Verdsreligionane – Islam
Islam er den yngste av verdsreligionane og den nest største. Dei truende blir kalla muslimar. Dei trur på Allah, som betyr Gud på arabisk.
Verdsreligionane:
Islam
Ein mann som heitte Muhammad grunnla islam rundt 570 e.Kr. Han blei fødd i byen Mekka i det noverande Saudi-Arabia. Ifølgje muslimar fekk Muhammad ei befaling frå Allah. Han skulle forkynne at det fanst berre éin gud.
Så flytta Muhammad til Medina. Her blei islam ein religion. Profeten Muhammad var flink til å tale, og han var ein stor politikar og hærførar. Då han døydde, var han ein suveren herskar over store delar av Midtausten.
Stor moske i solnedgang
Blå moske
Sentrale skikkelsar
Profeten Muhammad er den mest sentrale skikkelsen i islam. Han grunnla religionen og forkynte at det fanst berre éin gud. Det vil seie at islam er ein monoteistisk religion, på same måten som jødedommen og kristendommen. Men det er viktig at Muhammad var eit historisk menneske, og at han ikkje må dyrkast som ein gud.
Islam har mykje av jødedommen og kristendommen i seg. Muslimar ser på både Abraham og Jesus som store profetar.
Papir bakgrunn
Kaba i Mekka
Heilage skrifter
Koranen er den heilage boka i islam. Boka inneheld openberringane som profeten Muhammad skal ha mottatt på 600-talet. Boka er skriven på arabisk og inneheld 114 kapittel eller såkalte surar.
I århundra etter at Muhammad døydde, blei forteljingane om han samla og skrivne ned i bøker. Desse blir kalt «hadith».
I tillegg til bodskapet om den einaste Gud, inneheld Koranen mange påbod og forbod. Dette blir kalla «sharia», den religiøse lova.
Koranen
Familie spiser iftar
Symbol
I islam er det ikkje vanleg å bruke symbol og teikningar av dyr eller menneske. Det er berre Allah som skal dyrkast.
Halvmåne og stjerne er vanlegvis symbol på islam og islamsk tru. Ifølgje muslimar har månen religiøs betydning fordi han bestemmer den islamske kalenderen.
Moske i Sudan
Iftar
Kunst og bygningar
Muslimane har mange praktfulle byggverk og mykje vakker kunst. Moskeane med dei høge tårna er dei viktigaste og mest typiske bygningane. Men det finst også vakre slott og palass.
Islamsk kunst viser seg særleg i vakre utsmykningar, og han er eit verdifullt bidrag til kunsthistoria i heile verda.
Moské i Cairo
Muslim ber i snøen
Kjelder:
- Blom, Hege: islamsk kunst og arkitektur i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. april 2021 frå https://snl.no/islamsk_kunst_og_arkitektur
- Statistisk sentralbyrå (16. april 2021): Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja
https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf
- Vogt, Kari: islam i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 14. april 2021 frå https://snl.no/islam
- Vogt, Kari: sunni- og sjiaislam i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 15. april 2021 fra https://snl.no/sunni-_og_sjiaislam
- Vogt, Kari: Kaba i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. april 2021 frå https://snl.no/Kaba
- Vogt, Kari: Mekka i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. april 2021 frå https://snl.no/Mekka
- Vogt, Kari: sharia i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. april 2021 frå https://snl.no/sharia
- Vogt, Kari: id al-fitr i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 15. april 2021 frå https://snl.no/id_al-fitr
- Vogt, Kari: ramadan i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. april 2021 frå https://snl.no/ramadan
- Wikipedia (16. april 2021): Halvmåne
https://no.wikipedia.org/wiki/Halvmåne
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images / NRK Skole
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-