Leve alt som er samisk!

Samane er den norske urbefolkninga i Noreg. Sjølv om mange samar lever akkurat som alle andre nordmenn, ber samane på ein heilt eigen kultur med tradisjonar, levesett, språk, klede, mat, musikk og litteratur. Denne artikkelen handlar om ein sentral samisk forfattar, Paulus Utsi.

Accessibility icon Leve alt som er samisk!

Litteraturen som eit talerøyr

Til alle tider har menneske skrive om dei dårlege tinga som har skjedd i samfunnet, og det gjeld òg for samiske forfattarar. Samane har opplevd mykje urettferd opp gjennom historia. Dei samiske forfattarane har forsøkt å formidle desse historiene gjennom tekstane sine. No kan vi lære om den triste delen av historia ved å lese dei gamle samiske tekstane.

📷  Tjaalehtjimmie, av Joma, L. K.

I Noreg har vi klart å ta vare på gamle tekstar heilt tilbake til norrøn tid, men det er ikkje så mange bevarte tekstar frå den samiske litteraturen. Før 1900-talet var det ikkje så mange samiske forfattarar. Kvifor er det slik, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Leve alt som er samisk!

På 1970-talet begynte folk å diskutere kvifor det var så få samiske forfattarar. I diskusjonen blei det sagt at det er viktig for folk å kunne uttrykkje seg på sitt eige språk, og at det ikkje blei undervist i samisk språk på skulen. Då kom forkortinga ČSV på banen, som betyr «Leve alt som er samisk!»

Etter denne diskusjonen blei det gitt ut meir samisk litteratur, og det blei oppretta eigne forlag for samisk litteratur. Lyrikk, som er dikt og poesi, er den viktigaste sjangeren innafor samiskspråkleg litteratur.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fra Internatskolen for Flyttsame-barn. Liten gutt foran tavlen holder en pekestokk.
Fra Internatskolen for Flyttsame-barn. Liten gutt foran tavlen holder en pekestokk.

Den moderne bølgja av samisk litteratur

Paulus Utsi er ein viktig person i den moderne bølgja av samisk litteratur som starta på 1970-talet. Utsi var ikkje berre poet, men lærar og reinsame òg. Han jobba òg som reingjetar og var dyktig i handverk, spesielt i duodji, som er tradisjonelt samisk handverk.

Paulus Utsi stikker hodet smilende utfra teltduken med en pipe i hånda
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Giela giela

I 1974 gav han ut ei diktsamling kalla Giela giela. Etter at han var død, heldt kona hans, Inger Utsi, fram med å gi ut fleire bøker med tekstane hans.

Som mange andre samar på den tida, opplevde Paulus Utsi urettferdig behandling frå norske styresmakter. Han var reinsame, og den gang var  det vanleg at reinsamene tendre bustad etter årstidene for å gi reinflokkane gode beiteområde.

Som barn budde Utsi og familien hans i Noreg om sommaren og i nærleiken av grensa til Sverige og Finland om vinteren.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Tvangsflytt frå eigen heim

Etter at unionen mellom Sverige og Noreg ble oppløyst i 1905, blei det veldig vanskeleg for reindriftssamane å flytte reinflokkane sine over grensene. Det blei innført lover som sa at samar frå Sverige ikkje fekk bruke beiteområde i Noreg. Derfor blei familien til Utsi tvinga til å flytte til samebyen Jokkmokk.

Då Utsi blei vaksen, budde han ved Luleelva, og han opplevde at svenske styresmakter bygde store vassmagasin i Lulevassdraget. Dette førte til at han blei tvinga til å flytte fleire gonger.

Det var vondt og vanskeleg for Utsi og familien hans å sjå korleis styresmaktene utnytta naturen og tok beitelandet som samane trong for å oppretthalde reindrifta.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Utsi – ein viktig føregangsfigur

Utsi var ein av dei samiske poetane som starta bølgja av samisk litteratur på 1970-talet. Han har vore ein viktig leiarfigur for seinare samiske forfattarar. Nokre av dikta hans er gjort om til songar. Eit av dei mest kjente dikta hans, «Goahtoeanan», er nesten som ein nasjonalsong for samane i Sverige.

Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Litteratur for å belyse

Utsi, som mange andre forfattarar, brukte litteraturen til å snakke om urettferd i samfunnet. Han skreiv om korleis norske og svenske styresmakter behandla samane på ein urettferdig måte.

Men i tillegg til dette handlar dikta til Utsi òg om gode kjensler som står i kontrast til urettferda. Han skriv om kor mykje han elskar naturen, som er veldig viktig i den samiske kulturen. Han skriv om gjetarhunden, kalven, fjellvatn og vidda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Reinsdyr med stort gevir i snølandskap
Reinsdyr med stort gevir i snølandskap

Slepp ikkje det liv du har arva

Slipp ikke det liv du har arvet
Hold det fast med hele ditt jeg
Retten til det landet du har mistet

Paulus Utsi lever ikkje lenger, men det gjer litteraturen hans! Tekstane hans fortel om korleis samane elskar naturen rundt seg. Dei er stolte, men også triste fordi dei ikkje kan leve på same måten som før.

Utsi beskriv korleis urbefolkninga har kjempa mot norske og svenske styresmakter. Han skriv om sorga dei kjende då dei mista så mykje, maktelausa når det blir tatt avgjerder som var til skade for deira måte å leve på, og saknet etter det landet som ein gong var deira eige.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Kjelder:

  • Gaski, Harald; Skåden, Sigbjørn; Fredriksen, Lill Tove: samisk litteratur i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 5. september 2023 fra https://snl.no/samisk_litteratur
  • Skåden, Sigbjørn; Fredriksen, Lill Tove: Paulus Utsi i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 5. september 2023 fra https://snl.no/Paulus_Utsi

 

Bilde- og videorettar:

    1. Foto: Joma, L. K. (CC BY-SA 4.0)
    2. Sv. A. Børretzen / Aktuell / NTB
    3. www.tjallegoahte.se
    4. Getty Images