Verdsreligionane – buddhismen

Buddhismen er ein religion som vart stifta av Buddha for 2500 år sidan i India. Rundt sju prosent av befolkninga i verda er buddhistar.

Accessibility icon Verdsreligionane – buddhismen
Verdsreligionane:

Buddhismen

Buddhismen vart ein religion for 2500 år sidan i India. Religionen er oppkalla etter opphavsmannen sin, Buddha. Dei første tilhengjarane av buddhismen var fattige munkar. Dei følgde Buddhas reglar om at det ikkje er lov å eige noko eller å ha familie. Det blir kalla askese. Munkelivet er framleis vanleg i mange buddhistiske land.

Buddhistar trur at menneske og dyr blir fødde på ny. Det blir kalla reinkarnasjon. Dei trur òg at alt du gjer i dette livet, har betydning for det neste livet. Det kallar vi karma. Målet er å ikkje bli fødd på ny, men oppnå nirvana. For å komme dit må du ha gjort mange gode gjerningar. Samtidig er det viktig å konsentrere seg om sitt åndelege, indre liv. Munkane lever etter dette kvar einaste dag.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Utbreiing

Dei første buddhistmunkane vandra rundt, utan å ha nokon fast heim. Slik vart trua deira spreidd. Etter kvart bygde dei kloster, eller tempel, der dei levde tilbaketrekte frå andre menneske. Buddhismen vart utbreidd òg blant «vanlege» folk, som ikkje var munkar. I dag finst det 500 millionar buddhistar over heile verda. Buddhismen er den fjerde største religionen i verda. Dei fleste bur i Tibet og Himalaya-området og i Sør-Asia. Men det er òg buddhistar i Europa og USA.

Buddhistiske munker på tur
Buddhistiske munker på tur

Sentrale skikkelsar 

Buddha og læra hans står sentralt i buddhismen. Buddha var opphavleg ein ung prins i Nord-India, som heitte Siddharta. Ei natt rømde han frå luksuslivet i slottet for å finne ei djupare meining med livet. Han sette seg under eit fikentre og begynte å meditere. Der forstod han korleis livet skulle levast for å oppnå nirvana, fridom frå liding. No fekk han tittelen Buddha. Resten av livet reiste han rundt og underviste.

Buddha var oppteken av at vi skal respektere kvarandre. Vi skal ikkje bruke vald for å oppnå noko. Buddhistane ser ikkje på Buddha som ein gud, men som ein læremeister. Nokre buddhistar meiner rett nok at Buddha er som ein gud. Han er Buddha med stor B. Det kom mange buddhaer etter han. Ein buddha er ein person som er fri frå liding, attføding og smerte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Heilage stader 

Buddh Gaya i India er staden der Buddha skal ha fått tankane sine om livet. Mange buddhistar reiser hit på pilegrimsferd. Her veks eit fikentre som skal vere ein avleggjar av treet som Buddha sat og mediterte under. Ved sida av fikentreet står eit buddhistisk tempel.

I buddhismen blir denne staden rekna som sentrumet i verda.

Heilage skrifter 

Buddhismen har ikkje éi heilag bok. Dei har ei stor samling av bøker og skrifter. Desse inneheld mellom anna forteljingar og mytar om Buddha. Den mest kjende samlinga er Sutraene, som tek for seg talene og samtalene til Buddha. Tekstane inneheld mykje livsvisdom. Som at ein ikkje skal drepe, ikkje plage dyr, ta vare på naturen og vise omsorg for dei som treng det.

Hendene til Tibetansk munk som leser en bok
Hendene til Tibetansk munk som leser en bok

Høgtider 

Vesak er den viktigaste høgtida til buddhistane. Ho blir feira i april/mai. Dei et god mat, leikar, syng og gir kvarandre kort og gåver. Dei pyntar husa sine med lykter og flagg.

I tempelet heller barna vatn over Buddha-statuen, og dei vaksne set blomstrar og frukt framfor han. Festen blir feira til minne om fødselen, oppvakninga og døden til Buddha, men mest av alt feirar dei oppvakninga. Då han fekk nye tankar om livet og innførte buddhismen. Buddhas gåve til verda er læra hans, ikkje fødselen hans.

Vesak, Lanterner flyr opp mot himmelen
Vesak, Lanterner flyr opp mot himmelen

Symbol

I buddhismen har hjulet ein sterk symbolikk. Den runde forma viser det evige krinsløpet der menneske stadig blir fødde på ny. Dette kallar vi samsara, livshjulet.

Eit anna symbol er dharma-hjulet med åtte eiker. Dharma betyr lære eller sanning. Det er åtte vegar til nirvana.

Lotusplanten har òg symbolsk betydning. Han spring ut i grumsete vatn med dei kvite og bleikrosa blomstrane sine. Buddhistane samanliknar det skitne vatnet med verda rundt oss. Frå denne oppstår livet, som ber i seg spiren til reinleik og frelse.

Ritual

Eit ritual er noko vi gjentek ofte og på bestemte måtar. Buddhismen har mange ritual. Både munkar, nonner og lekfolk utfører mange ritual. Dei vanlegaste er å bukke for Buddha-figuren og tenne duftande røykelse i tempelet. Høgtlesing av heilage tekstar gir vern for både menneske, dyr og eigedom.

I mange buddhistiske land er det ofte munkar som gjennomfører gravferder. Dei religiøse rituala skal sikre at den avdøde får ein god overgang til det neste livet.

Kunst og bygningar 

Statuar og kunst har ein stor plass i buddhismen. Buddha-statuen er heilag for buddhistar, og dermed meir enn berre eit kunstverk. Statuen er ofte hol og fylt med heilage tekstar.

Buddhistane går i tempelet for å dyrke og tilbe Buddha. Tempelet kan ha Buddha-figurar både utanfor og innanfor.

Buddhisme i Noreg

Det finst cirka 40 000 buddhistar i Noreg. Rundt 13 000 av dei er aktive i eit religiøst trussamfunn. Dei fleste norske buddhistar har vietnamesisk bakgrunn. Det finst òg eit par tusen etnisk norske buddhistar.

Nokre er knytte til buddhismen gjennom kultur og oppvekst, utan å praktisere religionen aktivt. Andre har oppdaga buddhismen sjølve og fordjupa seg i trua. Buddhistar er ei mangfaldig gruppe, akkurat som i alle andre religionar.

Kjelder:

  • Kværne, Per; Borgland, Jens Wilhelm: Buddha i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 29. april 2021 frå https://snl.no/Buddha
  • Kværne, Per; Borgland, Jens Wilhelm: buddhisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 29. april 2021 frå https://snl.no/buddhisme

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images