Terrorisme og ekstremisme

Då to kapra passasjerfly stupte inn i The World Trade Center i New York 11. september 2001, førte dette til auka merksemd om internasjonal terrorisme. Terrorisme som fenomen er absolutt ikkje noko nytt, men dei siste tiåra har det kanskje kome tettare på folk flest. Under eit terroranslag er det ofte tilfeldige og uskuldige menneske som blir ramma. Kva er det som skaper denne trongen til å skape frykt og terror?

Accessibility icon Terrorisme og ekstremisme

Internasjonal terrorisme 

Internasjonal terrorisme er ein stor trussel over heile verda. Dei siste 20 åra har dei fleste terrorangrep gått føre seg i Sør-Asia, Midtausten og Afrika sør for Sahara. Det har også vore mange terrorangrep i Europa. Også i Noreg.

Kva er eigentleg terrorisme? For å forklare det må vi også forstå omgrepa «ekstremisme» og «radikalisering». Kvifor er det nokon som utfører terrorangrep, og kva kan samfunnet gjere for å hindre det? 

Terrorangrepet på World Trade Center i New York 9/11
Terrorangrepet på World Trade Center i New York 9/11

Kva er ekstremisme? 

Ein ekstemist er villig til å bruke vald og terror for å bekjempe demokratiet. Det vert også kalla radikalisering. Anti-demokratiske grupper ønskjer å oppnå politiske mål, men sjeldan gjennom debatt og diskusjon. Kva det politiske målet er, kjem an på kva gruppe ekstremisten støttar. I Noreg er det to former for ekstremisme som utgjer ein sikkerheitstrussel: islamistisk ekstremisme og høgreekstremisme. 

Eksremister holder opp flagg og demonstrerer
Eksremister holder opp flagg og demonstrerer

Islamistisk ekstremisme 

Islamistiske ekstremistar bruker religionen islam til å rettferdiggjere eige politisk syn og eigne handlingar. Nokon personar trur at muslimar er ekstremistar. Det er derfor viktig å skilje mellom religionen islam og den politiske ideologien islamisme.

Islamisme er at islam ikkje berre skal vere ein religion, men også eit politisk system. Dei bruker lovene i Koranen (Sharia) for å styre eit moderne samfunn. Eksempel på islamistiske ekstremistgrupper er al-Qaida, Boko Haram og Den islamske staten (IS). 

Mange islamistar jobbar for måla sine med fredelege og demokratiske middel. Dei som bruker vald for å oppnå eit islamistisk samfunn, blir kalla islamistiske ekstremistar. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
IS terrorist holder opp et bluss
IS terrorist holder opp et bluss

Høgreekstremisme 

Høyreekstremisme kan vere fascisme, nazisme og rasisme. De siste åra har det også vakse fram eit stort anti-islamsk miljø.

Gruppene vert rekna for å høyre til høgresida i politikken. Kort fortalt ønskjer høgresida at staten skal ha mindre makt. Dei ekstreme aktørane er imot demokratiet, og dei ønskjer ikkje ein sterk stat som styrer enkeltmennesket. Dei ser også på nokre menneskegrupper som ein trussel for sitt eige politiske syn. 

Fascisme og nazisme 

Fascisme og nazisme legg vekt på ekstrem nasjonalisme. Det betyr at nasjonen framhevar seg framfor andre nasjonar. Dei ønskjer å utvide eigne nasjonale grenser for å oppnå større makt.

Italia og Tyskland på 1930- og 1940-talet blei styrte av ein førar som bestemte alt. Dei utvikla også ein rasepolitikk som gjekk ut på å utrydde visse rasar, folkeslag og menneskegrupper.

Dei som støttar denne politikken i dag, blir kalla nynazistar. 

Anti-muslimar

For høgreekstreme grupper i vestlege land har muslimar ofte blitt rekna for å vere hovudfienden. Høgreekstreme grupper meiner dei har rett til å bekjempe islam. 

Frykta for islam og muslimar kallar vi islamofobi.

Ku Klux Klan 

Ku Klux Klan blei stifta i 1865 i USA. Gjennom vald og drap skremde dei den svarte befolkninga frå å gjere bruk av stemmeretten sin. Medlemmane i organisasjonen skjuler ansiktet under kvite hetter, og dei har eit rasistisk menneskesyn. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Nynazist omringet av politi
Nynazist omringet av politi

Kva er terrorisme? 

Terrorisme er ikkje eit nytt fenomen. Vi kan lese om det i nokre av dei eldste tekstane til menneskeslekta.

Eit terrorangrep vil alltid vere motivert av eit politisk mål. Dei som blir ramma, forstår ikkje alltid bakgrunnen for angrepet. 

Nokre folkegrupper utfører terroraksjonar for å lausrive seg frå eit land (separatistar). Ei islamistisk terrorgruppe vil at staten skal styrast etter deira ekstreme tolking av islam. 

Terrorisme ønskjer å skape mest mogleg frykt. Angrepa rammar ofte heilt uskuldige menneske. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

FNs definisjon på terrorisme 

FN har førebels ikkje kome fram til ein felles internasjonal definisjon på omgrepet terrorisme. Tidlegare generalsekretær i FN, Kofi Annan, har kome med framlegg om ein definisjon. Denne definisjonen får støtte blant anna frå Noreg.  

«Terrorisme oppstår dersom ein person ulovleg og med vilje utfører ei handling som fører til død eller alvorleg skade på personar, eller alvorleg skade på offentleg eller privat eigedom (inkludert offentlege plassar, statlege bygningar, offentleg transportsystem og infrastruktur). Når ei handling er gjort for å skade befolkninga, eller for å tvinge ei regjering eller ein internasjonal organisasjon til å handle eller avstå frå å handle, er dette å rekne som terrorisme.»  

Sitatet er omskrive for at vi lettare skal forstå innhaldet.

Eksempel på terrorisme kan vere angrep mot flytrafikkterrorbombing og angrep på sivile.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Radikalisering 

Radikalisering er når ein person aksepterer vald for å nå dei politiske måla sine. Kvifor skjer dette? Det finst ikkje éi enkel forklaring på kvifor ein person blir radikalisert.  

Ifølgje FN er det fleire årsaker til  radikalisering: 

 1. Søking etter tilhøyrsle og tryggleik

Personar som føler seg utanfor i nærmiljøet, kan ofte søkje mot miljø som er meir imøtekommande. Det å oppleve tryggleik og anerkjenning for den ein er, betyr mykje for oss. Det er ikkje sikkert poenget er å bli ekstremist eller rasist, men det er lett å bli påverka av dei ein er saman med.

2. Ei kjensle av  urettferd

Innvandring er for mange høgreekstreme årsaka til høg arbeidsløyse. Dei føler seg dermed urettferdig behandla. I ein slik situasjon kan nokre bli med i ekstreme miljø for å hemne seg på samfunnet.   

3. Sosial frustrasjon

Mange ekstremistar har ei fortid som kriminelle med bruk av narkotika og alkohol. 

Andre kan ha ein sosial frustrasjon på grunn av mobbing, rasisme og arbeidsløyse. Dermed kan dei bli tiltrekte av vald. Dei har ofte behov for nokon å skulde på.  

4. Søking etter spenning eller meining i livet

Film, TV-seriar og dataspel kan kanskje bidra til at nokre søkjer etter valdeleg ekstremisme. Mange blir tiltrekte av actionvald, våpen og uniformar. Valdeleg ekstremisme er ein måte å leve ut fantasien om å vere ein helt på. Det kan bli ein kamp mellom den verkelege verda og ekstremistane si fantasiverd.

Dataspel kan ikkje gjere deg til ein terrorist.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Mennesker som går i demonstrasjonstog på kvelden
Mennesker som går i demonstrasjonstog på kvelden

Fridomskamp eller terrorisme? 

Nokre kallar det terrorisme. For andre er det ein frigjeringskamp. Derfor er det så vanskeleg for FN å finne ein god definisjon. Her er to eksempel på kvifor dette er så vanskeleg å definere:  

Under 2. verdskrigen i Noreg dreiv motstandsfolk med sabotasje og terror mot dei tyske okkupantane. For nordmenn var dette ein del av den norske frigjeringskampen. Tyskarane såg på det som terrorhandlingar.

I konflikten mellom Israel og Palestina meiner FN at israelarar okkuperer det som eigentleg var meint å vere palestinsk land. Etter folkeretten gir dette palestinarar rett til væpna motstand. 

Folkeretten bestemmer kva land kan gjere og ikkje gjere.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Brennende bil i veien
Brennende bil i veien

Terrorisme i Noreg 

Norge er ikkje beskytta frå terror. Det har vi sett dei siste åra. Nokre miljø i Noreg opplever at muslimske innvandrarar utgjer ein trussel, eller at dei bidrar til auka arbeidsløyse.

I tillegg finst det frykt for islamistisk terrorisme. Dette synet på muslimske innvandrarar kan styrke høgreekstreme miljø. Desse miljøa er også aggressive mot norske myndigheiter som dei meiner bidrar til auka innvandring.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Roser lagt ned for å minnes de som gikk bort 22 juli
Roser lagt ned for å minnes de som gikk bort 22 juli

Terrorisme på norsk jord 

Vi har ikkje opplevd mange terrorangrep i Noreg etter 2. verdskrigen, men nokre hendingar har sett djupe spor. 

Holmlia-drapet

I 2001 blir Benjamin Hermansen knivdrepen på Holmlia. Han hadde norsk mor og ghanesisk far. Gjerningsmennene var medlemmar i den nynazistiske organisasjonen Boot. 

Utøya-massakren

22. juli 2011 blir Regjeringskvartalet bomba, og ein massakre går føre seg på på sommarleiren til AUF på Utøya. 77 menneske blir drepne. Gjerningsmannen var høgreekstremisten Anders Behring Breivik.

Angrepet på al-Noor-moskeen

17. august 2019 blir Al-Noor Islamic Centre i Bærum angripe. Gjerningsmannen er ein 21 år gammal kvit norsk statsborgar – ein rasist og «kvit makt»-tilhengjar fødd og oppvaksen i Bærum. 

Masseskyting i Oslo

25. august 2022 er det ein masseskyting på ein utestad i Oslo. To personar blei drepne og minst 21 skadd. Hendinga kan ha vore retta mot LHBT-personar i forkant av Oslo Pride, og dermed uttrykk for hatkriminalitet.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Minne over alle som mistet livet på Utøya
Minne over alle som mistet livet på Utøya

11. september 2001, USA

Etter at USA blei ramma av terror 11. september 2001 lanserte den dåverende presidenten, George W. Bush, omgrepet «kampen mot terror»Hemnlysta var stor, og alle middel skulle setjast inn for å ta dei skuldige. USA sette inn enorme ressursar i krigen mot terror. Det handla om å ta knekken på terror ein gong for alle. 

📷  Ein lysinstallasjon i New York til minne om alle som miste livet under terrorangrepet 11. september 2001.

22. juli 2011, Noreg

Då statsminister Jens Stoltenberg skulle tale til det norske folket 25. juli 2011 brukte han ord som openheit, demokrati og tryggleik. Han fyrte ikkje oppunder omgrep som hemn og krig. No måtte Noreg stå saman, og møte kvarandre med respekt, openheit og kjærleik.

Appellen til statsminister Stoltenbergs i rosetoget på Rådhusplassen den 25. juli 2011: 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Lysinstalasjon til minne om alle som mistet livet 11 september
Lysinstalasjon til minne om alle som mistet livet 11 september

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images / NRK Skole