Leve alt som er samisk!

Samane er den norske urbefolkninga i Noreg. Sjølv om mange samar lever akkurat som alle andre nordmenn, ber samane på ein heilt eigen kultur med tradisjonar, levesett, språk, klede, mat, musikk og litteratur. Denne artikkelen handlar om ein sentral samisk forfattar, Paulus Utsi.

Accessibility icon Leve alt som er samisk!

Litteraturen som eit talerøyr

Menneske har alltid skrive om dårlege ting som har skjedd i samfunnet. Samane har opplevd mykje urettferd gjennom historia. Men heldigvis har nokre av dei samiske forfattarane prøvd å fortelje historiene om dette i tekstane sine. No kan vi lære om dei triste tinga som har skjedd ved å lese dei gamle samiske tekstane.

📷  Tjaalehtjimmie, av Joma, L. K.

I Noreg har vi klart å ta vare på gamle tekstar heilt tilbake til det som blir kalla norrøn tid. Men det er dessverre ikkje så mange bevarte tekstar frå den samiske litteraturen. Før 1900-talet var det ikkje så mange samiske forfattarar. Kvifor er det slik, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Leve alt som er samisk!

På 1970-talet begynte folk å snakke om kvifor det var så få samiske forfattarar. Dei snakka om kor viktig det er for menneske å kunne snakke på sitt eige språk, men at barna ikkje lærte samisk på skulen. Så kom det ei forkorting som heiter ČSV, og ho betyr «Leve alt som er samisk!»

Etterpå begynte det å bli meir samisk litteratur, og det blei laga eigne forlag som berre gav ut samiske bøker. Den viktigaste typen samisk litteratur er dikt og poesi, som blir kalla lyrikk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fra Internatskolen for Flyttsame-barn. Liten gutt foran tavlen holder en pekestokk.
Fra Internatskolen for Flyttsame-barn. Liten gutt foran tavlen holder en pekestokk.

Den moderne bølgja av samisk litteratur

Paulus Utsi var ein viktig person i den moderne samiske litteraturen på 1970-talet. Han var ikkje berre poet, men lærar og reinsame òg. Han dreiv òg med samisk handverk, som blir kalla duodji.

Paulus Utsi stikker hodet smilende utfra teltduken med en pipe i hånda
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Giela giela

I 1974 kom diktsamlinga Giela giela, den einaste boka han gav ut mens han levde. Etter at han døydde, heldt kona hans, Inger Utsi, fram med å gi ut fleire bøker med tekstane hans.

Paulus Utsi og mange andre samar opplevde urettferdig behandling frå styresmaktene. Utsi og familien var reinsamar, og dei flytte rundt etter årstidene for å finne gode beiteområde for reinen sin. Utsi og familien budde i Noreg om sommaren og nær grensa til Sverige og Finland om vinteren.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Tvangsflytt frå eigen heim

Etter at unionen mellom Sverige og Noreg ble oppløyst i 1905, blei det veldig vanskeleg for reindriftssamane å flytte reinflokkane sine over grensene.

Det kom lover som sa at samar frå Sverige ikkje fekk bruke beiteområde i Noreg. Derfor måtte familien til Utsi flytte til samebyen Jokkmokk.

Då Utsi blei vaksen, budde han ved Luleelva, og han såg at dei svenske styresmaktene bygde store vassmagasin i Lulevassdraget. På grunn av dette måtte han flytte fleire gonger. Det var veldig trist og vanskeleg for Utsi og familien hans å sjå korleis styresmaktene utnytta naturen og tok beitelandet som samane trong for å ta vare på reinen sin.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Utsi ein viktig føregangsfigur

Utsi var ein av dei viktigaste samiske poetane på 1970-talet. Nokre av dikta hans er gjort om til songar. Et av dei mest kjente dikta hans, «Goahtoeanan», er nesten som ein nasjonalsong for samane i Sverige.

Utsi skreiv om norske og svenske styresmakter si urettferd overfor samane. Han ville vise at det var feil. Men han skreiv òg om fine ting. Han skreiv om samane sin kjærleik til naturen og om gjetarhunden, kalven, fjellvatn og vidda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Litteratur for å belyse

Utsi skrev om urettferdighet mot samene begått av norske og svenske myndigheter. Han ville vise at det var feil.

Utsi  skrev også om fine ting. Han skrev om samenes kjærlighet til naturen og om gjeterhunden, kalven, fjellvann og vidda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Reinsdyr med stort gevir i snølandskap
Reinsdyr med stort gevir i snølandskap

Slepp ikkje det liv du har arva

Slipp ikke det liv du har arvet
Hold det fast med hele ditt jeg
Retten til det landet du har mistet

Paulus Utsi lever ikkje lenger, men det gjer litteraturen hans! Paulus Utsi skreiv om eit urfolk som elska naturen. Dei var stolte, men også lei seg fordi dei ikkje lenger kunne leve slik dei hadde gjort. Utsi fortalde om kampen deira mot styresmaktene, som tok frå dei så mykje.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Kjelder:

  • Gaski, Harald; Skåden, Sigbjørn; Fredriksen, Lill Tove: samisk litteratur i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 5. september 2023 fra https://snl.no/samisk_litteratur
  • Skåden, Sigbjørn; Fredriksen, Lill Tove: Paulus Utsi i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 5. september 2023 fra https://snl.no/Paulus_Utsi

 

Bilde- og videorettar:

    1. Foto: Joma, L. K. (CC BY-SA 4.0)
    2. Sv. A. Børretzen / Aktuell / NTB
    3. www.tjallegoahte.se
    4. Getty Images