Vår vakre verd – Afrika

Verda vår består av tallause unike, mystiske og vakre stader. Naturen har igjennom millionar av år forma landskapet rundt oss, og vi menneske har busett oss og krydra landskapet med storslegen arkitektur og vakker kunst. I denne artikkelen ser vi på nokre få eksempel frå Afrika. Dette er ti av dei mest spesielle stadene på kontinentet.

Ørken i Marokko
Ørken i Marokko

1. Sahara | Afrika

Sahara er større enn USA, dekker meir enn 9,2 millionar kvadratkilometer i ti land og strekker seg over nesten ein tredel av det afrikanske kontinentet. Det vil kanskje overraska deg at det faktisk berre er den tredje største ørkenen i verda, etter Antarktis og Arktis. Men han er verdas største varme ørken.

Ørkenen består faktisk ikkje berre av sand. Det er også enorme område som er dekte av eit steinplatå som blir kalla hamada, i tillegg til ufruktbare fjell. Mellom klippene er det relativt små område med sanddyner. Dei mest imponerande av desse finn vi i Marokko.

Sanddynene i Erg Chebbi i Marokko er teknisk sett ein del av ei subsaharisk steppe og ikkje ein ekte ørken, men dei gir eit ganske godt inntrykk av det ekte Sahara, som ligg mykje lenger sør. Dei stig dramatisk opp frå kanten av landsbyen Merzouga og held fram mot horisonten i alle retningar. Sanddynene er rundt 40 kilometer lange og går 8 kilometer frå aust til vest. Det er eit hav i fargar som varierer frå rust til rosegull, avhengig av når på døgnet du observerer dei, og dei bølgjar til høgder på rundt 150 meter.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sahara-ørkenen
Sahara-ørkenen

2. Kilimanjaro | Tanzania

Det er kanskje ikkje så rart at Kilimanjaro er ein populær topp å stiga opp på. Med eit toppunkt 4900 meter frå fjellets fot og 5895 meter over havnivået vil du verkeleg kjenna at du er på toppen av verda. Den sovande vulkanen som ligg i nasjonalparken Kilimanjaro i Tanzania, trekker til seg 25 000 klatrarar kvart år. Han ragar over snøgrensa, og dei tre vulkanske kjernene Kibo, Mawenzi og Shira er krona med det kvite pudderet. Her finn ein òg regnskog, fjellørken, hei og dyrka mark.

Høgt der oppe blir ein lurt av avstandane. Sjølv om noko ser nært ut, kan det ta eit par timar å gå dit. Det gir eit inntrykk av kor stort fjellet er, med hòlene og ryggane sine. Med alle dei ulike plantene og dyreartane ein kan møta i dette overveldande landskapet, er Kilimanjaro rett og slett idyllisk og ei kjelde til livsglede.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kilimanjaro og elefanter
Kilimanjaro og elefanter

3. Spitzkoppe | Namibia

Namibia er eit land med endelause horisontar, utemma ørkenar og afrikansk villmark. Sjølv i geologisk forstand er dette eit eldgammalt land. Vest i Namibørkenen, midt i eit enormt slettelandskap, stig ei gruppe nakne granittoppar opp. Det dannar eit naturleg monument som er så primitivt at ein har brukt det til filminnspeling – som staden der mennesket oppdaga reiskapar.

Dette er Spitzkoppe, eller «spiss kuppel», ein oase med raudlege, avrunda bornhardt-toppar som strekker seg 1784 meter til vêrs. Fjellet har fått kallenamnet «Afrikas Matterhorn» og er eit mekka for klatrarar. Det blei forma for 700 millionar år sidan, og for 130 millionar år sidan eroderte det til den draumeøya vi ser i dag.

Sanfolket, som var jegerar og sankarar 2000 år f.Kr., etterlét seg steingjenstandar og klippekunst som truleg førestiller ritual for å skaffa regn. Regnet forvandla slettene rundt Spitzkoppe og dei tilgrensande Pontok-fjella til livgivande beiteland.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

4. Victoriafalla | Zambia og Zimbabwe

Sjølv før ein er framme ved Victoriafalla – det spektakulære, 108 meter høge fossefallet i Zambezielva sør i Afrika – ser ein dei høge vasstrålane som går 500 meter opp i den solfylte lufta. Du vil òg høyra buldringa frå vatnet som fløymer over kanten på eit enormt basaltplatå. Ikkje rart at det opphavlege namnet på dette unike skuet var Mosi-oa-Tunya, som bokstaveleg tala betyr «røyken som buldrar».

Victoriafalla fekk det noverande, mest kjente namnet sitt frå den skotske misjonæren og oppdagaren David Livingstone tilbake i 1855, som ei hylling til dronning Victoria av Storbritannia. Fossefallet skrevar på begge sider av grensa mellom Zambia og Zimbabwe. Elva grensar mot låge sandsteinsåsar og omdannar ei roleg elv til ein buldrande foss med meir enn 500 millionar kubikkmeter vatn som dundrar ned i ei kløft.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

5. Pyramidane | Egypt

På verdsbasis er det sju stader som husar ei eiga gruppe klassiske monument. Desse er beundra for sin storslegne konstruksjon og sin historiske verdi. Kolossen på Rhodos, Babylons hangande hagar, fyrtårnet i Alexandria, mausoleet i Halikarnassos, Zevs-statuen i Olympia, Artemis-tempelet i Efesos og dei store pyramidane i Giza utgjer verdas sju underverk.

Mens alle underverka var imponerande i si samtid, er det berre eitt av dei som stort sett er intakt i dag. Dette meisterverket fra oldtida er også det eldste av alle sju, eit imponerande og fengslande bevis på kongeleg takksemd som tronar på eit platå sørvest for Egypts kjende hovudstad Kairo: dei store pyramidane i Giza.

Dette fascinerande underverket består av tre kalksteinspyramidar: Kheopspyramiden, Khefrenpyramiden og Menkaurapyramiden. Ved sida av desse ligg Sfinksen, som blei dedisert til ein ukjend, egyptisk kongeleg. Kheopspyramiden er den eldste og største av dei tre i nekropolen Giza, med sine 138,8 meter. Ifølgje ekspertane tok det 20 år å bygga han, og han stod truleg ferdig i 2560 f.Kr. Ein trur det var den andre herskaren i det fjerde dynastiet, farao Khufu, som herska mellom 2609 og 2584 f.Kr., som gav ordre til å bygga han.

Pyramiden blei bygd på ein så spissfindig måte at ein i fleire tusen år trudde han var bygd av utanomjordiske, sjølv om det er meir truleg at Kheops’ vesir Hemiunu var arkitekten. Men mange diskuterer framleis teknikkane som blei brukte under bygginga, og ekspertar har rekna ut at dei måtte heisa opp rundt 800 kalksteinsblokkar kvar dag i den steikande sola.

Det er eit fantastisk eksempel på arkitektonisk genialitet, og i nesten 4000 år var den store pyramiden det høgaste byggverket i verda bygd av menneske, heilt til skyskraparane byrja veksa fram. Den store pyramiden var opphavleg kledd med stein som gav han ei glatt overflate, så det vi ser i dag, er den underliggande kjernestrukturen.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Pyramidene i Egypt
Pyramidene i Egypt

6. Table Mountain | Sør-Afrika

Når ein ser ut over Sør-Afrikas hovudstad Cape Town fra det velkjente Table Mountain på ein solfylt dag, får ein ei spektakulær panoramautsikt over nesten alt dette landet har å by på. Du ser ikkje berre resten av nasjonalparken Table Mountain National Park, der det velkjente landemerket ligg, men du ser Table Bay, fjellkjeda Dei tolv apostlane, hamneområdet Victoria & Albert, Mitchells Plain og Cape Flats.

Det skal òg vera mogleg å sjå Robben Island, den berykta fengselsøya der no avdøde president Nelson Mandela sat fengsla. Du kan i tillegg sjå Cape Town Stadium frå fugleperspektiv. Det blei bygd til VM i fotball i 2010.

Kappklippegrevlingen er eit vanleg syn på Table Mountains Dassie Walk, og på folkemunne blir han kalla dassie. Han er eit lite pelsdyr som høyrer til Procavia-familien. Sjølv om han liknar på ein liten hare, er han faktisk eit hovdyr som er i slekt med elefanten. På Table Mountain er det òg piggsvin, mungoar, slangar, øgler, skjelpadder og ein sjeldan stadeigen amfibieart som berre finst her: spøkelsesfrosken.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Table Mountain i Sør-Afrika
Table Mountain i Sør-Afrika

7. Serengeti | Tanzania

1,5 millionar gnuar dundrar over slettene i Serengeti i Tanzania, aust i Afrika. Dei er ute på ein 1931 km lang tur til dei grøne engene i viltreservatet Maasai Mara i nabolandet Kenya. Det er den største forflyttinga av dyr i verda, og gnuen er ikke aleine. Dei får følgje av tusenvis av sebraer og thomsongaseller. Det er eit verkeleg overveldande og utruleg syn, og definitivt eit av livets og naturens under.

Nasjonalparken Serengeti er eit imponerande viltreservat som blei etablert i 1951 og som fekk UNESCOs verdsarvstatus 30 år seinare. Det er eit eineståande vakkert område, men det har også vore kontroversielt opp gjennom åra – ikkje minst for den britiske kolonimakta si avgjersle om å flytta masaifolket frå landet deira – men motivasjonen var å ta vare på dyrelivet, og det har dei verkeleg lykkast med. Her held den største bestanden av løver i verda til, og du kan òg sjå afrikansk leopard, afrikansk savanneelefant, spissnashorn og afrikansk bøffel.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Serengeti i Tanzania
Serengeti i Tanzania

8. Tsingy de Bemeraha | Madagaskar

Madagaskars steinkatedralar er naturens under og ein metropol for utrulege skapningar. Madagaskar er ein ekstraordinær stad. Det er den fjerde største øya i verda og heim for tallause stadeigne artar. I tillegg har øya hundrevis av innfødde fuglar, froskar, øgler, krypdyr og insekt. Dette biomangfaldet har gitt øya kallenamnet «det åttande kontinentet». Nasjonalparken Tsingy de Bemaraha er heilt spesiell, sjølv etter madagassisk målestokk.

Blant alle dei ulike landskapa i landet er dette det mest uvanlege; ein skog av stein, med karakteristiske «kalksteinskatedralar» der det lever nokre verkeleg iaugefallande dyr. Karstlandskapet blir kalla «tsingy», som fritt omsett betyr «ein stad der ein ikkje kan gå berrføtt» eller «gå på tå».

Det blei danna av skjel og korallar for 200 millionar år sidan, og kalksteinsformasjonane steig opp frå havbotnen før dei eroderte i regnvatnet for fem millionar år sidan. Resultatet er eit enormt landskap med spisse, taggete og skarpe steintårn, ispedd tre som stig opp fra bakken.

Denne UNESCO-verdsarvstaden er så ugjennomtrengeleg at det meste kunne ein ikkje evaluera før på 1990-talet, då The Antsika Association blei etablert for å hjelpa landet med å verna og verdivurdera dette fantastiske området. Dei samarbeidde med madagassarane for å montera eit nettverk av via ferrata-stålkablar, -pluggar og -stigar, og trente opp lokale guidar så dei kunne losa turistane trygt rundt.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Tsingy de Bemaraha i Madagaskar
Tsingy de Bemaraha i Madagaskar

9. Lalibela | Etiopia

For å forstå kor spesiell Lalibela i Etiopia er, må du først forstå historia. På 1100-talet bestemte kong Gebre Mesqel Lalibela seg for å bygga det han kalla eit «nytt Jerusalem». Avgjersla fall etter at dei muslimske erobringane hadde stansa kristne pilegrimsreiser til Det heilage landet.

Cirka 645 kilometer frå Addis Abeba blei det hogd ut elleve monolittiske kyrkjer i fjellet med monolittiske dører, vindauge, søyler, golv og tak. Dette enorme prosjektet blei endå meir intrikat med ein omfattande labyrint av dreneringsgrøfter og seremonielle passasjar, blant desse nokre som hadde opningar mot eremitthòler og katakombar.

Kyrkjene blei delte i to hovudgrupper: fem blei bygde på nordsida av Jordanelva, mens dei seks andre blei bygde på sørsida. Den ellevte kyrkja – Bete Giyorgis, Sankt Georgs hus – ligg litt unna dei andre, men er knytt til dei via eit system av handgravne grøfter. I dag blir staden driven i fellesskap mellom staten og kyrkja, og framleis er det eit stort samfunn av prestar og munkar som lever der. På heilagdagane i den etiopiske kalenderen valfartar tusenvis av pilegrimar dit kvart år.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Lalibela i Etiopia
Lalibela i Etiopia

10. Nilen | Afrika

Det er få opplevingar ein kan samanlikne med eit cruise langs verdas eldste elv. Denne tittelen blir ofte gitt til Amazonaselva, men Guinness rekordbok oppgir at denne tittelen høyrer til Nilen, sidan Amazonaselva har fleire munningar som gjer det vanskeleg å fastslå kvar ho endar. Med ei total lengde på 6695 kilometer som strekker seg mellom Victoriasjøen og Middelhavet, og vatn som renn ut i ho frå elleve ulike land, er Nilen utan diskusjon den lengste elva på det afrikanske kontinentet.

Sjølv om ho vanlegvis blir assosiert med Egypt, er det berre rundt ein femdel av elva som passerer gjennom det landet. Det er uansett mykje å sjå langs Egypts strekning av Nilen. Her er det høge og låge fjell, tørre ørkenar og tropiske regnskogar. Ein kan venta å sjå eit stort utval av gamle egyptiske ruinar, i tillegg til fleire kulturelle og historiske landemerke.

Langs ei strekning av Nilen i Uganda ligg den vakre nasjonalparken Murchison Falls. Parken er den største i landet og heim for ei overflod av eksotiske dyr, blant desse løver, krokodiller, flodhestar og sjiraffar. Her er det òg eit imponerande fossefall på 42 meter.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nilen i Afrika

Kjelder:

  • 101 steder du må oppleve (før du dør) (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images