Læreplantilkobling

Fag

Mat og helse

Naturfag

Core Kjerneelementer

  • Berekraftige matvanar og berekraftig forbruk
  • Jorda og livet på jorda
  • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter
  • Helsefremjande kosthald
  • Mat og måltid som identitets- og kulturuttrykk

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

4. trinn
Mat og helse
  • fortelje om kva som kjenneteiknar sunn og variert mat og kvifor det er viktig for helsa
4. trinn
Mat og helse
  • utnytte lokale matvarer i matlaging og presentere ledda i produksjonskjeda frå råvare til måltid
4. trinn
Naturfag
  • utforske et naturområde og drøfte bærekraftig bruk av området
4. trinn
Naturfag
  • delta i høsting og bruk av naturressurser og drøfte hvordan naturressurser kan brukes på en bærekraftig måte
7. trinn
Mat og helse
  • vise samanhengar mellom matvaregrupper og næringsstoff som er viktige for god helse
7. trinn
Mat og helse
  • utnytte matvarer og restar frå matlaging og reflektere over eige matforbruk
7. trinn
Mat og helse
  • utforske og presentere tradisjonelle norske og samiske metodar for å konservere mat på og kunne fortelje om råvarene som blir konserverte

Er du på bærtur?

Kor ofte er du på bærtur? Her i Noreg har vi mengder av herlege bær som vi kan plukke i naturen. Det er heilt gratis, og dei inneheld masse god smak og gode næringsstoff. Enkelte har hemmelege bærplukkestader som dei ikkje avslører. Dette gjeld nok spesielt molter. Har du ein hemmeleg stad på fjellet eller i skogen der du plukkar bær?

Accessibility icon Er du på bærtur?

Vere på bærtur

På seinsommar og haust er det mange som bokstaveleg talt er på bærtur. Dei plukkar ulike typar skogsbær som blåbær, tyttebær og molter.

Elles blir uttrykket “å vere på bærtur” brukt om at ein har misforstått noko kraftig, eller har gått i heilt feil retning. Det å “vere heilt på viddene” betyr det same i overført betydning. Dersom noko er “berre blåbær” derimot – ja, då betyr det at noko er veldig lett og enkelt, eller noko ein ikkje treng å bry seg så mykje om. I engelsk bruker dei peanuts, og på svensk småpotatis i same type uttrykk!

Bærtur

Blåbær

Blåbær er noko som dei fleste i Noreg kjenner til, fordi bæra veks over store delar av landet. Dei fleste sankar blåbær sjølve i skogen, men blåbær blir òg dyrka kommersielt. Det er som regel desse vi kan kjøpe i butikken. Bæra er ofte større enn dei du finn i skogen.

Blåbæra har vore brukte i lange tider, spesielt til syltetøy og safting.  Kanskje et du pannekaker med blåbærsyltetøy?

Bæra kan òg tørkast eller frysast. Før i tida brukte ein blåbær i folkemedisinen for å stoppe diaré. Då kokte ein bæra. Men et du friske bær, kan det vere ei hjelp mot problem med avføring.

Blåbær inneheld mellom anna mykje vitamin C og er svært rike på antioksidantar – så dette er veldig nyttig for kroppen.

Antioksidantar

Forskarar trur antioksidantar i kosthaldet kan verke vernande. Sjølv om kroppen òg lagar antioksidantar, blir det tilrådd å få i seg slike gjennom maten.

Når kroppen forbrenn oksygen, blir det produsert frie oksygenradikal som biprodukt. Blir det for mykje av desse stoffa, kan dei skade cellene og arvestoff. Dette kallar vi oksidativt stress. Det er til dømes dette du ser om du deler eit eple i to. Då blir overflata fort brun etter at ho blir utsett for oksygenet i lufta. Antioksidantane er kroppen sitt eige forsvar mot desse radikala.

Bær viser seg å innehalde masse antioksidantar. Nyper har eit svært høgt innhald, saman med krekling, blåbær, solbær, kirsebær, bjørnebær, ville jordbær og tyttebær.

Blokkebær

Blokkebær – òg kalla skinntryte – liknar ganske mykje på blåbær, men er ikkje like populære.

Dei kan brukast på same måtar som blåbær, som til dømes til syltetøy og saft.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Tyttebær

Tyttebær er raude, og du finn dei sannsynlegvis på stader med mykje lys. Blåbær trivst betre på meir skyggefulle stader.

Tyttebær blir ikkje dyrka kommersielt, så dei tyttebæra vi brukar, blir sanka i skogen. Dei er – som blåbær – rike på C-vitamin.

Tyttebær blir brukt til syltetøy, saft og sirup. Då koker ein bæra og tilset søtstoff, sidan bæra er ganske bitre. Ein kan òg bruke rørte tyttebær. Då rører ein saman friske tyttebær og sukker. Tyttebærsyltetøy blir ofte servert saman med kjøtmiddagar.

Desserten trollkrem inneheld tyttebær.

Tyttebær

Molter

Molter er vanleg på myrer, men finst i størst mengd nordpå i landet, der dei òg nokre stader blir dyrka kommersielt. Moltefrukta blir mest nytta til syltetøy eller til moltekrem. Mange et moltekrem som dessert på julaftan.

Mange er glade i molter, men det er ikkje alltid du har lov til å plukke dei – anna enn for å ete på staden. Dette gjeld spesielle område i Nordland, Troms og Finnmark.

Molter

Krekling

Krekling  trivst i myrområde, på høgfjellet og i gran- og furuskog. Krekling har blåsvarte “bær” som er etande, men dei har harde skal og er derfor ikkje så populære som blåbær og tyttebær.

Bæra er likevel saftige, og dei eignar seg godt til saft, vin eller gelé. Dei er svært rike på antioksidantar.

Krekling

Kjelder:

  • Vik, Unni: Molter Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 3. september 2021 frå
    https://snl.no/molte
  • Ditlefsen, Anne, Svihus, BirgerAntioksidanter Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 3. september 2021 frå https://snl.no/antioksidanter

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images