Smaken er som baken – han er delt
Smaken er som baken, han er delt. Det er sikkert og visst. Det er ikkje alt vi smaker på, og vi held oss til det trygge. Nokon må berre smake på alt. Vi er veldig ulike når det gjeld matvanar. Ingenting er rett og gale, men det kan jo vere lurt å smake på litt av kvart. Det kan jo hende at du har gått glipp av noko som blir din neste favoritt!
Smaking
Grunnsmakane
Grunnsmakane var lenge søtt, salt, surt og bittert. Men så kom ein femte smak: umami.
Umami er eit japansk ord som betyr velsmakande. Asparges, tomatar, ost, sopp, mjølk og kjøt er døme på matvarer som smaker umami.
Vil det dukke opp fleire grunnsmakar i framtida? Kva slags smak er til dømes lakris eller feitt?
Sopp
Kor på tunga smakar vi?
Tunga vår kan skilje mellom alle mogelege smakar. Vi har fem grunnsmakar:
- Søtt kjenner vi ytst på tungespissen
- Salt kjenner vi på ein noko større del av tungespissen
- Surt kjenner vi bakover og på sida av tunga
- Bittert kjenner vi bakarst på tunga
- Umami kjenner vi nesten over heile tunga
Smakssansen
Smak kjem frå sansecellene som er på tunga. Desse blir kalla smaksløkar.
Smaksløkane er fordelte utover tunga. Kvar smaksløk inneheld 50–100 smaksceller. Smakscellene er ekspertar til å reagere på éin av dei fem grunnsmakane: surt, salt, søtt, bittert og umami.
Klarer du å skilje mellom ulike smakar viss du held deg for nasen?
Gutt smaker på mat
Luktesansen
Menneske har 10 millionar luktesansceller i nasen. Vi klarer å skilje mellom 4000– 10 000 ulike dufter. Lukt er ein viktig del av matopplevinga. Du har kanskje merka at «tennene spring i vatn» når du kjenner god matlukt? Luktesansen avslører òg når mat er dårleg. Då kan vi bli kvalme, og då lèt vi vere å ete.
Lukte pizza
Brunost
Kjelder:
- Forskning.no (15.09.21): Bevist: smaken er som baken
https://forskning.no/biofag-biologi-menneskekroppen/bevist-smaken-er-som-baken/1072367
- Forskning.no (15.09.21): Analyserer seg fram til gode smaker
https://forskning.no/kjemi-mat/analyserer-seg-fram-til-gode-smaker/538910
- Forskning.no (15.09.21): Smaken for umami
https://forskning.no/menneskekroppen-mat/smaken-for-umami/769989
- Umami i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 2021 M09 15 frå
https://snl.no/umami
- Forskning.no (15.09.21): Ny smak for fett
https://forskning.no/menneskekroppen/ny-smak-for-fett/1034251
- Jansen, Jan K.S.; Glover, Joel: Smakssans i Store norske leksikon på snl.no
Henta 2021 M09 15 frå
https://sml.snl.no/smakssans
- Winther, Finn Ø.: Luktesans i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 2021 M09 15 frå
https://snl.no/luktesans
- Forskning.no (15.09.21): Hvorfor endrer smaken vår seg med alderen?
https://forskning.no/mat-menneskekroppen-spor-en-forsker/hvorfor-endrer-smaken-var-seg-med-alderen/1707283
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-