blir ofte laga av øydelagde bildekk.

Mange av desse kulene hamnar i havet. Kvifor det, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Mikroplast
Mikroplast

Kor blir avfallet av?

Dei fleste av oss sorterer søppel for resirkulering. Mykje kan nemleg bli brukt om igjen.

Nokon kastar frå seg søppel i naturen. Det tek lang tid før dette forsvinn av seg sjølv. Her er nedbrytingstid for vanleg søppel:

  • Bananskal 2-30 dagar
  • Papir 2-3 månadar
  • Plastpose 10-12 år
  • Aluminiumsboks 80-100 år
  • Plastflaske 450 år
Brusboks i naturen
Brusboks i naturen

Visste du forresten …

  • … at det å lage klede er noko av det mest forureinande som finst? For å lage eit par jeans blir det brukt meir enn 7500 liter vatn!
  • … at kvart sekund blir det kasta eller brent eit lastebil-lass med klede.
Kleshaug
Kleshaug

Kjelder:

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images