Våtmarknader – der covid-19 starta?

Det er god grunn til å tru at utbrotet av koronavirus oppstod fordi folk har ete flaggermuskjøt i byen Wuhan i Kina. Viruset er det vi kallar eit zoonotisk patogen, altså eit smittestoff som kan overførast frå dyr til menneske.

Sjølv om vi framleis ikkje veit heilt sikkert kvar viruset stammar frå, har det dei siste månadene kome stadig fleire krav om at Kina og resten av verda må stoppe salet av eksotiske dyr som mat. Årsaka er at ein fryktar at ein ny pandemi kan oppstå.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulovleg handel 

Dei kinesiske våtmarknadene der levande dyr blir kjøpte og selde, var lovlege fram til nye reglar vart sette i verk 26. januar 2020. Dei nye reglane stansar kjøp og sal av levande, ville dyr på marknadene, men bønder kan framleis jakte på og avle fram ville dyr som blir slakta og så blir selde.

Myndigheitene tar ansvar 

Det blir hevda at kinesiske styresmakter har tilbode seg å kjøpe ut slike bønder i to provinsar, slik at bøndene kan skaffe seg eit alternativt levebrød. Ifølgje påstandane blir bøndene tilbodne 159 kroner per kilo kobra, 830 kroner per piggsvin og 800 kroner per civetkatt.

Men dette er ikkje  eit problem som berre finst i Kina. Ein kan sjå det same mange andre stader i verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Denne videoen frå NRK oppsummerer problemet:

Kjelder:

  • How it works (2020): issue 140
    Future publishing

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. iStock
    4. NRK