Sivilisasjonens vogge

Ordet «Mesopotamia» betyr «landet mellom elvene», som også beskriv  korleis regionen ligg til. Elvene heiter Eufrat og Tigris, og dei renn gjennom det som i dag er Tyrkia, Irak og Syria. Jordsmonnet var svært fruktbart og gav gode avlingar, sjølv med minimal nedbør. Folket i Mesopotamia blei dyktige bønder og bytte avlingane mot ressursar dei mangla, som byggjemateriala tre, metall og stein.

Mesopotamia var ikkje berre eitt folk, men fleire sjølvstendige bystatar og folkegrupper. Dei blei einige om blant anna ei felles styreform, eit felles skriftspråk og arbeidsfordeling. Dette skulle bli blant kjenneteikna til ein sivilisasjon.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ein rik kultur

I Mesopotamia auka velstanden då produksjonen av mat blei organisert. Det førte til at utviklinga innan til dømes teknologi og kultur gjekk raskare. Religion stod sterkt i Mesopotamia, og dette var noko som foreina alle folkegruppene og statane. Religionen gav folk eit felles sett med levereglar, og kongen var avhengig av velvilje frå gudane.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!