Læreplantilkobling

Fag

Naturfag

Samfunnsfag

Mat og helse

Core Kjerneelementer

  • Kropp og helse
  • Teknologi
  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Identitetsutvikling og fellesskap
  • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter
  • Jorda og livet på jorda
  • Berekraftige samfunn
  • Helsefremjande kosthald
  • Berekraftige matvanar og berekraftig forbruk
  • Mat og måltid som identitets- og kulturuttrykk

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

2. trinn
Samfunnsfag
  • utforske og presentere korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan
4. trinn
Naturfag
  • utforske og sammenligne ulike dyre- og plantearters tilpasninger til miljø og levesteder og drøfte hvorfor noen arter dør ut
4. trinn
Naturfag
  • samtale om hva fysisk og psykisk helse er, og drøfte hvordan livsstil og trivsel påvirker helse
4. trinn
Samfunnsfag
  • utforske kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå, og samanlikne med korleis vi lever i dag
7. trinn
Naturfag
  • reflektere over hvordan teknologi kan løse utfordringer, skape muligheter og føre til nye dilemmaer
7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster
7. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis møte mellom menneske har bidrege til å endre korleis menneske har tenkt og ulike samfunn har vore organiserte
10. trinn
Mat og helse
  • bruke sansane til å vurdere kvaliteten på matvarer, utforske og kombinere smakar i matlaginga og forbetre oppskrifter, menyar og anretning av mat
10. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar
10. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over likskapar og ulikskapar i identitetar, levesett og kulturuttrykk og drøfte moglegheiter og utfordringar ved mangfald

Vanar som reddar liv

Frå menneskelege urinstinkt til den moderne verdas krav om tilpassing. Lær kva vanar som held deg i live.

Accessibility icon Vanar som reddar liv

Instinkt som sikrar overleving

Mennesket er eit levande vesen fullt av instinkt. Nokre av dei viktigaste instinkta våre dreiar seg om å sikra nettopp overleving. Kvar einaste del av oss har utvikla seg i ei retning som bidrar til at vi overlever som art. Det kan dreia seg om måten vi tenker på eller korleis vi løyser problem. Det kan handla om korleis vi lærer av gode og dårlege opplevingar.

Farar i vår moderne verd 

Mange gonger i løpet av livet fungerer kroppen som vår eiga livvakt. Men instinkta våre kan berre hjelpa oss eit stykke på veg. Samfunnet i dag er svært forskjellig frå det enkle samfunnet forfedrene våre levde i. Vi har funne opp gjenstandar og system som skal forenkla kvardagen vår. Men vi har også skapt nye farar som krev at vi etablerer nye vanar for å overleva. Som art har vi funne måtar å tilpassa oss dette nye livet på. Vi må halda fram med å finna ut korleis vi best overlever i den moderne verda.

Kva vanar er viktigast?

Er det viktigast å ha tak over hovudet? Nok pengar? God helse? Eller å forstå naturen betre? Kva vanar bør vi etablera for å sikra eit godt liv i samfunnet i dag?

På dei neste sidene følgjer nokre vanar som betyr mykje for oss.

Kjemp eller flykt 

Kroppen vår reagerer raskt når han møter på noko han oppfattar som farleg. Dette instinktet blir kalla «kjemp eller flykt»-responsen. Den dramatiske reaksjonen som skjer i kroppen, er det viktigaste instinktet menneske og dyr har utvikla i møte med ting som er farlege.

Den raske og automatiske reaksjonen blir starta av hjernen. Han set i gang produksjon av adrenalin, steroid og smertestillande samband. Pulsen vår aukar slik at vi blir årvakne. Vi pustar raskare for at musklane skal få nok oksygen. Meir adrenalin i blodet førebur oss på å takla utfordrande og farlege situasjonar. Uansett om vi er nøydde til å kjempa ein fysisk kamp eller flykta fra ein situasjon, sørger denne responsen for at vi overlever.

Gå ut i sollyset 

Når sola kjem fram om sommaren, set mange seg ute for å nyta henne. Og soling er til ein viss grad bra for helsa vår, både fysisk og psykisk. Når vi blir utsette for sollys, blir det frigjort eit hormon i hjernen som blir kalla serotonin. Serotonin er positivt for humøret og konsentrasjonen. Det dempar stress. Får vi for lite sollys, kan det føra til depresjon.

Sola gir mange helsefordelar, men for mykje sol kan vera farleg. Viss du smører deg godt med solkrem, reduserer du risikoen for å utvikla hudkreft. Samtidig kan du få godene som sollyset gir deg.

Å vera årvaken 

Kva er det første du gjer før du skal kryssa ein trafikkert veg? Sjansen er stor for at du ser deg rundt for å oppdaga eventuelle farar, heilt utan å tenka over det. Allereie som små barn lærer vi at trafikken er farleg. Frå tidleg skulealder lærer vi kor viktig det er både å lytta og sjå oss for, for å unngå fare.

Det livsviktige synet vårt har sikra at vi har overlevd i fleire tusen år. Det er sjeldan ein fare oppstår rett framfor oss, men viss vi oppdagar han før han kjem for nær, har vi tid til å reagera.

Vask og hygiene 

Som om det ikkje var kjedeleg nok å måtta legga seg om kvelden, er det i tillegg nokre ting du er nøydd til å gjera først. Viss du ikkje pussar tenner, vaskar ansiktet og tar på deg pysjamas, blir det vanskelegare å sova. Slik har det vore sidan vi var små. Det er ein av dei viktigaste vanane vi lærer for å ta vare på helsa vår. Og det er ikkje berre kroppen som må vaskast. Ved å vaska huset vi bur i grundig, passar vi på at vi held ved like eit sunt og godt heimemiljø. Reinsemd skaper ein god balanse mellom gode og skadelege bakteriar og hindrar infeksjon.

Skrikarungar 

Når vi blir fødde inn i denne verda, er vi på vårt mest sårbare: små, ute av stand til å bevega oss eller kommunisera. Men ein ting babyar er ekspertar på, er å skrika. Ein baby skrik instinktivt når han er uroleg, svolten, har vondt eller kjenner seg trua. Dette instinktet er heilt essensielt for at han skal overleva. Gråt er den einaste moglegheita babyen har til å seia ifrå til foreldra om at noko ikkje stemmer. Skrika er høge og intense, og derfor vanskelege å oversjå. Slik tvingar babyen foreldra til å sørga for at han har det bra.

Godtegris 

Søtsaker kan føra til helseproblem for somme av oss. Det er viktig å lytta til smakslaukane våre for å unngå å eta helseskadeleg mat. Den naturlege trongen vår til å eta søt og salt mat hjelper oss til å unngå bitre og øydelagde matvarer.

Smakslaukane gir oss ei kjensle av avsky når dei kjem i kontakt med visse smakar. På den måten sørger smakslaukane for at maten vi et, er trygg. Dersom giftig eller øydelagd mat ikkje vekte slike sterke reaksjonar i oss, ville vi eta mat som kunne gjera oss sjuke.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Søvn og kvile 

For å fungera bra, er det viktig at vi søv nok. Nok søvn gir dessutan betre livskvalitet. Er vi trøytte på grunn av søvnmangel, er det større sjanse for at vi gjer feil. Vi blir ukonsentrerte og kan lettare hamna i ulykker.

Forskarane har også funne ut at nok søvn påverkar oss positivt på ei rekke måtar. Blant anna har folk som søv betre, ofte betre mental helse og mindre risiko for hjertesjukdom. Søvn styrker også immunforsvaret og gjer kroppen i stand til å halda seg frisk.

Lukta av riktig partnar 

Vanane dine kan påverka gena til dei framtidige barna dine. Du tenker kanskje at du blir forelska i ein person på grunn av utsjånaden eller personlegdommen? Men lukta betyr også noko.

Vi har som art utvikla evna til å velja partnar ut frå gen som er viktige for immunforsvaret vårt. Og ikkje berre det, ofte bruker vi luktesansen til å lukta oss fram til ein partnar som har gen som er heilt forskjellige frå våre eigne. Det betyr nemleg at eventuelle barn vil få gen som gjer immunforsvaret deira sterkare.

I ein studie frå 1994 brukte menn den same T-skjorta to kveldar på rad. Dei fleste kvinnene som var med i undersøkinga, føretrekte dufta av T-skjorta til dei mennene som var genetisk mest forskjellige.

Kjelder:

  • Den store boken om vaner og uvaner (2020)
    Orage Forlag AS