Dronning av ei verd i endring

Frå Dronning Elizabeth II vart fødd i 1926, og fram til ho døydde i 2022, gjekk utviklinga i ein rasande fart. Kva endringar gjekk verda gjennom i den britiske dronninga si levetid?

Accessibility icon Dronning av ei verd i endring

Eit hundreår i forvandling

Dronning Elizabeth II av Storbritannia levde i 96 år. Av desse var ho dronning i 70. I løpet av hennar lange liv forandra verda seg enormt.

Då Elizabeth vart fødd i 1926, var det nok ikkje mange som kunne førestelle seg korleis verda kunne bli. Verkelegheita kom til å overgå draumane og fantasiane til folk flest. Vi har landa på månen, skapt atombomber som kan utslette heile kloden, og fått heile verda i lomma med hjelp av smarttelefonar.

Vi kan nå sjå tilbake på eit hundreår med enorme endringar i verda. Her følgjer nokre av forandringane dronninga både deltok i og var vitne til.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sort/hvitt bilde av Dronning Elizabeth II hilser på folket på en av sine reiser
Sort/hvitt bilde av Dronning Elizabeth II hilser på folket på en av sine reiser

Sola gjekk ned over det britiske imperiet

Elizabeth II vart fødd då det britiske imperiet var det største i verda. Imperiet omfatta  ein fjerdedel av verdas befolkning og dekte ein tredjedel av landområda på jorda. Det vart derfor sagt at sola aldri gjekk ned over det britiske imperiet. Etter to verdskrigar gjekk det sakte, men sikkert mot slutten for imperiet.

Kart over Det britiske imperiets
Kart over Det britiske imperiets

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!