Er du på bærtur?

Kor ofte er du på bærtur? Her i Noreg har vi massevis av herlege bær som vi kan plukke i naturen. Det er heilt gratis, og dei inneheld masse god smak og næringsstoff. Enkelte har hemmelege bærplukkestader som dei ikkje avslører. Dette gjeld nok spesielt molter. Har du ein hemmeleg stad på fjellet eller i skogen der du plukkar bær?

Accessibility icon Er du på bærtur?

Vere på bærtur

På seinsommar og haust er det mange som bokstaveleg talt er på bærtur. Dei plukkar ulike typar skogsbær som blåbær, tyttebær og molter.

Elles blir uttrykket “å vere på bærtur” brukt om at ein har misforstått noko kraftig, eller har gått i heilt feil retning. Dersom noko er “berre blåbær” derimot – ja, då betyr det at noko er veldig lett og enkelt.

Bærtur
Bærtur

Blåbær

Blåbær kjenner dei fleste fordi bæra veks over store delar av landet. Mange sankar blåbær sjølve i skogen, men blåbær blir òg dyrka kommersielt. Det er som regel desse vi kan kjøpe i butikken. Butikkbæra er ofte større enn dei du finn i skogen.

Blåbæra blir brukte til syltetøy og safting.  Kanskje et du pannekaker med blåbærsyltetøy?

Bæra kan òg tørkast eller frysast. Før i tida brukte ein blåbær i folkemedisinen for å stoppe diaré. Då kokte ein bæra. Men et du friske bær, kan det òg hjelpe.

Blåbær inneheld mykje vitamin C og er svært rike på antioksidantar.

Antioksidantar

Forskarar trur antioksidantar vernar kroppen mot bakteriar og virus. Sjølv om kroppen lagar antioksidantar, blir det tilrådd å få i seg slike gjennom maten.

Når kroppen forbrenn oksygen, blir det produsert noko som blir kalla frie oksygenradikal. Blir det for mykje av desse, kan dei skade cellene og arvestoff.

Det er dette du ser om du deler eit eple i to. Då blir overflata fort brun etter at ho blir utsett for oksygenet i lufta. Antioksidantane er kroppen sitt eige forsvar mot desse radikala.

Bær inneheld masse antioksidantar.

Blokkebær

Blokkebær liknar ganske mykje på blåbær, men er ikkje like populære.

Dei kan brukast til syltetøy og saft.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Tyttebær

Tyttebær er raude, og du finn dei sannsynlegvis på stader med mykje lys. Blåbær trivst betre på meir skyggefulle stader.

Bæra blir ikkje dyrka kommersielt, så dei tyttebæra vi brukar, blir sanka i skogen. Dei er rike på C-vitamin.

Tyttebær blir brukte til syltetøy og saft. Då koker ein bæra og tilset søtstoff, sidan bæra er ganske bitre. Ein kan òg laga rørte tyttebær. Då rører ein saman friske tyttebær med sukker. Tyttebærsyltetøy blir ofte servert saman med kjøtmiddagar.

Desserten trollkrem inneheld tyttebær.

Tyttebær
Tyttebær

Molter

Molter er vanleg på myrer, men vi finn flest av dei i Nord-Noreg. Moltefrukta blir mest nytta til syltetøy eller til moltekrem som blir eten på julaftan.

Mange er glade i molter, men det er ikkje alltid du har lov til å plukke dei. Dette gjeld spesielle område i Nordland, Troms og Finnmark. Kvifor kan vi ikkje berre plukke når vi vil, trur du?

Molter
Molter

Krekling

Krekling trivst i myrområde, på høgfjellet og i gran- og furuskog. Krekling har blåsvarte “bær” som er etande, men dei har harde skal og er derfor ikkje så populære som blåbær og tyttebær.

Bæra er likevel saftige, og dei eignar seg godt til saft, vin eller gelé. Dei er svært rike på antioksidantar.

Krekling
Krekling

Kjelder:

  • Vik, Unni: Molter Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 3. september 2021 frå
    https://snl.no/molte
  • Ditlefsen, Anne, Svihus, BirgerAntioksidanter Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 3. september 2021 frå https://snl.no/antioksidanter

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images