Våtmarknader – der covid-19 starta?

Mange trur at koronaviruset kjem frå flaggermus. I byen Wuhan i Kina var det nemleg nokon som åt flaggermus. Då kan virus frå flaggermusa flytte seg over til mennesket.

Sjølv om vi framleis ikkje veit heilt sikkert kvar viruset stammar frå, er det mange som meiner at ein må stoppe salet av levande dyr som mat. Grunnen er at ein er redd for nye pandemiar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulovleg handel 

Dei kinesiske våtmarknadene er altså marknader der det blir kjøpt og blir selt levande dyr, og dette var lovleg heilt fram til 26. januar 2020. Då kom det nye reglar som stansa kjøp og sal av levande, ville dyr på marknadene. Likevel kan bønder framleis jakte på eller ha ville dyr, som blir slakta og så selde.

Myndigheitene tar ansvar 

Det blir sagt at kinesiske styresmakter har tilbode seg å betale bønder for å slutte med dette, slik at dei kan finne noko anna å leve av. Ifølgje påstandane blir bøndene tilbodne 159 kroner per kilo kobra, 830 kroner per piggsvin og 800 kroner per civetkatt.

Men dette er ikkje noko som berre skjer i Kina. Ein kan sjå det same mange andre stader i verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Denne videoen frå NRK oppsummerer problemet:

Kjelder:

  • How it works (2020): issue 140
    Future publishing

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. iStock
    4. NRK