Historia til demokratiet: Revolusjonane
Demokratiet har ikkje oppstått av seg sjølv. Tankar om endring har ført til store revolusjonar fleire stader i verda, men korleis skjedde dette?
Andre del
Denne artikkelen er den andre av fire delar i artikkelserien om historia til demokratiet. I denne artikkelen skal vi sjå på korleis tankane frå opplysningsfilosofane spreidde seg til andre land, og var med på å starte fleire revolusjonar.
Skip med innvandrere på vei inn til New York.
Fjærpenn som ligger på den amerikanske uavhengighetserklæringen.
Krig i Amerika
Koloniane fekk hjelp frå Frankrike. Dei håpa dermed å få bestemme meir sjølve i Nord-Amerika etter krigen.
Koloniane, med hærførar George Washington i spissen, kjempa ein hard kamp mot Storbritannia. Washington og USA stod igjen som vinnarane. Koloniane vart sjølvstendige i 1783. George Washington vart den første presidenten i USA.
Fordele makta
Korleis skulle USA organiserast no? Då kom tankane frå opplysningsfilosofane til nytte. Makta vart fordelt slik Montesquieu hadde beskrive i maktfordelingsprinsippet. Dei fekk ei lovgivande, ei utøvande og ei dømmande makt.
AI-generert bilde av et slag under frigjøringskrigen i USA.
Ikkje full fridom
Ein skulle tru at det no vart likskap for alle. Dessverre vart det ikkje slik. For å stemme måtte ein vere kvit mann med eigen eigedom. Då var det ikkje mange igjen som kunne stemme.
📷 Kart over dei første 13 amerikanske statane i 1783 etter frigjeringskrigen.
Bilde av kart over de første statene i USA på murbakgrunn.
Louis XVI kommer tilbake fra Versailles til Paris
AI-generert bilde av kamper under den franske revolusjonen i gatene i Paris.
AI-generert bilde av kamper fra gatene i Paris.
Fridommen til mennesket og måtar å fordele makt på vart viktige punkt for både amerikanarane og franskmennene. Samtidig er det ikkje alltid forandringar blir til det beste sånn med ein gong.
I den tredje delen om historia til demokratiet får du lese om kva som skjedde då Napoleon Bonaparte fekk makta i Frankrike.
Kjelder:
- Østberg, Kai Peter; Tønnesson, Kåre: Den franske revolusjon i Store norske leksikon på snl.no. Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/Den_franske_revolusjon
- Sirevåg, Torbjørn: USAs historie i Store norske leksikon på snl.no. Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/USAs_historie
- George Washington i Store norske leksikon på snl.no. Henta 25. oktober 2022 frå https://snl.no/George_Washington
- Sirevåg, Torbjørn: Den amerikanske uavhengighetserklæringen i Store norske leksikon på snl.no. Henta 25. oktober 2022 frå https://snl.no/Den_amerikanske_uavhengighetserkl%C3%A6ringen
Bilde- og videorettar:
-
Midjourney
-
Getty Images – YouTube
-
Getty Images
-
Midjourney
-
Offentlig eiendom/Pixabay.com
-
Getty Images
-
Midjourney
-
Midjourney
-
Getty Images
-
Midjourney