Kva er stress?

Stress er når du kjenner at det vert for mykje press og mas frå omgivnadene.

Det kan føra til at ein vert nervøs, søv dårleg, et mindre eller meir, gjer øydeleggande ting og får hovudpine og muskelsmerter. Dette er slik vi som oftast tenkjer på stress. Men biologisk sett kan ein sjå på stress som kroppens forsvar mot alle typar forstyrringar. Det kan vera harde påkjenningar, ekstreme temperaturar, mangel på mat, søvn eller konfrontasjon med eit rovdyr.

Kroppens vern

I biologien vert stress beskrive som alt som kan forstyrra den naturlege balansen i kroppen. Uavhengig av om forstyrringa er ekte eller noko ein berre førestiller seg, vil kroppen ta grep. Blodet vert fylt med kjemiske signalstoff som gjer at ein kviknar til, får auka puls og raskare pust. Det kan også dempa smerte og til og med gi lykkerus. Nokon kan altså verta veldig oppstemde når dei er ekstra stressa. Samtidig går andre funksjonar i kroppen saktare. Veksten vår vert bremsa opp, og magesekken jobbar saktare. Når kroppen opplever stress, er ikkje framtida så viktig lenger, det handlar berre om å overleva.

Kva skjer i kroppen når vi vert stressa?

Når vi vert stressa, skil hypofysen (i hjernen) ut eit hormon. Dette stoffet vert transportert rundt i kroppen og førebur kroppen til å kjempa mot stresset:

1. Hypotalamus i hjernen set i gang kroppens reaksjon mot stress.

2. Hypofysen sender ut adrenokortikotropt hormon som fungerer som bodberaren til stresset.

3. Binyrene (på toppen av nyrene), svarar på stressignala ved å produsera steroid.

4. Stressignalet CHR vert transportert frå hypotalamus til hypofysen.

5. Adronokortikotropt hormoner transporterer den kjemiske meldinga gjennom blodet til nyrene.

7. Kortisol er dei naturlege steroida som triggar forandringar i heile kroppen og hjelper han med å handtera stresset.

8. Aktiveringa av stressresponsen skjer i hjernen når det vert sendt signal til hypotalamus.

9. Undertrykkinga av stressresponsen startar når glukokortikoider i blodet strøymer tilbake til hjernen og avbryt prosessen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Stress – kort fortalt  

Slik verkar stress

Viss ein sint hund plutseleg spring etter deg, er det bra at kroppen raskt er klar og hjelper deg med å koma deg unna. Slik kan stress hjelpa deg sånn at du ikkje vert skada. Då er stress ein bra ting.

Men om du går rundt og kjenner at du er stressa over ein lenger periode, så er ikkje dette bra for deg.

Ein kan oppleva at ein…

… ikkje veks som ein skal.

… får hovudpine, får vondt i magen og andre plagar.

… vert fortare sjuk.

… søv dårleg.

… mistar matlysta.

… ikkje klarer å fokusera.

… ikkje orkar å tenkja på korleis andre har det.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Å handtera stress

Det er ulike måtar å handtera stress på.

Trening

Gjennom trening kan du bruka opp dei nervøse kjenslene dine. Trening frigjer også eit stoff i kroppen som heiter endorfinar. Endorfinar får deg i betre humør.

Snakk om det

Det hjelper å snakke om det som er vanskeleg. Å søkja hjelp kan bidra til å minska stress. Snakk med ein ven.

Stol på kroppen din

Det viser seg at stress kanskje er meir skadeleg viss du trur det er skadeleg. Men viss du stolar på at kroppen hjelper deg med å takla det, vil det kunna minska skaden.

Ta vare på deg sjølv

Det å passe seg sjølv er viktig – spesielt når ein er stressa. Finn aktivitetar som ikkje drar deg lenger ned, men som gjer deg i betre humør. Når ein er nedfor, er det ofte enkelt å trøysteete, eller å ete og drikka ting som ikkje er sunt for kroppen. Dette løyser ingen problem.

Lag ein plan

Nokre ting kan du ikkje endra. Stresset kjennest kanskje ikkje ille viss du finn tinga du kan endra, og lagar ein plan for korleis du skal takla dei.

Legg merke til ting

Stopp opp og fokuser på det som skjer rundt deg akkurat no. Det kan gjera det lettare å kjenna på alle kjenslene du har inne i deg.

Lag ei stressdagbok

Å skriva ned ting som stressar deg, kan hjelpa deg til å kjenna dei igjen ein annan gong. Og då er kanskje kroppen betre førebudd for det også?

Forrige avsnitt

1 / 7

Neste avsnitt

Er stress positivt?

Mange år med forsking har leia til diskusjonar om det at stress også kan vera positivt.

Det er kjent at det er ein samanheng mellom stress og kor mykje ein får gjort. I 1908 viste to forskarar, Yerkes og Dodson, at det finst ei mengde stress som får deg til å jobba raskare, utan å slita deg heilt ut.

Stressresponsen

Etter kvart som mennesket har utvikla seg, har også stressresponsen endra seg. Det har gjort det lettare å overleva i korte periodar med stress, men har også skada oss over tid. Viss stresset ikkje sluttar, kan vi få ulike sjukdomar.

Viss ein opplever mykje stress i barndomen, enten det er i form av krig, mobbing, omsorgssvikt eller konfliktar i heimen, aukar sjansane for at ein får psykiske problem i vaksen alder.

Som barn er hjernen enda under utvikling, og kronisk stress kan skapa varige endringar som påverkar korleis hjernen fungerer. I vaksen alder fører kronisk stress til slitasje på både hjarte og blodårer, og det kan bidra til hjarte- og karsjukdomar som hjarteinfarkt og slag i tillegg til at det kan skade immunsystemet.

Når kroppen merkar stress, gjer immuncellene seg klare til å kjempa mot ein infeksjon. Men viss stress-steroidet kortisol får påverka immuncellene over lang tid, kan det øydeleggja immunforsvaret. Legemiddel baserte på kortisol vert faktisk brukte til å dempa immunsystemet hos pasientar som må roa immunresponsen, til dømes allergikarar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Stress er eit belasta ord  

Stress over lang tid er eit alvorleg problem. Det å kjempa mot stress er tungt for kroppen. I tillegg er mykje av det vi gjer for å orka stresset, som å eta usunn mat eller drikka alkohol, skadeleg for kroppens organ. Likevel handlar det ikkje berre om dette.

Stress er eit negativt lada ord, og nyare forsking har sett på kva vårt syn på stress gjer med den faktiske verknaden stress har på kroppen. Det viser seg at stress vert opplevt verre viss vi trur det er skadeleg.

Amerikanske studiar har vist at menneske som stressar, og som er redde for stresset, har ein høgare risiko for å døy tidleg. Men dei same studiane har også vist at viss du ikkje er redd for stress og stolar på at kroppen hjelper deg, vil det kunne gje deg lågare sjanse for å døy tidleg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Oksytocin

Eit anna hormon som tek del i stressresponsar, er oksytocin, også kalla kjærleikshormonet. Det vert frigjort av hjernen når nokon tek på huda vår eller gjev oss ein klem. Dette hormonet vert også produsert når vi stressar, for å hjelpa oss til å søkje omsorg.

Stress vert opplevt som ubehageleg av dei fleste. Men vi veit også at det er der for å hjelpa oss å tola utfordringar i livet. Viss du stolar på at kroppen din kan handtere stress, og ber om hjelp viss du treng det, kan du innskrenka skadane og få stresset under kontroll.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Stress og relasjonar 

Kjelder:

  • Utrolig vitenskap, 2018
    ORAGE FORLAG AS 
  • Nrk.no/Skole 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Ukjent
    4. NRK
    5. Ukjent
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. NRK