Standardar er viktige

Gjennom historia har det vore viktig å finne standardar for tid, vekt og lengde. Kvifor det, trur du?

Uansett kor vi reiser kan vi finne same standardar for tid, vekt og lengde. Men det finst unntak. I USA brukar dei miles per hour (mph) i staden for kilometer i timen (km/t). Sjekk din eigen sko for å sjå kva slags størrelsar som gjeld i ulike land.

📷  Speedometer med både kilometer i timen (km/h) og miles per hour (mph).
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Speedometer på en bil med både km/h og mph (miles per hour).
Speedometer på en bil med både km/h og mph (miles per hour).

Lang veg

Vegen har vore lang for å finne ein standard for vekt, lengde og tid. Mange land har ønskt å bruke sine eigne mål på ting. Og det var ofte kongen som bestemte desse måla.

På slutten av 1700-talet ble det behov for å lage standardar som gjaldt for alle land. Det ville til dømes bli enklare å drive handel viss éin kilo var det samme overalt.

For å skape litt meir orden, begynte  franske vitskapsmenn å lage standardar med utgangspunkt i jordkloden. Kvifor det, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gammelt og misfarget målebånd ligger krøllete på et rustikk bord.
Gammelt og misfarget målebånd ligger krøllete på et rustikk bord.

Nye behov

Sjølv om vitskapsmennene ønskte å fornye systemet for mål, lengde og tid, var apparata dei brukte framleis gammaldagse. Det var behov for å utvikle nye apparatar.

Vektskåler

Mange brukte vektskåler for å måle vekta av noko, men desse var ofte unøyaktige. Prinsippet var å ha lik vekt i begge skåler, men det kunne vere vanskeleg å få det nøyaktig likt.

Semje om vekt

Med den industrielle revolusjonen trengte fabrikkene råvarer frå mange ulike stader. Råvarer kunne vere bomull, korn eller jern for å lage ferdige varer for salg. Då var det viktig med eit nøyaktig system for vekt som alle var samde i.

Elektrisk måling

For å måle vekta av last på eit tog, brukast det i dag elektrisitet. I jernbaneskinnene ligg det ledningar som kan måle vekt sjølv om toget kjøyrer i full fart. Lastebilar blir vegd på same måte.

Same prinsippet blir brukt for veging i kassa på daglegvarebutikken.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Gammeldags vektskål der den ene vektskålen henger lavere enn den andre.
Gammeldags vektskål der den ene vektskålen henger lavere enn den andre.

Kaos med brannslangane

I 1904 var det ein stor brann i Baltimore i USA. For å slukke brann trengs det store mengder vatn. Dette vatnet kan brannvesenet hente frå noko vi kallar hydrantar. I Baltimore viste det seg at slangane og hydrantane ikkje passa saman. Dermed brann byen ned. Dette viser korleis ulike mål kan skape trøbbel.

📷  Brannhydrant
Rød brannhydrant foran en mursteinsvegg.
Rød brannhydrant foran en mursteinsvegg.

Romkappløpet

På 1960-talet var det eit kappløp om å bli førstemann på månen. Då var det avgjerande at måling for vekt, tid og lengde var nøyaktige. Den minste unøyaktighet kunne føre til katastrofe, eller at ein bomma på månen.

Svaret var å lage standardar basert på naturen, og ikkje på menneskeskapte apparatar.

Avstand blir målt med lys

James C. Maxwell forska på elektrisitet på 1800-talet. Han visste at lufta er full av usynlege bølgjer. Desse blir skapt av mellom anna elektriske spenningar, lys og magnetar. For å finne nøyaktige mål måtte vi bruke desse bølgjene.

Maxwell klarte ikkje å løyse dette sjølv, for han hadde ikkje apparatar til det. Likevel var ideane hans så gode at andre brukte dei seinare.

Lys og avstand blir knytta saman

Lys beveg seg i bølgjer. På 1960-talet vart det utvikla apparatar for å måle lengda på desse bølgjene. Dermed kunne ein måle standarden for ein meter enda meir nøyaktig. Men var det nøyaktig nok?

Laser

For å måle enda meir nøyaktig, vart laseren oppfunne i 1960. Laser er svært intense lysbølgjer som vi kan sjå som ein rett ensfarga linje i lufta. Laser har vorte brukt til mellom anna operasjonar på sjukehus, scannere og til å spele av CD-plater. Eller når snekkarar treng heilt rette linjer på ein vegg.

Laser forandra alt

Med laser kunne ein måle med synlege lysbølgjer. Då amerikanarane kom til månen i 1969, ville dei teste dette ut. Før dei reiste tilbake til jorda monterte de speil på månen. Frå jorda kunne ein treffe dette speilet med ein laserstråle. Dermed kunne ein måle avstanden mellom jorda og månen. Det tok berre 2,5 sekund før lyset kom tilbake til jorda.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Bygningsarbeider bruker laser for å gjøre nøyaktige målinger på en murvegg.
Bygningsarbeider bruker laser for å gjøre nøyaktige målinger på en murvegg.

Kjelder:

  • Hofstad, Knut: standard i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. februar 2022 frå http://snl.no/standard
  • Hofstad, Knut: yard i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. februar 2022 frå https://snl.no/yard
  • Hofstad, Knut: brovekt i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. februar 2022 frå https://snl.no/brovekt
  • Vinje Tantillo, Marianne: romkappløpet i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. februar 2022 frå
    http://snl.no/romkappløpet
  • Ormestad, Helmut: bølge i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. februar 2022 frå https://snl.no/bølge
  • Holtebekk, Trygve; Ringvold, Amund: laser i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. februar 2022 frå
    https://snl.no/laser

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images