Leve alt som er samisk!

Samane er den norske urbefolkninga i Noreg. Sjølv om mange samar lever akkurat som alle andre nordmenn, ber samane på ein heilt eigen kultur med tradisjonar, levesett, språk, klede, mat, musikk og litteratur. Denne artikkelen handlar om ein sentral samisk forfattar, Paulus Utsi.

Accessibility icon Leve alt som er samisk!

Litteraturen som eit talerøyr

Til alle tider har menneske brukt skriving som ein måte å synleggjere skuggesider i samfunnet på. Dette gjeld òg den samiske litteraturen. Samefolket har opplevd både diskriminering og urettferd. Dette har fleire samiske forfattarar forsøkt å formidle gjennom tekstane sine. I dag får vi innsikt i dette vonde kapittelet i historia ved å lese eldre samiske tekstar.

📷  Tjaalehtjimmie, av Joma, L. K.

I Noreg har vi bevarte tekstar heilt tilbake til norrøn tid. Dette gjeld ikkje den samiske litteraturen. Det har vore få samiske forfattarar før 1900-talet. Kvifor er det slik, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Leve alt som er samisk!

I 1970-åra oppstod det ein debatt om kvifor det var så få samiske forfattarar. I debatten blei det lagt vekt på at menneske har eit behov for å uttrykkje seg på sitt eige språk, og at samisk ikkje var ein del av språkopplæringa i skulen. Forkortinga ČSV blei lansert, og ho står for «Leve alt som er samisk!»

I etterkant av dette blei det eit oppsving i utgivinga av samisk litteratur, og eigne samiske forlag blei oppretta. Det er lyrikken som er den mest sentrale sjangeren innanfor samiskspråkleg litteratur.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fra Internatskolen for Flyttsame-barn. Liten gutt foran tavlen holder en pekestokk.
Fra Internatskolen for Flyttsame-barn. Liten gutt foran tavlen holder en pekestokk.

Den moderne bølgja av samisk litteratur

Vi kan seie at det var Paulus Utsi som starta den moderne bølgja av samisk litteratur i 1970-åra. Utsi var fødd i 1918 i Troms, og døydde i 1975, berre 57 år gammal. I tillegg til å skrive poesi arbeidde Utsi både som lærar og reingjetar. Han var også ein dyktig handverkar som dreiv med duodji.

Paulus Utsi stikker hodet smilende utfra teltduken med en pipe i hånda
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Giela giela

I 1974 kom diktsamlinga Giela giela, den einaste boka han gav ut mens han levde. Utsi skreiv tekstane sine på nordsamisk. Etter at han døydde, blei det gitt ut fleire bøker i samarbeid med kona til Utsi, Inger Utsi.

Som mange andre samar på denne tiden opplevde Paulus Utsi å bli urettferdig behandla av norske styresmakter. Han var reinsame. For reinsamene den gang var det vanlig å flytte på seg og bytte bosted etter årstidene slik at reinflokkene hadde gode beiteområder.

Som barn budde Utsi og familien i Norge om sommaren og på grensa til Sverige og Finland om vinteren.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Tvangsflytt frå eigen heim

Etter unionsoppløysinga mellom Sverige og Noreg i 1905 blei det svært vanskeleg for reindriftssamane å halde fram med å flytte over grensene med reinflokkane sine. Det kom blant anna ei lov som sa at svenske samar ikkje hadde rett til å bruke beiteområde i Noreg. Familien til Utsi blei derfor tvinga til å flytte til samebyen Jokkmokk.

Som vaksen budde Utsi ved Luleelva og opplevde at svenske styresmakter bygde vassmagasin i Lulevassdraget. Dette førte til at han blei tvangsflytt fleire gonger. Utsi og familien livnærte seg på reindrift, og det var svært tøft for han å sjå korleis styresmaktene utnytta naturen og stal beiteland samane trong for å oppretthalde reindrifta.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Utsi – ein viktig føregangsfigur

Utsi var altså ein av dei samiske poetane som sparka i gang bølgja av samiske litterære utgivingar i 70-åra. Han har vore ein viktig føregangsfigur for samiske forfattarar som kom etter. Fleire av dikta hans er blitt til songar, og diktet «Goahtoeanan» har nesten fått status som nasjonalsong for svenske samar.

Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Litteratur for å belyse

Som mange forfattarar har gjort til alle tider, brukte Utsi litteraturen for å kaste lys over urettferd i samfunnet. Fleire av tekstane hans handlar om det maktmisbruket norske og svenske styresmakter utøvde overfor samefolket.

Men poesien til Utsi er også full av gode kjensler som står i kontrast til urettferda. Kjærleiken til naturen er ein viktig del av den samiske kulturen, og det kjem tydeleg fram i diktinga hans.

Han skriv om gjetarhunden, kalven, fjellvatn og vidda. Og han viser til typiske delar av den samiske levemåten som reinslede, telt, reinmerke og reiskapsveske.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Reinsdyr med stort gevir i snølandskap
Reinsdyr med stort gevir i snølandskap

Slepp ikkje det liv du har arva

Slipp ikke det liv du har arvet
Hold det fast med hele ditt jeg
Retten til det landet du har mistet

Paulus Utsi lever ikkje lenger, men det gjer litteraturen hans! Tekstane blir ståande som sterke skildringar av eit urfolk som elskar landet sitt og naturen. Som er stolte, men også fortvila over at moglegheita til å leve slik dei har gjort i hundrevis av år, er tatt frå dei.

Utsi skildrar den årelange og tøffe kampen urbefolkninga har måtta kjempe mot norske og svenske styresmakter. Han skriv om sorga over alt det samiske folket mista, avmakta han kjende når det blei tatt avgjerder som skadde den samiske levemåten, og saknet etter landet samane ein gong hadde kalla sitt eige.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Samisk ornamentikk
Samisk ornamentikk

Kjelder:

  • Gaski, Harald; Skåden, Sigbjørn; Fredriksen, Lill Tove: samisk litteratur i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 5. september 2023 fra https://snl.no/samisk_litteratur
  • Skåden, Sigbjørn; Fredriksen, Lill Tove: Paulus Utsi i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 5. september 2023 fra https://snl.no/Paulus_Utsi

 

Bilde- og videorettar:

    1. Foto: Joma, L. K. (CC BY-SA 4.0)
    2. Sv. A. Børretzen / Aktuell / NTB
    3. www.tjallegoahte.se
    4. Getty Images