Verdsreligionane – jødedommen
Jødedommen er i dag ein av dei eldste verdsreligionane. Jødane trur på éin Gud og på at dei tilhøyrer eitt bestemt folk.
Verdsreligionane:
Jødedommen
Jødedommen er cirka 3000 år gammal og voks fram i Midtausten. Historia til jødane begynner med Abraham. Han inngjekk ei pakt mellom Gud og etterkommarane sine. Dei skulle mellom anna få sitt eige land.
Abraham blir rekna som stamfar til både jødedommen, kristendommen og islam. Ordet «jøde» betydde opphavleg ‘innbyggjar i Judea’ (noverande Palestina).
A Jewish boy surrenders in Warsaw
Heilage skrifter
Den jødiske bibelen blir kalla Tanakh. Dette er det same som Det gamle testamentet i Bibelen. Den heilagste delen av Tanakh heiter Toraen. Han er ifølgje dei truande skriven av Moses sjølv, som resultat av ei guddommeleg openberring. Her finn vi òg Dei ti boda og mange andre lover. Jødane har òg ei skriftsamling kalla Talmud. Ho består av mange visdomsord og forteljingar.
Symbol
Det viktigaste symbolet for jødedommen er kanskje den spesielle lysestaken. Han blir kalla menora og er beskriven i Tanakh. Han skal ha vore brukt i templa til jødane i Jerusalem.
Den sekskanta davidstjerna er òg eit gammalt jødisk symbol.
Ritual
Bøneritualet er eit av dei viktigaste rituala for truande jødar. Bønene inneheld takksemd, bøner om visdom, tilgjeving og lækjing. Jødar har òg ritual ved merkedagane i livet. Nyfødde gutebarn blir omskorne, men ikkje jenter. I 12-13-årsalderen blir jødar religiøst myndige, og det blir halde ein stor fest kalla bar mitzva.
Nokre jødiske menn ber ein kipa på hovudet, eit flatt, rundt hovudplagg.
Kor mykje rituala blir praktiserte, varierer sterkt innan kvar jødiske familie, på same måten som i andre religionar.
Kunst og bygningar
Synagogen der jødane møtest til bøn, kan vera kva hus eller lokale som som helst. Det er dei rituelle tinga innanfor som gjer det til ein heilag stad. Det finst likevel vakre synagogar med flott kunst.
Jødisk kunst er særleg tydeleg i illustrasjonar til religiøse bøker og dokument. Dei jødiske gravstadene er ofte svært vakre og kunstnariske.
Kjelder:
- Banik, Vibeke Kieding: Jødenes historie i Norge i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 20. april 2021 frå https://snl.no/Jødenes_historie_i_Norge
- Groth, Bente: jødedom i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. april 2021 frå https://snl.no/jødedom
- Groth, Bente: jødenes historie i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. april 2021 frå https://snl.no/Jødenes_historie_i_Norge
- Groth, Bente: menora i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 20. april 2021 frå https://snl.no/menora
- Groth, Bente: synagoge i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 20. april 2021 frå https://snl.no/synagoge
- Groth, Bente: rabbi i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 20. april 2021 frå https://snl.no/rabbi
- Groth, Bente og Elgvin, Torleif: jødenes tidlige historie i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. april 2021 frå https://snl.no/jødenes_tidlige_historie
- Heian-Engdal, Marte: Opprettelsen av staten Israel i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. april 2021 frå https://snl.no/Opprettelsen_av_staten_Israel
- Leraand, Dag: Israel i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. april 2021 frå https://snl.no/Israel
- Leraand, Dag og Jørgen, Jensehaugen: Palestina i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. april 2021 frå https://snl.no/Palestina
- Mendelsohn, Oskar: jødisk kunst i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 20. april 2021 frå https://snl.no/jødisk_kunst
- Wikipedia (19. april 2021): Jødedom
https://no.wikipedia.org/wiki/Jødedom
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Nrk skole
-
Getty Images
-
Getty Images
-
-
Nrk skole
-