Mellomkrigstida

Tida mellom 1. og 2. verdskrigen blir kalla mellomkrigstida. Perioden var prega av dårleg økonomi og høg arbeidsløyse over heile verda. Mellomkrigstida varte frå 1918 til 1939. Åra bar preg av at fredssamtalane etter første verdskrigen ikkje gav stabil fred i Europa.

Mange vestlege land var redde for korleis kommunismen kunne spreie seg. Dette som følgje av den russiske revolusjonen og ei veksande arbeidarrørsle. I land som Tyskland og Italia gav denne frykta grobotn for fascisme og nazisme.

I mellomkrigstida vart fleire imperium oppløyste. Desse vart erstatta av nye nasjonalstatar. Både Storbritannia og Frankrike beheldt koloniane sine. I Nord-Amerika kom eit børskrakk i 1929. Det gjorde det vanskeleg å byggje opp landet etter 1. verdskrigen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kart over Europa i papir stil
Kart over Europa i papir stil

Russland

Mange frå Russland vart drepne under 1. verdskrigen. Den russiske hæren mangla god leiing. Til slutt slutta mange soldatar å lystre ordre. I staden for å gjere det dei fekk beskjed om, reiste dei heim. Landet var prega av hungersnaud, og mange svalt og fraus i hel. I byane streika og demonstrerte folk for eit betre liv.

I russiske byar samla streikande arbeidarar seg i grupper. Dei vart kalla sovjet. Her vart det diskutert kva ein ønskte for framtida. Mange var misnøgde med tsaren og den russiske nasjonalforsamlinga, dumaen.

Arbeidarane gjorde opprør. Tsaren måtte gå av i mars 1917. Hendinga  vart kalla «februarrevolusjonen» sjølv om det var i mars. Sovjetunionen brukte den julianske kalenderen som framleis var februar. Tsaren og familien hans vart avretta eitt år seinare.

I 1917 kom Vladimir Lenin tilbake til Russland. Han hadde vore i utlandet i mange år. Han leidde ei gruppe som kalla seg bolsjevikane. Dei kalla seg seinare kommunistar.

Bolsjevikane ønskte eit meir rettferdig samfunn. Dei meinte at arbeidarane skulle ha makta og rett til å bestemme over seg sjølve. Jorda skulle bli eigd av alle. Alle skulle få brød. Bolsjevikane danna ein hær, og ei natt arresterte dei heile regjeringa.

Lenin danna ny regjering. Dei bestemte at dei skulle ha kontroll over industri og handel. Då Lenin døydde, overtok Josef Stalin makta. Stalin betyr stålmannen.

Lenin hadde arbeidd for at alle skulle eige jorda saman og bestemme over eigne liv. Stalin bestemte kva som skulle bli dyrka på jorda. Han bygde mange nye fabrikkar. Stalin var redd for opprør og for å miste makta. Han begynte då å avrette alle som var imot han! Det blir kalla eit terrorregime.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Februarrevolusjonen 1917 i Russland
Februarrevolusjonen 1917 i Russland

Italia

Italia hadde òg høg arbeidsløyse etter 1. verdskrigen. Nokre stader tok arbeidarane kontroll over fabrikkane. Det var mykje uro, og mange var redde. I mellomkrigstida danna Benito Mussolini «Det nasjonale fascistpartiet». Det jobba for at Italia skulle bli stort og mektig igjen.

Hæren til Mussolini marsjerte mot Roma og kravde avgangen til regjeringa. Det førte til at Benito Mussolini vart statsminister. Han vart sitjande ved makta til 1943. Mussolini vart landets diktator. Det førte til mykje vald og terror i landet. Folka kunne ikkje lenger snakke fritt. Fascistane ville ikkje ha demokrati. Dei var motstandarar av sosialisme og kommunisme.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Benito Mussolini leder marsjen i Rome
Benito Mussolini leder marsjen i Rome

Tyskland

Tyskland fekk det svært vanskeleg etter 1. verdskrigen. Dei måtte betale store erstatningar og gi frå seg landområde. Folk var fattige. Det var vanskeleg å finne arbeid og mat. Men Tyskland brukte arbeidsløysa til å byggje opp infrastruktur og tungindustri.

Leiinga i landet krangla seg imellom. Dei gjorde lite for at innbyggjarane skulle få det betre. Tyskarane ønskte seg derfor nye leiarar. Dette gjorde at Adolf Hitler fekk makta i landet. Han lova å skape endringar slik at tyskarane fekk eit betre liv. Hitler hata overklassen og kommunismen. Aller mest hata han jødane. Han meinte desse hadde mykje av ansvaret for dei dårlege tidene i Tyskland.

Hitler var nazist. Nazistane meinte at den ariske rasen var betre enn andre, og at dei ariske måtte styre verda. Dei med arisk rase var blonde, gjerne med nordisk utsjånad. Hitler meinte at den ariske rasen var overmenneske.

Nazistane var imot demokrati. Samfunnet skulle underordne seg partiet. Parti og stat var derfor ei eining. Hitler ønskte å skape eit heilt nytt og sterkt Tyskland. Han kalla det for Det tredje riket. Han fjerna alle som var imot han då han fekk makta. Han sørgde for at det berre vart partiet hans som styrte.

Det hemmelege politiet, Gestapo, arresterte alle dei trudde var imot Hitler. Hitler vart diktator i Tyskland. Jødane fekk det svært dårleg i Hitlers Tyskland. Dei hadde nesten ingen rettar. Dei vart forfølgde og trakasserte heile tida, og mange vart drepne.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Tyskere gir nazihilsen
Tyskere gir nazihilsen

Mellomkrigstida i Noreg

I Noreg mista mange jobben sin i mellomkrigstida. Det var fordi fabrikkane laga fleire varer enn dei selde. Fabrikkane måtte ha færre tilsette eller stengje. Bøndene fekk heller ikkje selt varer. Mange måtte selje gardane fordi dei ikkje kunne betale gjeld. Det var stor arbeidsløyse.

Mellomkrigstida var ein periode med stor økonomisk ustabilitet. Ein har brukt uttrykt “dei harde trettiåra” om krisene i mellomkrigstida. Ein av fire heimar måtte i denne perioden få fattighjelp minst éin gong.

Tidlegare hadde ein berre partia Høgre, Venstre og Arbeidarpartiet i Noreg. Under mellomkrigstida vart det danna fleire politiske parti. Til dømes Bondepartiet og Kristeleg Folkeparti. Vidkun Quisling danna partiet Nasjonal Samling. Dei støtta nazismen. Tenk deg sjølv som politikar på denne tida. Kva ville du ha endra på for å skape ein betre kvardag for innbyggjarane?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Stabbur omgitt av snø, skiløpere og slede spent for hest.
Stabbur omgitt av snø, skiløpere og slede spent for hest.

Kjelder:

Godbolt, James: Mellomkrigstiden i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 1. september 2022 frå
https://snl.no/mellomkrigstiden

UiO (01.09.22) Krisetid. De harde trettiåra?
https://www.norgeshistorie.no/forste-verdenskrig-og-mellomkrigstiden/1604-Krisetid.-De-harde-trettiara.html

Wikipedia (01.09.22) Mellomkrigstiden
https://no.wikipedia.org/wiki/Mellomkrigstiden

Egge, Åsmund: Bolsjeviker i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 1. september 2022 frå
https://snl.no/bolsjeviker

Wikipedia (01.09.22) Børskrakket i 1929  https://no.wikipedia.org/wiki/B%C3%B8rskrakket_i_1929

Egge, Åsmund: Den russiske revolusjon i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 1. september 2022 frå
https://snl.no/Den_russiske_revolusjon

Masteroppgave HVL (01.09.22) Demokrati og diktatur i tysk mellomkrigsalder https://hvlopen.brage.unit.no/hvlopen-xmlui/bitstream/handle/11250/2766879/Opedal.pdf?sequence=1

Thorsen, Dag Einar: Nazisme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 1. september 2022 frå
https://snl.no/nazisme

Wolff, Elisabetta Cassina: Fascismen i Italia i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 1. september 2022 frå
https://snl.no/fascismen_i_Italia

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Ukjent, George Shuklin
    3. Shutterstock
    4. Shutterstock
    5. Norsk Industriarbeidermuseum