Standardar er viktige

Det var viktig for dei gamle sivilisasjonane Egypt og Romarriket å finne standardar for tid, vekt og lengde. Kvifor det, trur du?

Nesten alle land har standardar som er felles med resten av verda. Sjølv om det er logisk å ha internasjonale system, er det framleis ein del forskjellar. Noreg bruker kilometer i timen, mens i USA blir det brukt miles. Klede blir målt i tommar, og sko har eigne mål for størrelsar. Sjekk din eigen sko for å sjå kva for størrelsar som gjeld i ulike land.

📷  Speedometer med både kilometer i timen (km/h) og miles per hour (mph).
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Speedometer på en bil med både km/h og mph (miles per hour).
Speedometer på en bil med både km/h og mph (miles per hour).

Lang veg

Vegen har vore lang for å finne ein standard for vekt, lengde og tid. Fleire stader i verda vart standardar baserte på kroppsmålet til herskaren.

Ein yard vart i 965 e.Kr. bestemt til å vere lengda frå nasen til den engelske kong Edgar til toppen av den utstrekte langfingeren hans. Seinare vart yard det same som lengda på ein arm. Kva kunne problemet med dette bli?

På slutten av 1700-talet bestemte ein at noko måtte gjerast. Byggjeteikningar, handel og navigasjon måtte følgje internasjonale standardmål, elles ville det bli kaos. Orden vart til slutt skapt av det franske vitskapsakademiet. Dei brukte jordkloden som utgangspunkt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gammelt og misfarget målebånd ligger krøllete på et rustikk bord.
Gammelt og misfarget målebånd ligger krøllete på et rustikk bord.

Nye behov

Forskarar og vitskapsmenn har jobba for å finne felles standardar, men måleinstrumenta som vart brukte, var ofte gammaldagse.

Vektskåler vart brukte godt inn på 1900-talet. Nokre stader finn du framleis vektskåler i daglegvarebutikkar. Då kan du vege frukt og grønsaker før du bestemmer deg for å kjøpe.

Vektskåler

Problemet er at vektskåler blir for tungvinte i større samanhengar. Tidligare vart skatt og bompengar bestemte i forhold til vekt. Tenk deg at bilen du sit i må bli vegen før du kan køyre vidare frå ein bomstasjon.

Bruvekter

Med den industrielle revolusjonen trong fabrikkane mange varer. Dei måtte bli vegne meir effektivt med større presisjon.

For å vege ei heil kjerre med varer, vart det laga bruvekter. Då kjørte ein kjerra ut på ei bru som inneheldt ei stor vekt. På den måten kunne ein måle mykje raskare enn før.

Elektrisk måling

I dagens jernbaneskinner ligg det målarar som måler vekta på toget. Målinga er basert på elektrisk motstand, og gjer at ein kan måle vekta sjølv i hastigheiter opp til 70 kilometer i timen. Lastebilar og vogntog blir vegne på same måten.

Prinsippet er at når leidningar blir trykte saman, blir dei tjukkare. Då går straumen lettare igjennom – det blir mindre motstand. Så måler ein dette og kan rekne ut vekta. Det same prinsippet blir brukt for veging i kassa på daglegvarebutikken.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Gammeldags vektskål der den ene vektskålen henger lavere enn den andre.
Gammeldags vektskål der den ene vektskålen henger lavere enn den andre.

Kaos med brannslangane

I 1904 var det ein stor brann i Baltimore i USA. Det rykte ut brannbilar frå fleire ulike stader. Brannslangane dei hadde med seg, passa ikkje i hydrantane. Då fekk dei ikkje sløkt brannen. Dette viser korleis ulike mål kunne skape kaos.

Rød brannhydrant foran en mursteinsvegg.
Rød brannhydrant foran en mursteinsvegg.

Romkappløpet

Kappløpet på 1960-talet om å vere førstemann på månen, gjorde at målingar måtte bli ekstremt nøyaktige. Vi kunne måle ganske nøyaktig, ned til ein timillion-del av ein meter. Men ei slik unøyaktigheit ville ført til at vi bomma på månen med 650 mil.

Korleis kunne vi måle endå mer nøyaktig?

Avstand blir målt med lys

James C. Maxwell forska på elektrisitet, bølgjer og lys på 1800-talet. Han visste at lufta er full av usynlege bølgjer. Desse blir skapte av blant anna elektriske spenningar, lys og magnetar. For å finne nøyaktige mål måtte vi bruke desse bølgjene.

Vi gikk derfor frå kroppsmålet til bølgjelengda av lys. Maxwell klarte ikkje å løyse gåta fordi teknologien ikkje eksisterte på hans tid. Likevel opna ideane hans for å gjere nøyaktige målingar.

Lys og avstand blir knytte saman

Lys bevegar seg i bølgjer som er usynlege for auga til mennesket. På 1960-talet vart det utvikla apparat for å måle desse bølgjelengdene. Ved hjelp av eit spesielt lys kunne ein måle meteren endå meir nøyaktig.

Avstand kunne bli målt nøyaktig med bøgjelengda til lyset, men korleis skulle ein bruke den nye vitskapen?

Laser

Laseren vart svaret, og det var amerikanaren T.H. Maiman som fekk den første laseren til å verke i 1960. Sidan har lasaren blitt brukt til blant anna operasjonar på sjukehus, skannarar og til å spele av CD-plater. Laser er enkelt fortalt synlege lysbølgjer som er svært intense, einsfarga og som går som ei rett linje gjennom lufta.

Laser blir òg brukt  når snikkarar treng heilt rette linjer for å gjere arbeidet nøyaktig.

Laser forandra alt

No kunne ein sende ut ein kraftig lysstråle for å måle avstand. Apollo-ferda til månen i 1969 viste dette i praksis. Førstemann på månen, Neil Armstrong, og kollega Buzz Aldrin, la igjen ein spegel på månen. Frå ein sende eit laserlys frå jorda til månen, tok det 2,5 sekund før lyset kom tilbake til jorda. For første gongen kunne ein måle nøyaktig avstand mellom jorda og månen.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Bygningsarbeider bruker laser for å gjøre nøyaktige målinger på en murvegg.
Bygningsarbeider bruker laser for å gjøre nøyaktige målinger på en murvegg.

Kjelder:

  • Hofstad, Knut: standard i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. februar 2022 frå http://snl.no/standard
  • Hofstad, Knut: yard i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. februar 2022 frå https://snl.no/yard
  • Hofstad, Knut: brovekt i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. februar 2022 frå https://snl.no/brovekt
  • Vinje Tantillo, Marianne: romkappløpet i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. februar 2022 frå
    http://snl.no/romkappløpet
  • Ormestad, Helmut: bølge i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. februar 2022 frå https://snl.no/bølge
  • Holtebekk, Trygve; Ringvold, Amund: laser i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. februar 2022 frå
    https://snl.no/laser

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images